Viser innlegg med etiketten messe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten messe. Vis alle innlegg

søndag 6. desember 2015

Førjulstid


Den siste boka eg har fått som hobbyambassadør, er Førjulstid av Tone Merete Stenkløv og Miriam Nilsen Morken. Framsidebildet er akkurat i mi gate, og sidan eg er så betatt av pinnar og kvistar, såg eg veldig fram til at boka skulle lande i postkassa.
No var det ikkje så mykje kvistar inni boka, men veldig mange fine og koselege ting og gode idéar over 169 sider, så eg blei i alle fall ikkje skuffa.
Denne boka skal få følgje meg gjennom 2016 og inspirere meg fram til neste jul. På sida til Hobbyklubben går det an å bla i boka for å få eit inntrykk. Anbefalast!


Kvistar og natur var også med meg på Rådhusmessa i Molde.


Ugleopphenga er årets idé, 
og konglekransane laga eg for første gong i fjor.  
No er eg spent på kva idé eg får neste år.


Ingen blir like når naturen styrer.


Kvistenglane var ein idé som dukka opp då eg jobba med Naturprosjektet mitt i 2012/2013, 
Alle får si personlegheit her også.


I denne førjulstid så blir det litt pynting og dilling. Men kvar skal ein gjere av ting, når adventspynten tek over? Bjørkekransen med roser og husbjelle heng på ytterdøra til vanleg, men måtte vike for lyskransen. Men så prøvde eg å henge den utanpå det hekla hjertet på døra til badet. Til saman blei dei no riktig bra, så då blei det eit lagringsproblem mindre;)

søndag 1. november 2015

Salgsmesse i Midsund


I helga arrangerte Midsund Husflidslag salgsmesse,
og det er kjekt å delta på heimebane. 
Eg likar som vanleg å dra naturen inn i mykje av det eg lagar. 
Her er det konglekransar, ugler i oppheng av kvistar og kvistenglar,
i tillegg til sydde bilder.


Nåleputer, engel med lys og sydde bilder på lerret.


Det var vanskeleg å få eit skikkeleg oversiktsbilde,
men her er pinnetre og ulike sydde mapper også.
Ein del av har eg vist på bloggen tidlegare, 
og dei nyaste tinga kjem eg tilbake til i andre innlegg.


Sidan det er Allehelgensdag i dag, 
fekk eg lyst å lage bjørkehjerte til å legge på grava.


Det meste av pynten plukka eg ute, 
men nokre få bær er kunstige slik at det held seg fint lengre.


Det eine skal på grava til mi søster,
og det andre til min far. 
Lysa blåste dessverre berre ut i vinden på gravplassen. 
Til jul skal eg bytte ut pynten med litt granbar og slikt.

mandag 2. februar 2015

Rådhusmessa


No kom eg på at eg har ikkje blogga om Rådhusmessa i Molde, som var 29. november. 
Endå eg hadde kongen som den høge beskyttar! Og jammen var han til god hjelp også, for sidan vi ikkje kunne henge opp på veggane, fekk eg feste litt til ramma hans.


Det var første gong eg deltok på Rådhusmessa. Mange deltakarar var spreidde utover den store salen, men eg skilte meg nok litt ut med alle naturtinga mine. Det er sjølvsagt ikkje alle som likar så røffe og spesielle ting, men uansett var det mange fine kommentarar å få. Greia mi er å lage ting som andre ikkje har. Eg hadde litt andre ting til salg også då;)


For å få plass til alt, måtte eg prøve å få ting opp i høgda også. 
Her har eg laga ei trapp av skuffer opp-ned, og ei oppslagstavle på toppen av dei igjen. 
Til slutt blei heile byggverket kamuflert av ein duk. Så kunne eg slå stiftar gjennom duken og oppslagstavla og henge opp ein del av tinga, og stable ting opp gjennom trappa. 
Synest sjølv at det var ein god idé;)


Det er ikkje lett å å lage utstilling med så mange  ulike og til dels skjøre ting.
For ikkje å snakke om pakking og frakting før og etter. Men med god hjelp kom eg i mål denne gongen også.


Rakk akkurat å kome meg bak bordet i det dørene blei opna for publikum.
Rart kva ein rekk når tida er knapp.


Eg blei eigentleg fornøgd med standen og utnytting av plassen.


Og det var kjekt å ha Birgitte ved nabobordet. Ho både strikkar, heklar, syr og designar eigne mønstre for sal. Birgitte har gitt ut mønstre i det nye året også, så eg vil anbefale eit besøk på bloggen hennar, Birgittes forglemmegei. 

Det er kjekt for mor og datter å ha handarbeid som hobby, Sjølv om vi har ulik stil og lagar forskjellige ting, er vi kvarandre sin kritikar og gode rådgivar og hjelpar. Og begge lagar ting av eigen design. Eg reknar med at begge kjem til å delta på messer neste haust også. 
Takk til dei som står på og arrangerer! Eg veit det er veldig mykje arbeid.

søndag 16. november 2014

Julemesse


I dag har eg vore på julemesse på Nesjestranda. 
Det var så vanskeleg å få med heile standen samla, så eg legg ut fleire glimt. 
Og med meg går det no mykje i natur. 








Standen min var i eit hjørne, datter mi hadde sine ting ved sida av. 


Og ho har laga mykje fint. Strikking, hekling og saum i eigen design. 
Heilt fremst er mønster ho har laga for salg. Alle er ikkje publiserte endå, men dei kjem snart på både Raverly og bloggen hennar, Birgittes forglemmegei. Stikk innom og ta ein nærare kikk.

Det er triveleg å vere på messe, og om to veker er vi i Molde.

søndag 9. november 2014

Fuglar


Fuglar likar eg å bruke i ulike samanhengar, og det blei nokre fugleting også til messa. 
Dette er ein liten gladfugl, som sit på si grein og kvitrar til alle som går forbi.


Det er eit lite oppheng, med bjørkekvistar sydd på veldig tjukk filt. 
Må innrømme at det er ikkje det lettaste eg har prøvd ut i naturprosjektet mitt, 
og fleire nåler knakk under sying av kvistane.


Men eg blei fornøgd då fuglen kom på plass:)


Ein fugl fekk også plass i dette heklahjartet.


Den kan ønskje deg velkommen, eller henge på dodøra og vise veg kanskje;)
Nesten som den ser litt trengt ut sjølv.


Kor det går med denne fuglen, får vi ikkje vite. 
Den greier aldri å bestemme seg.


Men her kjem ein blomst til deg! 
Og ein til far sidan det er farsdag i dag.


Desse fuglane flaug raskt avgarde, så eg må nok lage nokre til.


Denne er til deg,


fordi du er den du er. 
Takk for at du stikk innom meg, og ta godt vare på deg sjølv!



søndag 2. november 2014

Julemesse


I år bestemte eg meg for å delta på julemesse, og først ut var heime på Midsund i dag. 
Her kjem nokre oversiktsbilete, og så skal eg blogge meir om dei ulike tinga etter kvart. 
Eg har produsert ein god del ulike ting, og mykje er kombinert med naturmateriale.


Englar i ulike variantar, kransar med hekla roser, sydde bilder, og boks til tennbrikettar er med her. Ein del av det har eg blogga om tidlegare.


Kvistenglar i ulike fargar fekk sveve på toppen. 


Her er pinnetre, hekla hjerter og bjørkehjerte.


Det er vanskeleg å få full oversikt, men her er i alle fall eit forsøk. 
Fleire av tinga har fått nye eigarar no, og det er veldig kjekt;) 
Så får eg produsere meir til neste messe, som er på Rådhuset i Molde 29. november.




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...