No kom eg på at eg har ikkje blogga om Rådhusmessa i Molde, som var 29. november.
Endå eg hadde kongen som den høge beskyttar! Og jammen var han til god hjelp også, for sidan vi ikkje kunne henge opp på veggane, fekk eg feste litt til ramma hans.
Det var første gong eg deltok på Rådhusmessa. Mange deltakarar var spreidde utover den store salen, men eg skilte meg nok litt ut med alle naturtinga mine. Det er sjølvsagt ikkje alle som likar så røffe og spesielle ting, men uansett var det mange fine kommentarar å få. Greia mi er å lage ting som andre ikkje har. Eg hadde litt andre ting til salg også då;)
For å få plass til alt, måtte eg prøve å få ting opp i høgda også.
Her har eg laga ei trapp av skuffer opp-ned, og ei oppslagstavle på toppen av dei igjen.
Til slutt blei heile byggverket kamuflert av ein duk. Så kunne eg slå stiftar gjennom duken og oppslagstavla og henge opp ein del av tinga, og stable ting opp gjennom trappa.
Synest sjølv at det var ein god idé;)
Det er ikkje lett å å lage utstilling med så mange ulike og til dels skjøre ting.
For ikkje å snakke om pakking og frakting før og etter. Men med god hjelp kom eg i mål denne gongen også.
Rakk akkurat å kome meg bak bordet i det dørene blei opna for publikum.
Rart kva ein rekk når tida er knapp.
Eg blei eigentleg fornøgd med standen og utnytting av plassen.
Og det var kjekt å ha Birgitte ved nabobordet. Ho både strikkar, heklar, syr og designar eigne mønstre for sal. Birgitte har gitt ut mønstre i det nye året også, så eg vil anbefale eit besøk på bloggen hennar, Birgittes forglemmegei.
Det er kjekt for mor og datter å ha handarbeid som hobby, Sjølv om vi har ulik stil og lagar forskjellige ting, er vi kvarandre sin kritikar og gode rådgivar og hjelpar. Og begge lagar ting av eigen design. Eg reknar med at begge kjem til å delta på messer neste haust også.
Takk til dei som står på og arrangerer! Eg veit det er veldig mykje arbeid.
Flott utstilling! Jeg mener jeg har sett Birgitte sin stand på bloggen hennes. Koselig for dere å ha felles interesse for handarbeid. Mor og jeg har bestandig likt å strikke, og på slutten mor levde hadde vi mang en god samtale rundt en selbuvott.
SvarSlettØnsker deg en fin mandagskveld!
Klem fra Uvdal
Flott stand og mange fine ting du har laga. Likar at du satsar på ting som ikkje alle har, det gjer eg også sjølv om det blir litt andre ting også innimellom. Det er ikkje så lett å selge dei mest spesielle tinga, men guri kor gøy det er når ein får solgt noko av det!
SvarSlettKjekt at du har dottera di ved di side og felles interesser.
Artig at du lager innlegg om Rådhusmessa, jeg har alt fått påmelding til neste gang ! Da gjenstår det å se om vi orker å arrangere messe i år også:)
SvarSlettSå kjekt! Og ekstra kjekt når du har så kjekk dame på nabobordet!
SvarSlettNyt februar :-)
Dere lager mye fint begge to. Det er moro å følge dere her i bloglandia! :o)
SvarSlettKjekt at mor og datter har same interesser. Ikkje så rart heller eigentleg :)
SvarSlettFlott utstilling du hadde.
Ynskjer deg ei fin februarveke.
Spennende og flott utstilling du viser. Koselig men mangfoldet på messer.
SvarSlettSå flinke og kreative damer begge to!!
SvarSlettSå fin utstilling du hadde! Nå har jeg også vært inne og kikka på bloggen til din datter. Mye fint der også! Tusen takk for at du vil være med på Give awayen min. :-)
SvarSlett