Viser innlegg med etiketten Blogglotteri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogglotteri. Vis alle innlegg

søndag 7. september 2014

Premiar både hit og dit


Norsk Quilteforbund ønskjer småting som premiar på lotteri dei skal ha på Norsk Quiltefestival på Gardermoen og Jule-Expo på Lillestrøm. Molde Quiltelag skal sende nokre ting, og eg tok med ei frisk nålepute. Det kan vere nyttig for dei som ikkje quiltar også;)


Ja, berre stikk den;)


Denne toalettveska blir også med. 
Den er stødig og er sydd av eit quilta stykke av japanske stoff.


Dekoren er eit stoffbilde, blonde og ei hekla rose.


Og så har eg fått premie også! Ei strikkebok med mønster på klutar, to maskehaldarar og eit koseleg kort frå Rigmor Volden. Rigmor har ein fin og variert blogg som heiter Hverdagssysler. Stikk innom og bli inspirert!


Tusen takk, Rigmor! No kan eg strikke klutar til premie;) Og premien min passa så godt her;)
Eg håper det endå kan bli mange fine dagar i hagen. Hausten har i alle fall hatt ein fin start her.





lørdag 4. januar 2014

Premie til deg?


Bloggen min har fylt to år, og i forrige innlegg lova eg eit blogglotteri, -eller give-away som det som oftast blir kalla i bloggverda;)  Premien denne gongen er eit oppheng til Post-it-blokka. 
Det er min eigen design. Motivet er frihandsquilta med symaskina på ullfilt. Sjølve lommeopphenget er sydd av to ulike bomullstoff med vatt mellom, og dekorert med band, knappar og fleirfarga tråd.


Eg leitar så ofte etter Post-it-blokka, for det er så lett å ta med heile blokka i staden for lappen eg har notert på. No får blokka sin eigen plass, og den koselege fuglen kan minne meg om at eg skal hugse å legge blokka tilbake;)


Og om eg hugsar å henge pennne på plass også, så er det mykje enklare når eg skal notere noko i full fart, -og før eg gløymer det;)


Lappane kan også samlast oppi her, om du hugsar å kikke oppi av og til då;) 
Eller opphenget kan brukast til rekningar, som du skal hugse å betale:)
Eller kanskje du heller vil bruke den til kort og brev?


Har du lyst å vinne dette opphenget?
Du får eit lodd for kvar av desse tinga:
Legg igjen ein kommentar under her.
Er eller blir følgjar av bloggen min.
Legg meg i bloggrollen din.
Deler dette innlegget via facebook eller blogg (link i sidefeltet eller innlegg)
Bruk det siste bildet.
Du kan altså få 4 lodd.

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar, og hugs namn eller e-post om du ikkje har eigen blogg, slik at eg kan kontakte deg om du blir trekt ut som vinnar. 
Trekning blir 19. januar.

(Om du ikkje er vant til å kommentere på blogg, så står det ei forklaring nederst når du trykker på kommentarer. Berre spør om du lurer på noko.)

Då gleder eg meg til å sjå kven eg kan sende denne gåva til.
Nyt helga!





lørdag 30. mars 2013

Vinnar og Vannbakkels-svanar


Vinnaren av lotteriet mitt er kåra. Det må feirast med Vannbakkels-svanar.
Tusen takk til alle deltakarar og for alle hyggelege kommentarar! Så herlege lesarar eg har! Og VELKOMMEN til nye følgjarar. Det er sikkert ikkje så lenge før eg kjem med eit nytt lotteri:)

Eg lærte å lage svanar av vannbakkels då eg hadde husstell valfag på ungdomskulen. Då var dei fylte med krem og hermetisk pære. I anledning påska blei dei fylte med gul appelsinkrem.


Røra er laga slik: Kok opp 2,5 dl vatn. La 125g smør smelte oppi. Rør i 125g kveitemjøl, og kok "klumpen" under stadig omrøring i 2 minutt. Etter litt avkjøling: -ha i 1 egg og rør kraftig før neste egg has i. Gjenta dette med 4 egg. Røra skal være blank og nesten halde formen på plata.

Ha litt av røra i ein pose og sprøyt S-form på bakepapir. Det skal bli svanehalsen. Steik dei ved 200 gr i ca 7 minutt.

Sett toppar på bakepapir av resten av røra. Bruk to skeier. Steik ved 200 grader i 20 minutt. 
NB!!! Døra må ikkje opnast før dei er (nesten) ferdige, for då vil dei falle saman. Eg brukar å sette omnsdøra på gløtt når dei er ferdigsteikte, slik at dei blir avkjølte inni omnen. 


Appelsinkremen laga eg slik: Bruk skall og saft av ein appelsin. Bland dette i ei gryte saman med 4 eggeplommar og 100 gr sukker. La det tjukne over svak varme. Rør heile tida med ei tresleiv.


Når appelsinkremen er kald, blandast den med 2-3 dl fløte som er piska til krem.


Del bollane, og topplokket skal delast på midten igjen til vinger. Fyll holrommet med krem, legg på vingane og stikk svanehalsen i kremen så den står. Dryss på litt melis. Velbekomme!


Og den eg feirar er Ingunn med bloggen Bundingen!!! Gratulerer!! Ein verdig vinnar som eg føler at eg nesten kjenner gjennom bloggkontakt:) Både Ingunn og bloggen hennar er så koseleg, og så er ho så flink å legge igjen hyggelege kommentarar. Send meg adressa di Ingunn, så kjem øyenstikkaren flygande til deg:)

Fortsatt GOD PÅSKE til deg som kjem innom her:) Vi har eit strålande påskevér! 

fredag 29. mars 2013

Trekning laurdag og vinnerlykke


I morgon kl 21 er det trekning på blogglotteriet mitt, så det er endå tid om du vil delta. 

I ventetida vil eg vise kor stor mi vinnarlykke har vore i det siste! Tre fine premiar har funne vegen til meg:)
Strikkeboka "Maske for maske" har eg fått frå bloggen Tones ting og tang. Ho strikkar så mykje fint! Så ta gjerne eit koseleg bloggbesøk til henne:)


Dette flotte fatet kjem frå nettbutikken Oppebøen interiør, tekstil og media, og eg vann det på ei trekning på facebooksida til Tips og inspirasjon til hjemmet. Der er stadig nye tips og konkurransar med flotte premiar:) Det er ei side som er kjekk å like:)


Og frå bloggen til Misemors hobbyrom vann eg to retrostoff. Misemor er er ei aktiv dame som både heklar, strikkar, syr og har produkt for sal, så det er lurt å ta ein tur til henne:)

Tusen, tusen takk til alle tre for fine gevinstar!


Og no er eg veldig spent på kven som får øyenstikkaren min! Den er flygeklar, og ventar no på å få vite i kva retning den skal flyge:) Minner igjen om trekninga i morgon!


mandag 2. juli 2012

Vinnaren er klar;)


Då har eg funne vinnaren som kan ta vare på fuglane mine;)  Ho har nok massevis av hjarterom, og husrom har dei sjølve;)


Tusen, tusen takk til alle deltakarar, for gode ord og kommentarar, og for at de stikk innom bloggen min;) Sidan eg fekk tilbake følgarfunksjonen på bloggen, har 16 nye lagt seg til, så no er det 78 følgarar:) Riktig velkomne til alle saman. Og det blei trekt 125 lodd på dette lotteriet mitt.

Eg skulle gjerne hatt ei hylle til alle, men det går nok ikkje. Men Margit med den fine bloggen Quiltetankar skal få denne! Send meg adressa di på mail, Margit!
Så til alle som dessverre ikkje vann no, så kan eg fortelje at eg kjem tilbake med eit anna lotteri om ikkje så lenge;)

tirsdag 26. juni 2012

Blogglotteri med meg


Endeleg kan eg invitere til blogglotteri, eller Give Away;) Eg annonserte det då eg hadde hatt 10.000 besøk, men så forsvann følgarfunksjonen med meg. No har eg blogga i nesten 6 månader,  hatt ca 14.000 besøk, fått 676 koselege kommentarar, og har 64 kjekke følgarar. Tusen takk til alle som stikk innom bloggen av og til, og ikkje minst til dei som legg igjen gode og oppmuntrande ord! Eg føler at eg har blitt "kjent med" mange flotte personar. Derfor vil eg no lodde ut denne hylla/veggdekorasjonen. 
Hylla på toppen er ca 45x10 cm, og høgda på det heile er 31cm.


Dette er ein del av naturprosjektet mitt, så derfor har eg brukt både stoff, tråd, greiner, bark, perler og garn. Eg var spent på om eg fekk til fuglen på ein pinne, som står rett ut , og det gjekk bra;) 




Har du lyst å vinne? Eg har laga denne til ein/ei som legg igjen ein kommentar på dette innlegget. Alle kan delta, og trekninga blir måndag 2. juli kl 21.00.  Reglane er slik: 


1 lodd for å skrive ein kommentar. (Anonyme må skrive e-postadresse, så eg når deg om du vinn;)
1 lodd for å vere / bli følgar på bloggen min.
1 lodd for å linke til meg på bloggen din. Bruk det øverste biletet. (Eller dele på anna måte)
1 lodd for å legge meg i bloggrullen din.

Skriv kor mange lodd du tar;) No er eg spent på kven som blir eigaren! Gleder meg;)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...