Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg

mandag 29. februar 2016

Fargerik


I 2014 var fargerike og kreative Charlotte med i 
barnekonkurransen i Norsk Quilteforbund for første gong. 
Teppet "I min hundehage" blei presentert i dette innlegget.


Jenta i hengekøya er henne sjølv, 
og eit slikt hår vil ho ha ein gong, sa ho då.


Og no, to år seinare, har draumen blitt oppfylt. 
Morsomt og målbevisst.


Litt seinare kom ho med nye striper. 
No på tvers;)

lørdag 7. november 2015

Ugler i posen og Hobbyklubben


I haust har Molde Quiltelag hatt ei ny utfordring. 
No fekk vi ein stoffbit som måtte brukast til minst ein blomst, og ellers stod vi fritt.
Med meg blei det ein pose med ugler på.


Og sidan eg er glad i å skrive fritt med symaskina,
måtte det bli "Ugler i posen". Både pose og motiv er eige design.


På baksida blei det større blomster av stoffet, 
og skyggequilting rundt for å få posen stødigare.


Resten av stoffbiten blei løpegang.
Og forstoffet er sjølvsagt med ugler, for det er jo ugler i posen.


I eit tidlegare innlegg fortalde eg at eg hadde blitt valgt ut til å vere Hobbyambassadør
for Hobbyklubben. Det er så kjekt;)
Ein ny bokpakke kom dalande i postkassa. Og her var bl.a. ein vekeplanleggar.
Det er ulike teikningar på kvar side, og dei er klare til å fargeleggast om ein vil det.


For meg er det inspirerande berre å bla i sidene. Når det i tillegg er felt å notere i for kvar dag, 
men utan datoar, så har den eit større bruksområde. Perfekt for meg.


I bokpakken var det også julekort, to filtpennar og ei flott bok med sjarmerande motiv.
Alt klart til fargelegging.


Ingen blir vel overraska over at alt er av Fam Irvoll. 
Herlege strek. 
Besøk Hobbyklubben og bli inspirert du også! 
No gleder eg meg stort til neste bok, som heiter Førjulstid, og ser ut til å vere 
midt i blinken for meg med kvistar, greiner og heimlaga pynt..


søndag 29. mars 2015

Ny seier i quiltekonkurransen


I år som i fjor, var det Charlotte Inderhaug frå Tøndergård skole i Molde som vann quiltekonkurransen for barn under Norsk Quiltetreff på Sundvollen 20.-22.mars.


Tittelen på oppgåva frå Norsk Quilteforbund var Lappemagi, 
og hennar teppe heiter "Min magiske sjel".


Det var JA med ein gong eg spurte om ho ville delta i år også. 
No visste ho kva det innebar, 
og kor tidkrevjande det er, men gløden var der med ein gong.
Det tok ikkje lang tid før ho hadde si skisse på eit A4-ark, 
og det har heller ikkje vore mange avvik frå den opprinnelege idéen.


Charlotte var også bestemt på at bakgrunnen skulle vere 
gråsvart. Det er begrensa kor stort utval ein skule kan ha av quiltestoff,
så eg tok med ein del frå mitt lager som ho kunne velgje i. 
Etter eit lite kurs med sying av trekantar, var ho i gang.


Og etter at bitane var pusla til ønska mønster,
fekk ho ha bordet ståande i ein krok, slik at alt kunne ligge til
alle bitane var sydd saman. 


Om det er trangt om plassen, så veit ho råd.


Vatt og bakstykke er på plass, 
og no skal dama applikerast på.


Og så skal signaturlappen festast på baksida.


Som i fjor er bakstykket frå rektor sine gardiner, 
og då var hund hovudtema på teppet.


Lukkekanten skal syast på, og så er det tid for detaljar og siste finish.


Ansiktet har ho brodert for hand.
Montering av hår skapte litt grublerier.


Men der hadde ho også ei løysing.
Tyll blei sydd over garnet.


Og så brukte ho ein heklekrok til å dra trådar ut gjennom tyllen.

 

Ho skal bli frisør må du vite. 


Dei siste detaljane blir sydd på. 
Her ligg også skissa og den forstørra arbeidsteikninga.


Magiske strålar av farga snorer frå handflata.


Tatoveringane har ho frihandsquilta.


Mange symbolske charms er sydd opp gjennom strålane.


Vesten er av ei dongeribukse og eit gamalt frynseband.
Redesign høyrer med.


Endeleg ferdig og mange ville sjå før det skulle sendast inn til konkurransen.
Det er utruleg mange arbeidstimar som ligg bak.


Mange lovord blei med på vegen, 
og det har ho jammen fortent.


Charlotte er utruleg kreativ og skapande, 
og som lærar har eg sett kor ho har utvikla seg med bruk av symaskina. 
Eg håpar at ho får bruke talentet sitt vidare.
"Min magiske sjel" passar til henne også;)

I august skal teppet delta i utstilling og konkurranse under ein stor
quiltefestival i Birmingham saman med barneteppe fra andre land.


Her er frå utstillinga og lappen til Charlotte sitt bidrag. 
Det er flott at NQF arrangerer konkurranser for barn, for det er med å auke kunnskapen om lappesaum og quilting, og det rekrutterer nye quiltarar. 
Eg har sjølv hatt med elevar til denne konkurransen fire gonger, og det har vore veldig givande både for dei og for meg som vaksenperson. 

Om du vil sjå Charlotte sitt bidrag frå i fjor, ligg det HER. 
Og HER kan du sjå artikkel om henne i Romsdals Budstikke.




mandag 31. mars 2014

Artikkel, bloggfrokost og nytt premieteppe

                                                                                                           Foto: Bjørn Brunvoll
Først vil eg rette ein stor takk for alle kommentarar og hyggelege tilbakemeldingar frå innlegget om Charlotte sitt vinnarteppe. Etter seieren hadde vi besøk av lokalavisa Romsdals Budstikke på formingsrommet på Tøndergård skole. Fredag stod det ein fin artikkel i avisa om Kreative Charlotte. Biletet over er frå rbnett.no, og eg veit at eg har lova å vise meir frå formingsrommet, så her er ein liten smakebit. Skal komme tilbake til det. Charlotte hadde på seg ein redesigna vest etter kjøp av t-skjorte og vest frå Fretex. HER er link til avisinnlegget.


På Norsk Quiltetreff i Kristiansand, var eg på bloggfrokost saman med trivelege quiltedamer. Vi deler erfaringar. og prøver å tipse og hjelpe kvarandre med bloggting. Besøk gjerne dei andre damene også. Dei lagar mykje fint.

Her er ansiktene bak følgande bloggar: Frå venstre Sølvi sin bloggverden, meg med Edny sine puslerier,  Crisp Quilt,  Anne-Maries Quilt,  Lises Hobbyblogg,  Evas Quiltehjørne, Lappe-Grete,   a Quilt Lady,  Litt a hvert Gudveig HN.


Og så må eg ta med vinnarteppet i NQF sin konkurranse "Lady og Landstrykerer", åpen klasse.
Eit utroleg flott handverk av Sølvi L. Krokeide. Til meir eg studerte, til fleire ørsmå detaljar dukka opp. For eit arbeid!! Ho sa sjølv at at det kan ikkje reknast i timar, men i månader.


Her er eit klipp av hovudmotivet. Den grå sokken på avisa på bakken, er f.eks strikka!! 

Det var veldig mykje fint å sjå på utstillingane. Det er noko heilt anna og kunne studere quiltane på nært hald, men bileta gir eit inntrykk.

tirsdag 25. mars 2014

1.plass til "I min hundehage"


Charlotte Inderhaug frå Tøndergård skole gjekk av med seieren i årets konkurranse for barn 
i Norsk Quilteforbund.
Ho er ei utruleg kreativ jente, og sa ja då eg spurte om ho ville delta. Det var nok meir arbeid enn ho var klar over, men eg trur ikkje ho angrar på innsatsen no.


Tema for oppgåva var "I min hage", og ho var fast bestemt på at det skulle vere både hundar og hundehus.
Det er veldig arbeidskrevjande å sy eit så stort teppe, og det måler ca 100x75cm. 
Ho hadde det som eit prosjekt der ho brukte timar i forming, valfag, matematikk og norsk, var av og til igjen etter skoletid, og hadde det med heim.


Planlegginga og utvelging av stoff og tilbehør er ein viktig del.


Innsatsen kan ikkje klagast på.
Bakstykket, som stikk fram i fronten, er dei gamle gardinene frå rektors kontor.


Skjæreutstyr er godt å ha.


Vi drog til Syskrinet når vi fann ut kva som mangla.


Hovud"personen" er Nala. Ho er sydd av pels frå Charlotte sin eigen hund. 
No ligg Nala og drøymer om mat og bein. Hundehuset er "lafta" og har never på taket. 
Eg viste frihandsquilting, og ho øvde litt på ein lapp, før ho quilta både på marka og skyar på himmelen. Blomstrane og boblene er også frihandsquilta. Veldig bra gjort med så lite trening.


Hundelenka er frå eit smykke.


Sola er frå eit gardinstoff, og ho har sydd band og perler på strålane.
Hengekøya er spent opp på pinnar, og med musikk og bok er det berre å nyte livet. 
I blomsterbedet pilar mus, som katten jaktar på. 


Detaljane er på plass, og boka har til og med fått sidetal.


Den minste hunden leikar med ballar.


Katten er stolt av fangsten, og musa er livredd.
Trebitane til stien er limt på.


Før pakking og innsending var det mange som ville studere og beundre.


Og eg og Charlotte er letta og glade for at ho kom i mål.


 Charlotte har lært nødvendige teknikkar undervegs, og det er ikkje tvil om at ho har anlegg for både quilting og andre formingsteknikkar. 


Her er frå utstillinga, og på lappen står det både nummer, namn og tittel.
Det var artig å overhøre kommentarane då eg gjekk rundt blant utstillingane. 
Sidan eg er medlem i Norsk Quilteforbund, og reiste som leiar i Molde Quiltelag, deltok eg på Norsk Quiltetreff i Kristiansand 20.-23.mars 2014.


Ekstra kjekt var det å kunne ta imot diplomen på avslutninga på vegne av Charlotte.
Og her er den glade vinnaren. No blir teppet sendt til ein stor quiltefestival i Birmingham i august, der det skal konkurrere mot barn frå andre land sine teppe 
Uansett kor det går, er det kjekt å ha slike erfaringar med seg.
Lykke til vidare!



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...