I haust har Molde Quiltelag hatt ei ny utfordring.
No fekk vi ein stoffbit som måtte brukast til minst ein blomst, og ellers stod vi fritt.
Med meg blei det ein pose med ugler på.
Og sidan eg er glad i å skrive fritt med symaskina,
måtte det bli "Ugler i posen". Både pose og motiv er eige design.
På baksida blei det større blomster av stoffet,
og skyggequilting rundt for å få posen stødigare.
Resten av stoffbiten blei løpegang.
Og forstoffet er sjølvsagt med ugler, for det er jo ugler i posen.
I eit tidlegare innlegg fortalde eg at eg hadde blitt valgt ut til å vere Hobbyambassadør
for Hobbyklubben. Det er så kjekt;)
Ein ny bokpakke kom dalande i postkassa. Og her var bl.a. ein vekeplanleggar.
Det er ulike teikningar på kvar side, og dei er klare til å fargeleggast om ein vil det.
For meg er det inspirerande berre å bla i sidene. Når det i tillegg er felt å notere i for kvar dag,
men utan datoar, så har den eit større bruksområde. Perfekt for meg.
I bokpakken var det også julekort, to filtpennar og ei flott bok med sjarmerande motiv.
Alt klart til fargelegging.
Ingen blir vel overraska over at alt er av Fam Irvoll.
Herlege strek.
Besøk Hobbyklubben og bli inspirert du også!
No gleder eg meg stort til neste bok, som heiter Førjulstid, og ser ut til å vere
midt i blinken for meg med kvistar, greiner og heimlaga pynt..
Her dukka det opp nokre søte ugler. Så flott liten pose. Og gratulerer som hobbyambassadør, det høyrest spennande ut. God helg!
SvarSlettUgleposen var berre herleg! Du tryller fram så mykje fint.
SvarSlettHa ein fin laurdag!
Så koselig uglepose du har laget :-)
SvarSlettEt kunstverk av en pose! Riktig fin!
SvarSlettGod lørdagskveld fra Ingunn
Jag tycker att Din påse med ugglor på är charmerande!
SvarSlettDollandesign
Det ble skikkelig fint
SvarSlettFor ein flott pose !
SvarSlettDet er så forseggjort alt du gjer. Ei fryd for auget.
Og ugler er heilt in no. Var på besøk i ei nabohytte der tema er ugle.
Utruleg alt som finst med ugle i sentrum, artig.
Fin kveld frå Anne-Mari
Den var berre så typisk deg, helt lekker:) artig å se hvor mange forskjellige ting som ble laget. Gleder meg alt til neste utfordring:)
SvarSlettKjempefin pose med maaange detaljer og det gjør seg så.
SvarSlettFlotte poser. Kjekt å ha.
SvarSlettklem
Så mye fint du lager :) kjempefine håndarbeider
SvarSlett