Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg

søndag 27. april 2014

Reparasjon av bilsete


Mannen hadde fått hol i bilsetet, og det måtte reparerast. 
Ein skinnlapp blir no visande uansett, så kvifor ikkje gjere litt ekstra ut av det? 
Ein skinnlapp i ei passande gråfarge blei klipt i ein bladfasong, og fekk nervar ved hjelp av ein grov tråd i symaskina.


Skinn er ikkje det beste å sy, men med matpapir under gjekk det fint. 
Det var berre å rive vekk etterpå.


Neste steg blei litt vanskelegare, for setet er både forma og glatt. 
Korleis få lappen til å feste seg utan å halde heilt til limen hadde tørka?
Tape blei ei god hjelp her;)


Ja, ja, det er ikkje alle som har ei slik bot på bilsetet. 
Det er sikkert ingen andre heller.


Her er utgangspunktet etter å ha fått litt fyll og blitt snurpa saman.


Mannen var litt skeptisk til idéen min,men det blei godkjent til slutt;) 
Og eg må innrømme at eg var litt spent på resultatet sjølv også. Kjekt å kunne vere litt kreativ.
Kanskje det kan vere ein idé til andre med flenger i eit bilsete, ein stol eller ein sofa? 
Og eit ekstra tips: Limet som til slutt fungerte var Casco Kontaktlim.

Tusen takk for alle fine kommentarar til innlegget om søster mi. Det varma veldig! 
Eg har dessverre ikkje fått laga premie til blogglotteriet endå, men det skal bli;)
Takk til deg som er innom bloggen min! Ønskjer deg fine dagar.

torsdag 19. juli 2012

Korgstolen blei ny


Denne stolen har stått ute på trappa i fleire år, og har nok tapt seg med åra den også. Likeeins var det blomsterkanna. Begge trengte nok ein makeover.


På Biltema hadde dei ikkje lys sprayfarge i hobbymaling, så eg kjøpte like godt bilmaling. Ei lita presenning fungerte bra som underlag for sprayinga. Undervegs fann eg ut at stolen hadde fleire sider enn eg var klar over, spesielt under;) Men etter nok vridning og vending fekk eg dekt det meste. Metallkanna fekk seg ein omgang også.


2-3 strøk måtte til for å dekkje, og eg måtte investere i ein boks til med billakk. Men stolen blei i alle fall mykje betre;) Eg håper lakken held.


Puta er det aller første lappeproduktet til Birgitte på symaskina. Det var nok i tidleg barneskulealder, og allereie då var ho veldig nøyaktig. Eg hjelpte til med kutting av lappar og litt småtips undervegs, men sying og stryking stod ho for sjølv.  Eg synst puta er koseleg, men eg har fått beskjed om å lage ei ny til stolen;)

fredag 22. juni 2012

Blogghjelp for følgarfunksjonen


Lykkeleg over å ha fått tilbake følgarane mine, vil eg her prøve å legge ut ei enkel forklaring, slik at fleire også kan få hjelp. Då kan du følgje denne engelske linken, som Sylke tipsa meg om.
Eller denne norske forklaringa, som Raymond har vore så snill og laga for meg:


1. Gå til INNSTILLINGER under UTFORMING


2. Endre/rediger Bloggadresse som står under PUBLISERING. Legg bare til en ekstra bokstav i adressen
   f. eks: ednysinepuslerierR.blogspot.com. Så trykker du lagre.


3. Skriv inn den NYE adressen til bloggen i adressefeltet. (Den gamle adressen virker ikke enda)
   Nå skal følgerne være kommet tilbake!


4. Logg ut.


5. Gå tilbake og logg inn igjen. Så gjentar du steg 1 og 2, MEN endrer bloggadressen tilbake til
   den opprinnelige gamle adressen. Trykk lagre.


6. Gå og sjekk bloggen din igjen. Nå skal alt være i orden igjen!


VÆRSÅGOD!

Veit du andre som har mista følgarane sine, så er det berre å tipse om dette innlegget;)
Og no når følgarfunksjonen er tilbake, kjem snart blogglotteriet / Give away`en, som eg lova for ei god stund sidan.

søndag 3. juni 2012

Ednys søndagsfrukostsalat


Eg har lova premiar og blogglotteri, og det kjem, men eg vil vente til sida mi er i orden igjen. Feltet med følgjarar er borte, og det står "finner ikke websiden". Er det nokon som kan hjelpe meg??

Tusen, tusen takk til alle som har lagt igjen triveleg ord under innlegga inne. Eg blir så glad kvar gong det dukkar opp ein kommentar i bloggen min. Når eg opnar for å lese kvar kommentar, er det som ein unge som forventningsfullt opnar pakken sin;)

Det pøsregnar og er surt og kaldt ute, så i staden for å gå tur, fann eg fram diverse frå kjøleskåpet og laga ein salat til frukosten. Eg brukar sjeldan oppskrift, men denne blei så bra, at eg vil skrive den ned, og då kan eg no dele oppskrifta med fleire. Alt er ca-mål!

Bland ca 1/2 beger Creme fraiche, 1/2 pakke majones, litt saft frå lime eller sitron, pepar, litt sukker, urtesalt og ca 2ss lodderogn i ein bolle. Finhakk 1/4 agurk, 1/4 paprika, ein liten bit chili, grasløk og 4 egg. Del nokre druer i fire, skjær 1 pk crabsticks i bitar. Bland alt.


Det smakte kjempegodt på heimlaga brød, som eg fekk med naboen i går;)
Om eg ikkje har det eg treng når eg lagar noko, byttar eg det berre ut med noko anna. Mais, reker og litt purreløk trur eg forresten ville ha passa godt i denne salaten.


Og så vil eg slå eit slag for porselenskniven frå "Porsgrunds Porselænsfabrik". Den er heilt super å skjære frukt, salat o.l. med. Den glir f.eks. rett gjennom druene, som eg har lett for å skvise med ein vanleg kniv. Epler, issalat o.l. blir ikkje så snart brun. Og den er såå god til å dele f.eks. rå kylling- og fiskefiletar i bitar. Men NB!! -den må vaskast for hand, brukast på plastfjøl og oppbevarast i dekselet for å halde seg skarp.

Ønskjer alle ein fin søndag, og så kjem eg med premiar så snart sida mi er i orden;)

søndag 8. april 2012

Tips om stiving og strekking


Denne koselege heklebrikka har eg fått av mor. Eg har endå ikkje funne det perfekte brødfatet å ha den i, så den kjem ikkje heilt til sin rett under bruk. No er den nyvaska og stiva, og eg skal tipse deg om ein veldig grei måte å gjere det på;)



Dukar som er hekla eller strikka, kan stivast med skumma mjølk. Det har eg lært av mor, og det fungerer;) Hell litt skumma søtmjølk i ein bolle, og legg den våte duken oppi der. Snu litt rundt så alt blir dynka, og vri den godt opp etterpå. NB! Duken bør vere våt av vatn først, elles blir den for stiv. Strekk duken utover på eit flatt underlag, og la den ligge til den er heilt tørr.



Og så skal du få eitt tips til;) Nille har slike golvpuslespel av skumplast, og dei kan setjast saman så stort du treng. Her kan du strekke dukar, sjal, små strikkaplagg o.l. Det er lett å stikke nåler i, og eg brukar slike korte kartnåler / "map pins". Her har eg stiva mange dukar samtidig, og dei som som er laus i kanten blir festa med nåler. Dei andre berre strekker eg lett med hendene og drar kantar o.l. ytterst, slik at det ligg fint. Og du lurer kanskje på om det blir surlukt, men tørka mjølk luktar ikkje;)
Eg likar veldig godt denne metoden, for då slepp eg å dampe eller stryke dukane og dei ligg fint.
Men som ei oppklaring; eg brukar ikkje mjølk på klesplagg altså!! Dei er berre fukta med vatn;)



Påska er på hell, men eg tek med litt frå inngangspartiet likevel;)



Velkomne til oss;)

mandag 20. februar 2012

Resirkulering

Slike gamle flasker er populære no. Eg har mange minner frå mjølkeflaskene si tid, og for dei som er ein del år eldre enn eg, var det sikkert veldig kjekt å kunne kjøpe mjølk ferdig tappa på flasker. Og for dei som er ein del år yngre enn meg, kan eg fortelje at vi hadde metallkorger med bur til tre eller fire litersflasker, som vi bar med oss til butikken. Som oftast var det tomme og reinvaska flasker som skulle pantast, til butikken, og fulle heim igjen. Dei små flaskene var til fløte, og hadde oransj metalltopp. Og så var det raude topper på heilmjøl og blå på kefir. Så fargane er i behold endå;) ;) Eg hadde ei stor samling av topper, på same måte som eg samla på serviettar;)  Og når søskenbarnet mitt flytta sørover, fekk eg hennar samling også, for der var det faktisk mjølk på kartongar!! Rart;) Nei, no blei det mykje mimring. Det var eg egentleg kartongar eg skulle skriver om....

Drikkekartongane vart nok minst like godt mottekne når dei kom, for det var berre å kaste dei i søpla når dei var tomme. Og det var kjekt med tanke på alle flaskene som måtte vaskast før oppvaskmaskina sitt inntog i kjøkkenet;) Men så blei det på tide å ta vare på miljøet, og drikkekartongar kan både gjenbrukast og gjenvinnast.


Du kan f.eks. lage deg ei pengbok;) Med ein trykknapp blir dei fine og praktiske.
Trine har laga mange fine;)

Tomme kartongar er supre å fryse kraft, rørte bær o.l. i.
Eller du kan klippe dei ned ein del og bruke dei til hobbymaling, lim, så frø i osv . Det er berre å bruke fantasien.
Eg brukar også å klippe opp sidene og bruke dei som brett til oppskjært pålegg, røkt laks i skiver o.l. som skal frysast.

Men uansett kor kreative vi er, blir det mange kartongar til overs, og dei går til gjenvinning.
Mannen min har ein grei måte å stappe dei på;)


Han tek først to kartongar med innbretten mot kvarandre,


og stappar dei ned i ein tom kartong.


Då er det berre stappe dei neste i ein av ytterkantane, men alltid med innbretten mot midten. Det blir plass til mange kartongar, og dei glir lett nedi, fordi det blir ingen brettekant å stange mot. Om det tjukke vender opp eller ned først, har inga betydning, men varier undervegs for å få plass til flest mogleg.

mandag 13. februar 2012

Oppvask


Eg var så lei av Zaloflasker og oppvaskbørste som låg rundt oppvaskkummen. Så fann eg heldigvis ei litt høg og fin korg som rotet kan samlast i. Ei tom blomsterpotte held oppvaskbørstene på plass.

Den heimstrikka oppvaskkluten og børsta, som ligg i framkant, fekk vi til jul. Ei koseleg og nyttig gåve, som gjer det trivelegare å ta oppvasken;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...