Viser innlegg med etiketten Poser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Poser. Vis alle innlegg

lørdag 6. mai 2017

Pose til hestejente


Ei hestejente treng vel å ta med diverse når ho fartar rundt, 
så då kan ein pose med namn vere grei å ha.



Og så blei det hest på konfirmasjonskortet også.


Namnet er frihandsquilta på ein skinnbit.


Det er tid for konfirmasjonar og kort no.


Og dei kan lagast ganske enkelt.



Her sydde eg på ei pengelomme, og funglestjerten fekk nokre sting også.


onsdag 6. juli 2016

Pose med motiv DIY


Her er endå ein posevariant du kan få framgangsmåten på.
Den er litt større og rommar meir, 
og den passar både til jente og gut.


Skjær to delar hovedstoff og to delar til for
12x13" (ca 30x33cm).
Sy eit motiv på framstykket.
Legg så for og frontar rette mot rette og sy saman i øverkant.
Brett ut og stryk.


Klipp eit hakk inn 2cm frå saumen på begge stoffa.
Hakket skal vere like stort som saumrommet.
Gjer dette på alle fire sidene.
Dette skal bli opningane for snorene.


Brett kantane mot vranga og sy.


Legg delane mot kvarandre rette mot rette. 
Sy rundt kantane på posen og på foret. 
La ei opning på ca13cm vere igjen i foret til vrenging.
Klipp bort hjørna på skrå. 
Vreng posen, dytt ut saumar og hjørne, 
og sy igjen opninga for hand.


Sy ei stikning øverst og ei under opningane.
Bruk ei sikkerhetsnål og trekk gjennom eit band frå kvar side. 
Slå ein knute på endane. 


Posen er klar til bruk.


Liten prinsessepose DIY


Det blei ein liten prinsessepose av stoffet etter barneveska i forrige innlegg. 
No skal du få framgangsmåten på den også.



Skjær motivstoffet 11,5x5,5" (19x7,5cm) 
og foret 11,5x7,5" (28x19cm). 
Foret er større for det blir kant på posen også.
Sy langsidene mot kvarandre rette mot rette.
Brett ut og stryk. (dårlig bilde)


Brett dobbelt. Sett eit merke på 1cm i foret, som skal bli opning for snor. 
Eg tok den 2cm frå saumen for at motivet ikkje skal bli så samansnurpa. 
NB! Det må også vere igjen ca 10cm i botnen for vrenging.
Sy resten av kantane saman.


Dra over saumane med neglen e.l. for at dei skal legge seg finare.
Sy gjerne ned stoffet rundt den lille opninga for hand, slik at stoffet ikkje rufsar seg av bandet.
Vreng posen gjennom den store opninga. 
Dytt ut hjørner og saumar før du syr igjen opninga for hand.


Dytt så foret inn i posen, slik at ein del stikk opp 
og dannar kant øverst.
Sy to stikningar på kvar side av opninga.


Bruk ei sikkerhetsnål og dra ei snor gjennom opninga.
Knyt saman endane.


Så er posen ferdig.


Den kan brukast til oppbevaring av skattar eller hemmelege ting,
og kanskje gøymast i veska.

tirsdag 22. mars 2016

Pose med lukning


Under Norsk Quiltetreff i Trondheim forrige helg, 
gjekk eg på eit kurs for dei som jobbar med barn. 
Annie Eikenes hadde laga materialpakke, for vi hadde så kort tid. 
Eg sydde denne posen med lukning etter at eg kom heim.


Lukninga er i enkelt stoff, 
og resten er vattert. 
Vi skulle egentleg trykke på stoffet, 
men eg fann ein sommarfugl heime som eg har applikert med stoppefoten. 
Mine trykk er prøvelappar, som eg skal vise seinare.


Botnen er sydd inn i sidesaumen.


På enden av snorene har eg sydd på ein skinnbit som avslutning. 
Før det siksa eg saman snorendane. 
Eit tips der er å starte eit stykke innpå og sy mot endane. 
Då unngår du at dei dreg seg inn i maskina.

Regndropar la seg på kameraet. 
Eg rakk ikkje ut mellom bygene.


Så ulike stoff og så spreke fargar hadde eg nok ikkje funne på sjølv,
men det er morsomt og viser at det meste går an å kombinere.

Uansett vér, og kvar du er, 
så vil eg ønskje deg som kikkar innom ei riktig god påske.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...