Min onkel, Kikkan Sættem, fyller 85 år i dag.
Han blir kalla Moldejazzens far, og eg fekk lyst å lage ei gåve med jazzpreg.
Denne flotte bronsestatuen, som står på torget i Molde, inspirerte meg.
Det er Jazzgutten, laga av Nina Due.
Kikkan stod i bresjen for å få etablert Molde internasjonale jazzfestival,
og den har sett Molde på kartet sidan 1961.
Det var ikkje berre enkelt å få store artistar til ein liten by utan flyplass.
Kikkan var festivalpresident i 20 år.
I over femti år har det vore jazztonar over Molde by,
og under festivalveka i juli er det eit yrande folkeliv..
Kikkan er bypatriot, og har betydd svært mykje for byen på mange område.
Rosenes by hadde nok ikkje vore den same utan han.
I dag trur eg jazzguten spelar ein bursdagsmelodi.
Eg gløymer aldri då heile jazzlosjen kom inn i Gildehallen og omkransa
heile festlokalet for å heidre Kikkan på hans 80-årsdag.
Jazzguten er like fin og trufast i både sol og regn.
Den står fjellstøtt og vil prege byen i all framtid.
Den blei gitt som gåve til byen i samband med Molde sitt 250-årsjubileum i 1992.
Gratulerer med dagen, onkel Kikkan!
Håper denne boksen med tennbrikettar vil hjelpe deg å halde varmen i mange år.
Jeg blir like imponert hver gang jeg er her inne på besøk. For en flott og kreativ gave, og ikke minst personlig. Er ikke i tvil om at han kommer til å sette pris på den :)
SvarSlettHilsen fra Anette
Kjempeflott gåve til legenda Kikkan Sættem.
SvarSlettEg kjenner han ikkje personleg, men dei tre åra eg gjekk på skule i Molde for lenge lenge sidan, var han ein me beundra og likte godt.
Gåva må vere midt i blinken !!
Fin ny veke til deg.
Så flott og personleg gåve!
SvarSlettGratulerer!!
Fin veke til deg :-)
Så fin. Denne blir han nok glad for :-)
SvarSlettKreativ, flott og unik gåve! :)
SvarSlettHerlig dekorert og flott motiv :-D
SvarSlett