torsdag 5. januar 2012

No har vi det som fisken i vannet..

 Vi pussa opp badet for nokre år sidan, og då kunne eg endeleg sy teppet eg hadde planlagt lenge. Midtstykket er ein batikk eg kjøpte med Olaugs Quilt. Utifrå bakgrunnsfargane der, prøvde eg å finne ulike fargar stoff til kvar side for å dra fargane meir utover. I tillegg har eg brukt forskjellige teknikkar til rammedelane.
 Heile teppet er frihandsquilta, og etter nokre bobler sydde eg -nå har vi det
- som fisken i vannet", fortsett det nedover høgre side. Silvi står for fiskedesignen. Dei fire kvadrata i midten av log-cabin-rutene, går igjen frå kanten over for å få ein samanheng.
 Eg er veldig glad i frihandsquilting, og i tillegg til motiva, har eg quilta bakgrunnen slik at den passar til bobler, tang o.l.
Eg ville også at teppet skulle passe til "blyglaset" vi har på badet.

1 kommentar:

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...