torsdag 5. januar 2012

Oppussing av dør

Då vi pussa opp badet, kunne ikkje døra vere det einaste trekvite i rommet, så den blei malt i fleire strøk. Eg likar å ha det annaleis enn andre. Derfor blei midtfeltet dekorert for å gi døra eit eige preg.

 Feltet blei måla brunt. Så gjekk turen ut for å finne bregner og blad som passa til flisene på veggen. Dei blei danderte på det brune, før alt blei svampa over med lys maling. Når bregner og blad blei fjerna, vart resultatet slik. -Og eg blei såå fornøydd;)
Utgangspunktet for motiv og farge er desse kantflisene.

Kantflisene er brukt i alle overgangar mellom flis og tapet, og rundt ein stor spegel. Det var ikkje så enkelt å vere fotograf her;)
Men utsida av døra står umåla endå;( Og det er på grunn av dei andre dørene i gangen. Har endå ikkje sett meg syn til å starte på jobben, men du så lei eg er av gulna furu!! Så det skal bli før eller seinare.

1 kommentar:

  1. Så lekkert det ble på badet ditt.
    Takk for tipset med å bruke blader i deco på døra. Dørene har jeg tenkt å vente med - fordi jeg ikke hadde helt oversikten over hva jeg skal gjøre med dem. Men nå...

    Ha en fin kveld.
    Klem

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...