lørdag 7. januar 2012

Vaffelhjarte

Eg likte så godt serien Vaffelhjarte , som gjekk på nrk i jula. Skikkeleg jordnært og ekte barne-tv eller familieprogram, med handling som er til å forstå. Eg veit ikkje kor bra alle såkalla barneprogram med  intense lyd- og lyseffektar, masete stemmer og lydar, oppkonstruerte figurar med uante krefter som fyk rundt, slåssing, fart, spenning + +. No var det visst pedagogen i meg som kom fram. Kvar har det gode, koselege og lærerike blitt av?  No spora eg av. Det var egentleg vaflar eg skulle presentere her. Grove, gode og sunne;)

"Man tager hva man haver." I dag rørte eg saman egg, sukker, kruskakli, havregryn, havremjøl, vaniljesukker, natron, litt kveitemjøl, ein skvett vaniljesaus, skumma mjølk og smelta smør (utanlandsk;) Natron gir ein litt mørare konsistens, lærte eg av svigermor. Og av mor lærte eg at det skal ikkje rørast så mykje med mjølet i, for då blir vaflane seige. Gode, gamle kjerringråd er vel verd å ta med seg;) Sukkeret kan sjølvsagt byttast ut om det skal bli supersunt. Røra må stå og svelle ei stund, mest pga av alt det grove. All mengde er berre på ein deis;) Og boksen med vaniljesaus, blei skylt med litt vatn. Vatn og smør gir sprøe vaflar;)

 Så er det berre å helle ei ause med røre i vaffeljernet. Smør først om nødvendig.
 Velbekomme;) Nytast med eller utan tilbehør.
Vaflane blei fortært saman med siste rest av julelys.

4 kommentarer:

  1. Så kjekt at du fant bloggen/bloggane mine - for då fant eg jammen deg også ;) Har kikka litt gjennom innlegga dine og er ganske imponert over "quilteteppa" du lagar - vi har eit kjempefint som vi fekk med oss heim frå Haukeland då Oskar var langtidsinnlagt der - laga av ei forening i Bergen - er kjempegla i det og Oskar har det i leikekroken sin ;)

    Fant ein del andre likhetstrekk også ;) Eg har hatt eldste guten min på Montesorriskule fram til 3.klasse, då vart den dessverre nedlagt - verdens beste skule! Eg er førskulelærar og har jobba som spes.ped tidligare - no er eg heimeværnade husmor fordi Oskar har ein så alvorlig sjukdom, men håpar på å kunne jobbe igjen ein vakker dag...

    Og eit siste lite apropo : Vaffelhjarte er den vakraste serien eg nokon gong har sett - syns Maria Parr er kjempeflink til å skrive (ho kjem frå nabobygda der eg vaks opp) - og det grønne huset som ein del av serien er filma inn - er huset som bestefaren min vaks opp i i Goksøyra på Runde ;)

    Jaja - det vart sikkert verdens lengste kommentar...men håpar det går greit!

    Og eg syns blogging er bra på nynorsk!

    Klem frå Sissel Astrid

    SvarSlett
  2. Tusen takk Sissel Astrid!
    Er glad i lange kommentarar;)
    Så koseleg at Oskar fekk fekk eit quilteteppe frå aksjonen "Teppe som varmar". Det er vel stort sett quiltelag som lagar og sender til barneavdelingar på sjukehus o.l. Eit fint tiltak. Molde Quiltelag, som eg tilhøyrer, er også med på dette.

    Og så artig at du kjenner til montessoripedagogikken. -Og at du er så "inne" i Vaffelhjarte. Spesielt;)

    Håper det går bra framover med Oskar.
    Gleder meg til å følgje deg vidare;)
    Klem frå Edny.

    SvarSlett
  3. hei! vafflene mine har en tendens til å bli seige, men skjønte ikke helt hva du mente man skulle gjøre? kjempefin blogg forresten! om du får tid, kan du svare meg her :

    www.ellemellegiraff.blogspot.com

    SvarSlett
  4. Så bra at du la igjen den kommentaren hos meg i kveld slik at jeg fant innlegget ditt, vi er glade i vafler men det blir mest til "fest". Skal prøve meg på denne oppskriften, tidvis er mat litt problematisk her og grove vafler blir et supert alternativ i matpakken tror jeg:)
    Og Vaffelhjarte er utrolig fin (det lille vi har lest/hørt så langt), gleder oss til å bli kjent med boka slik at vi kan se serien på DVD også:)

    Nattaklem:)

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...