mandag 2. januar 2012

Dørkrans inn til bloggverden

På årets første dag oppretta eg ein blogg, og dette blir mitt første innlegg. Eg har lenge svinsa rundt i andre sine bloggar, og blitt meir og meir inspirert til å lage min eigen. Det var eit nyttårsforsett, og no har eg allereie klart det. Så gjenstår det å sjå korleis det går med andre forsett...


Eg er glad i dørkransar, og tenkte at dei kan få vere med å opna døra inn til bloggverden for meg.
 Og som med det meste eg lagar, så likar eg å ha min eigen vri, slik at det ikkje blir slik som alle andre har. På døra heime har eg ein lyskrans som eg har pynta opp med kongler, krokhassel, kuler m.m, og nederst heng eit englepar eg falt pladask for på Kid for mange år sidan.
Eg gleder meg til å ta fram kransen til kvar advent.
Julenissa ved dørhandtaket, er ei dørklokke. Når vi trykker på nasen, spelar den ein julesang, og det kjem ein ny ved neste trykk. Den er alltid like kjekk å ta fram igjen. Den har vart i ca 25 år, og batteria har vore skifta kun ein gong! Det kallar eg kvalitet, sjølv om eg var veldig i tvil om det var for "harry" då eg kjøpte den. Har ikkje angra ein dag;) Den gleder både store og små.


 Min mor er også glad i dørkransar med lys, så eg kjøpte ein til henne sist jul. Men den viste seg å vere ute av funksjon no til advent, så eg tok den med for å skifte lyslenke og pynte den opp. Små enkle lyslenker var ikkje så lett å finne, så eg kjøpte like gjerne ei kvit baststjerne med lys. Då hadde eg ei ny utfordring, og fekk etter kvart nye idear samtidig som eg kjøpte litt småtteri som kunne passe.
Først på føremiddag julaftan blei den laga ferdig, og kunne hengast på døra til mi kjære mor då vi kom dit til julesteik. Med sine 83 år er ho endå ein meister i matlaging, og likar å ordne middag til mange.
Dagen etter kom uveret Dagmar på besøk. Heldigvis var pynt og krans festa med streng, så den stod imot den stormfulle dama. Håper at mor kan glede seg over kransen, og at den held mange juler framover.



 Eg prøvde å halde meg mest til naturen med pynt av kongler, krokhassel og neverhjerter, men friska det heile opp med ein kvit engel og små kuler og stjerner. Nederst heng to hjerter frå Kremmarhuset med god jul frå Panduro. Dei er festa med eit blondeband.


3 kommentarer:

  1. Velkommen til bloggverdenen, mamma mi:) Har gledet meg til denne dagen. Syns det er kjekt at andre skal få se alt det fine du lager! Og hvor gjennomtenkt alt er med fine detaljer. Dørkransene er bare superlekre der de lyser opp i vintermørket!

    SvarSlett
  2. Kjekt da Edny. Du e bare flink

    SvarSlett
  3. Flott dørkrans og pynt rundt døren. Ringeklokkenissen har jeg også, den må komme frem hver advent. Ungene elker og trykke på den, mange ganger, og igjen og igjen. Koselig med tradisjoner.

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...