onsdag 11. januar 2012

Den stolte hane


I 2003 var NQF sitt årsmøte lagt til Molde, og det var første årsmøte for meg.  Men eg har fått med meg dei fleste deretter. No gleder eg meg veldig til det skal vere i Bergen i mars. Som medlem i Molde Quiltelag, var eg også med og arrangerte. Vi sydde bl.a. roser som glasbrikker til alle som deltok på festmiddagen. Det kunne dei ta med som minne;)
På mitt første årsmøte gjekk eg på kurs med Merete Nybro Berg, som driv Meretes Lille Atelier i Grimstad. Ho var ein blid og triveleg kurshaldar;) Vi skulle lage hjerte med bakgrunn av mange små stofflappar, og så frihandsquilte over heile. Det skulle vere ujamnt og røft rundt kanten.
Etter kurset blei det liggande, for eg syntest det likna meir på ein hane;(
Men så gjekk det opp eit lys for meg!! Kvifor kan det ikkje bli ein hane? Dermed sydde eg på perler for å markere kam og vøle. Auget og nederst på foten blei også markert med ei perle.
Ramma rundt er sydd på av svart lin.


 Det er quilta med ulike trådar og ulike mønstre for å få fram effektar.



Det er artig å quilte på frihand, for det er ingen som får det likt, og du kan sette ditt eige preg på det. Eg hadde ikkje så lang erfaring med frihandsquilting endå då, men fekk prøve heilt fritt her. Og når eg ser på det no, så var det ikkje så ille. Ofte blir eg flau over ting eg laga tidlegare, men det betyr vel også at eg har utvikla meg;)
Men den stakkars hanen har blitt liggane stille i fleire år, og heilt til no...
Endeleg er den ferdig montert, og skal få bu på kjøkkenet;)  No kan den vere både stolt og kry, og kanskje kan eg vakne til ky-ke-li-kyyyy, --om han ikkje endå er fornærma på Edny..

4 kommentarer:

  1. Hanen ble kjempeflott Edny. Håper vi får se den på neste quiltemøte.
    Artig historie, av og til blir ting noe helt annet enn de vi først hadde tenkt.

    Astrid

    SvarSlett
  2. Synes det var et fint hanebilde eg, og artig historie! Eg lærte for lenge sidan, at det ein ikkje er fornøgd med skal ein framheve istaden for å prøve å skjule. Ja det er no akkurat det du har gjort og resultatet blei kjempefint!
    Trine:)

    SvarSlett
  3. Klart jeg vil inn i bloggen din å titte.
    Tusen takk for hyggelig kommentar i bloggen min.

    Denne hanene var da riktig så vakker. Å frihåndsquilte er ikke lett men det tar ikke lang tid før det sitter i hånda. Bare litt øvelse som skal til.

    jeg har egen for til min Bernina som gjør slik at alle sting blir like lange. Du kan dra i stoffet så mye du vil, men denne regulerer faktisk stingene etter som du syr. Det hele handler om trening.

    Ha en strålende onsdag.

    SvarSlett
  4. Den va kjempefin! Skjønna ikkje korleis du klare å trylle slik med symaskina...eg & symaskina til mamma prøva å bli venna - so eg helde meg til puter og slike lettare saker foreløpig - men kunne godt tenkt meg å kunna meir ;)

    Eg og Ulrik hadde forresten baka vannbakels med rosa melisglasur ;)

    Klem frå Sissel Astrid

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...