torsdag 10. mai 2012

Fane


Det er ei veke igjen til 17.mai, og det er då eitt år sidan eg blei ferdig med denne fana. (Egentleg er det ein banner, men som oftast blir ordet fane brukt om både fane og banner, så då gjer eg det her også.) Og det var mange timar inn i nasjonaldagen då siste tråden blei festa, men eg kom i mål;) Letta og fornøgd;)



Det er Lillian Blø Rakvåg som har teikna motivet, og ho laga eit supert utkast som var greitt å overføre til stoff. Framsida symboliserer frøet, som Maria Montessori snakka mykje om. Ut av frøet spirer kunnskap, som barna sjølv må vere med på å utvikle vidare. Rota er årstalet som skulen starta opp.... roten til alt ;) Fjella er konturen av Midøya og Otrøya som er bunde saman med Midsundbrua. Dei farga rundingane er ein del av logoen til skulen. Detaljane er applikerte og frihandsquilta.


På baksida har vi med Montessori sitt kjente sitat: "Handa er hjernens redskap", og det viser til praktisk innlæring. Og her er Midsund Montessoriskule forkorta til MMS;)
Strålane frå sola er av ulike garn og trådar, og konturane rundt bokstavane har gulnyansar frå skinet av sola. Skulesekkane er tredimensjonale, håret er av garn og frihandsquilting, og det er sydde detaljar på kleda. Til dagleg heng fana i trappeoppgangen på skulen.


Fana er akkurat montert opp for første gong, og vi gleder oss til å gå bak den i toget.
Eg har på meg Veøybunaden frå Romsdal. Den sydde eg for 19 år sidan. Og så står fanedesignaren på andre sida.


Når det var tid for togavgang, kom sjølvsagt regnet, og eg bekymra meg: "Tenk om den fargar av, eller blir stygg av regnet!!" 



Men etter talar og "Ja, vi elsker", kom sola, og vi kunne puste letta ut. Prøva var bestått, fana hadde ikkje tatt skade, og vi kan stille opp i toget igjen, uansett ver.

Det var kjekt at vi kunne fikse alt innad på skulen. Sjølv om eg har sydd fleire faner i kommunen, var det spesielt som rektor på skulen, å sy denne . Tusen takk til Lillian for flott teikning;) Ho var også den største pådrivaren for at skulen skulle starte opp.



onsdag 9. mai 2012

Aniskringler



I dag blei det baking av aniskringler.
Det er greitt å ha i frysaren, for dei tinar raskt og smakar godt.
Så er det vel slik med kringler, som med anna mat, at det er mange måtar å lage det på.
Og no skal du få mi oppskrift, og så skal eg fortelje min vri, som eg har lært av mi mor, og ho igjen av si mor. Tradisjonar må takast vare på;)

OPPSKRIFT (frå mitt hovud)
100 g smør, smelt i ein kjele
0,5 l mjølk, varmast saman med smøret
Tøm over i ein bolle og tilsett
100 g sukker
1 egg
ca 12 dl kveitemjøl (ikkje tilsett alt! Spe på seinare til passe deig)
(Eg brukar å blande litt kruskakli i, for å gjere dei litt sunnare....)
ca 1 ts malt stjerneanis og ca 2 ts anisfrø
1 pk tørrgjær for søt deig (eller 50 g fersk utrørt i litt av væska)

Elt deiga i miksar eller godt for hand. Tilsett mjøl litt etter litt til deiga slepp bollen.
Pass på at deiga ikkje blir for fast, for då blir kringlene tunge og kompakte.
Dekk bollen med plast og la deiga heve godt.



Elt så deiga på bakebordet. Bruk litt mjøl om deiga klissar.
Del opp til ca 24 kringler. Trill ut til ei pølse.



Form til kringler på brett med bakepapir.



Etterhev godt!



Steik ca 9 min ved ca 225 gr.



Og her kjem knepet;) ;)
Kok opp ca 2,5 dl vatn og 50 g sukker. Er kjelen vid, bør mengda aukast. 
Legg dei varme kringlene i sukkerlaken. Ta dei opp igjen med ein gong og legg over på rist.
Ei fiskeause fungerer godt til den jobben.


Her er ei kringle dyppa, og den andre ikkje. Sukkerlaken gjer kringla blank, mjuk og god;)
Så då har eg avslørt den hemmelegheiten;)



Kringlene smakar godt med smør og ost.
Velbekomme!











tirsdag 8. mai 2012

Gurine Holmen


I 20 år har Gurine og katten stått her og speida ut. Tålmodig er ho, men ferdig med arbeidet sitt blir ho ikkje! Ho syr endå på slike brikker som eg også hadde den tida, -handsaum over pappmalar.
På dørskiltet står det Gurine Holmen, for ho kom til då eg var på kurs på Holmen Gård ein sommar. Og du kor kjekt vi hadde det!! Fint ver, og blondegardinene kunne berre flagre i vinden.

 
Skikkeleg handarbeidsdame dette;) Applikert bilete på veggen og gardinband i lappesaum.
Lurer på kva dei ventar på? Katten har blitt gul i eine auget etter all speidinga!
Men det ser ut til at det har vore mange matpausar;)


mandag 7. mai 2012

Hyperkreativen


Hyperkreativen er Laila Ukkelberg. Namnet er det rette, for snakk om å vere kreativ på mange område!! Bloggen hennar er såå inspirerande, for ho kan no nesten alt. Og slike troll er det nok mange sydamer som dreg kjensel på;) Laila har laga mange ulike mønstre med trollsiluettar. På Sømrommet finn du oversikt over alle mønstra, -og eg kan love deg at der er mykje meir enn troll.

Eg fekk premiepakke frå Laila i dag, og den skal du få sjå seinare i innlegget. Men først vil eg vise strikkeveska mi, som er sydd etter Laila sitt mønster "Strikkedilla". Den likar eg så godt, for det er plass til mykje, og hankane er så lange at den kan henge på skuldra.
Eg har også laga slike vesker i gåve til strikkedamer også;)

Her ser det ut som garnet er veldig elektrisk for katten, men det er vinden som er syndaren;)



Veska er stor og praktisk med glidelåslomme inni. I tillegg laga eg to lommer av restar frå fronten. Med plass til mobil, pengar/kort, og nødvendig utstyr, er det også ei flott handleveske. Eg brukte den i butikkane på årsmøte i Norsk Quilteforbund eit år, og eg skal love deg at her var plass til masse stoff, tråd, og kjekt-å-ha-ting! At hankane ikkje rauk, er eit under;)



Men så over til pakken eg fekk i dag, fordi eg var den heldige vinnaren av Laila sin Give Away;) ;)
Pakken i seg sjølv var så fin t eg berre må ta med den også;)



Og inni var det ein endå finare pakke, med mønsterpapir, klistremerker og satengband;)



Og så dette herlege kortet, -designa av Laila det også!
Ho har laga mange koselege og humoristiske kort, så løp og kjøp;)
Gjett om dette skal få plass på syrommet!



Og endeleg skal du få sjå den flottaste premien eg fekk;) Fire halvmetrar med dei lekraste stoffa, 2m kraftig sløyfeband, 3m nydeleg blonde og  3x1m dekorband. Snakk om å vere heldig!
Dette kan no bli kva som helst! På bloggen Hyperkreativen, skreiv eg at det første eg tenkte på, var sommarduk/teppe. Hadde eg hatt ei lita jenta å sy til, kunne det blitt ein skjønn kjole. Laila har laga mange slike. Uansett kva det blir, så skal eg vise det på bloggen min;)

Vil du sjå endå fleire Laila-produkt, så er det berre å gå inn på nettbutikken hennar.
Tusen takk for den finaste påremien!!

søndag 6. mai 2012

Hemmeleg katt


I dette innlegget fortalte eg om "Hemmeligheten" vi har hatt i Molde Quiltelag, og viste kva eg hadde laga. Eg var no minst like spent på kven som hadde sydd til meg, og kva ho hadde laga.  Og her er det eg fekk; eit kjempefint katteteppe;)


Her var det eg putta i konvolutten min, og som den som trekte måtte bruke noko av. Det midterste stoffet hadde visst gitt hodebry;)



Men så enda det opp som ramme og hovudstoff;)
Katten har visst vore ute i hardt ver ser det ut til;)
Her er alle tre stoffa brukte, og blonden er øverst.



Tråden blei frynser på skjerfet ;)
Knappane er gamle og frå mitt ærverdige knappekammer;)
Tusen takk Eli! Håper du tilgir meg for greinstoffet;) Eg tok det med fordi eg synest det er tøft;)
Ei slik utfordring er eg gjerne med på igjen;)

lørdag 5. mai 2012

Hemmeleg veske


I Molde Quiltelag har vi hatt "Hemmeligheten", etter ide frå Bergen Quiltelag. Dei som ville delta, skulle legge tre stoffbitar, knappar, blonde og broderigarn i ein konvolutt. Alle trekte så ein konvolutt, og vi skulle sy noko av innhaldet til nokon vi ikkje visste kven var. Vi kunne lage det vi ville, og bruke alt eller litt av alt frå konvolutten. I tillegg kunne vi bruke frå eige lager.

2.mai var det innlevering, og ein gjeng godt vaksne quiltedamer var meir spente enn barna er på julaftan. Skal tru kven eg har sydd til, og om mottakaren likar det? Og kven har laga kva til meg? Ein etter ein blei avslørt, og jammen var det mykje fint og mykje forskjellig. Alle verka glade og fornøgde, og dei mest nervøse kunne puste letta ut;)



Eg hadde mange idear undervegs, men enda opp med ei veske og ei skriveplate med plass til mønster, oppskrift, skriveark m.m.



Baksida.



Dette låg i konvolutten eg trekte. Fine stoff og rikeleg med knappar, blondar og tråd.



Utsida før montering. Her har eg brukt litt av alt; dei tre stoffa, den eine blonden, knappeauger og .tråd i skjerfet. Ugla er i utgangspunktet frå AnnAKa sitt nye mønster Visdomsord.



Innsida før montering, med fleire lommer der det er plass til f.eks. garn, pinnar, broderi,
og kjekt-å-ha-ting.



Frå sida.



Ein liten kikk nedi veska.


Eg håper mottakaren får glede og nytte av den hemmelege veska.

lørdag 28. april 2012

Sløyfer og kjekke ting


Her er ei spent jente på 3,5 år med fotografen for første gong. Det var saman med min eldre bror og søster hausten 1962. Mine to yngre brødre var ikkje født endå. Mor var flink å sy, og ho hadde sydd kjolar av likt stoff til meg og mi 10 år eldre søster, som så tragisk omkom nokre månader seinare. Eg fortalte litt om det i starten av dette innlegget.

Legg merke til den flotta sløyfa eg har i håret! Det var veldig vanleg når vi skulle pynte oss den tida;) Eg hugsar at dei var av nylon, og endane var klipte på skrå og litt smelta med ei fyrstikk for at dei ikkje skulle rakne.



Og no kjem eg igjen tilbake til mitt flotte trådskåp. Då eg fekk det, låg det bl.a. sløyfeband i ei av skuffene, og der har det sikkert vore i femti år, for hårstrikk tok over for sløyfene i tidleg barneskulealder. Men kanskje dei kjem til heder og verdigheit igjen snart? Sløyfebandet eg hadde då eg var med fotografen, er nok kjøpt her. Beltebandet på kjolen var også knytt i ei sløyfe bak.



Og i ei anna skuff låg det andre kjekke ting. Fremst til venstre ligg tversoversløyfer, som eg hadde med i dette innlegget.



I sløyfeskuffa har eg no samla blondar og band.



I den andre skuffa var det større bur, så der har grovare band o.l. fått plass.



Og etter knappesorteringa var det ei skuffe igjen i det minste skåpet. Der blir det plass til diverse ting og tang. No har eg nok vist og frista med det meste frå mitt skattekammer. Har du ikkje sett det første innlegget om trådskåpet, så er det her. No er det på tide at eg får opp produksjonen, for eg kan i alle fall ikkje klage på at eg ikkje har noko å lage av;)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...