tirsdag 19. juni 2012

Stipendiatvinnar


I dag kom siste utgåve av Norsk Quilteblad i posten, og kvar gong er det som julaftan for meg. Kan nesten ikkje vente med å opne og sjå på innhaldet. Men i dag stod ei overskrift; Stipendiatvinnar 2012: Edny Raknes Reiten. Det er jo meg! Eg visste det skulle komme, men tenkte ikkje på det då eg opna bladet. Men stipendet for å prøve ut naturmateriale i quiltinga, er veldig inspirerande for meg. Så derfor kan det passe med ei lita oppdatering og oversikt no, for det kjem kanskje nye quilteinteresserte innom, sidan bloggadressa mi stod i bladet. Og alle er velkomne, -både gamle og nye lesarar.

Eg har samla meir enn to stappfulle putekasser med ting frå naturen, har lagra eit lass med idear i topplokket, sydd ein god del prøvelappar, og laga nokre ferdige produkt. Blant anna denne engelen, som kom dalande ei natt;)



Ved hjelp av stoppefoten, er engelen dekorert med tråd mellom greiner, og har fått ein blonde på kjolen. Englar skal komme i fleire versjonar etterkvart.



For nye lesarar tek eg med eit par andre ting eg har vist tidlegare. Denne tennbrikettboksen, som fekk tittelen "eplet fell ikkje langt frå stammen", laga eg i gåve. Den kan du lese meir om her.



Og dette skiltet til Fru Rosas Landhandel, kan du sjå meir om her.

Det er så forargeleg at følgarfunksjonen på bloggen endå ikkje er i orden, så derfor er eg er framleis veldig interessert i gode råd og tips! Og eg sett veldig stor pris på kvar einaste kommentar som blir lagt igjen;) Har du eit forslag til kva eg kan lage med ting frå naturen også, så blir eg hoppande glad!


14 kommentarer:

  1. Gratulerer med stipend. Gleder meg til å følge med i prosessen:))

    SvarSlett
  2. Gratulerer med stipendet! Ja, eg las om deg i bladet i går kveld. Spennande! Blir skikkeleg kjekt å følge med utover hausten her. Kos deg!

    SvarSlett
  3. Kjempefint innlegg du hadde i bladet. Venter spent på fortsettelsen. Lykke til

    Astrid

    SvarSlett
  4. Gratulerer med stipend! Blir spennende å se hva du lager framover, og spennende å se-høre foredraget på neste årsmøte!

    SvarSlett
  5. Heisann kjendisen! flott innlegg i bladet og so reknar eg med at vi får sjå mykje spennende ting i tida framover:) Kos deg i regnværet, eg starta på ferien i dag. Klem frå fjellet

    SvarSlett
  6. Fine kreasjoner du har laget av naturmaterialene! Ønsker deg fortsatt mange gode ideer :)

    SvarSlett
  7. Hei igjen, i mellomtiden har jeg lett igjen om det finnes noe hjelp for problemet ditt. Det er MANGE med samme problem, over hele verden! Til sist fant jeg et svar her - kanskje noe du kan prøve? Innlegget finner du her:
    http://rebecca-gatheryeroses.blogspot.no/2012/03/is-your-follower-gadget-missing-if-sodo.html

    SvarSlett
  8. Hei,
    først må jeg takke deg for gode og varme ord på gårsdagens innlegg hos meg. Herlighet så god og snill du er *smil*

    Hurra for stipend, flinke deg :)

    Fabelaktig torsdag til deg, søte.
    Jeg skal lage pai til mannen i dag, vi har jobbet så mye denne uken begge to, så i dag har jeg bestemt meg for at vi skal kose oss i kveld.

    Smil&fine tanker

    SvarSlett
  9. Hei Edny! Først vil jeg gratulere deg med stipendiatet, som sikkert gir et ekstra puff på veien videre i quilteverdenen. Synes det er kjempekjekt å se din bruk av naturmaterialer i en slik sammenheng, og akkurat nå er jo nettopp disse materialene helt "in" på interiørfronten også.

    Kommer nok til å kose meg bak symaskinen i sommer jeg også, men har bestemt meg for å bruke mindre tid bak datamaskinen. Derfor blir det sikkert ikke noen blogginnlegg på en stund. Kommer sterkere tilbake når sommeren står på hell.

    Riktig god sommer til deg også :)

    SvarSlett
  10. Hei, gratulerer med stipendiatet. Og takk for helsing inne hos meg. Eg ser du har følger funksjonen din på plass. Kom den tilbake av seg sjølv eller måtte du inn og ordne på noko?

    God helg!

    SvarSlett
  11. Gratulerer! Så inspirerende det her var da, jeg har en balje med naturmaterialer så nå må jeg dykke ned i den litt! Engelen var aldeles skjønn... ha en fin helg!

    SvarSlett
  12. Hei..
    Gratulerer så mye.
    Den englen var utrolig fin :-)
    Takk for titten hos meg, og jeg vil gjerne følge deg..

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...