lørdag 8. desember 2012

Vakkert


Plassen, som er det nye jazz- og kulturhuset i Molde, har eit nydeleg lysande tre i trappa som blikkfang.


Eg beundra det kvar gong eg kjørte forbi, og no ein dag måtte eg betrakte det på nært hald.  Sidan det er plassert høgt i den lange trappa, er det synleg både frå gatene nedanfor og ovanfor. All ære til den kloke hjernen bak dette kunstverket!


Vi har også hatt ein nydeleg haust og vinter så langt. Det har vore mange minusgrader og barfrost i lang tid. Og jammen har det gitt naturen mange kunstverk også!


Det er så praktfullt å sjå naturen i rimdrakt. 
Og ekstra fint er det når solstrålane får minusgradane til glitre.




Tenk at vanleg singel kan vere så vakkert.


Rimfrosne skiferheller.


Hagedammen er heilt botnfrossen.


Eg stod lenge og beundra naturens kunstverk i dag, og noko av det måtte forevigast.

4 kommentarer:

  1. Så flotte bilder du har tatt. Treet i Molde er selvsagt en favorit :-).
    Huset er veldig fint, så det i sommer på festival.
    Fortsatt god advent.

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder du har fanga på ein kald vinterdag. Her har det også vore same været, men eg har ikkje vore flink med kamera.
    Tatt for titten.

    KariLklem:)

    SvarSlett
  3. Det var eit flott, lysande tre! Eg er mest glad i slik kunst som ein ser kva er:)

    SvarSlett
  4. Nydelig ;o) Lyser opp i adventstiden!

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...