tirsdag 7. februar 2012

Solsikke


SOS Barnebyer har solsikke som symbol, og når skulen skulle halde basar for å samle inn pengar til eit fadderbarn der, fekk eg lyst å lage ein premie. Og dette biletet finst det garantert berre eitt av. Bakgrunnen er sett saman av mange ulike stoff, garn, tyvek, blondar og band, og så quilta over på frihand. Stilken til solsikka er eit band og til blad enda eg opp med fjør. Ikkje det enklaste å handtere i symaskina, men det gjekk;)


Sjølve solsikka er sydd tredimensjonalt, og det er sydd effektgarn rundt alle spissane. Det brune i midten er hekla og pynta med perler. Til slutt blei det pynta og stesja her og der for å få balanse i det heile. Dei små solsikkene tok eg av ein lysmansjett frå solsikkemanien på 90-talet.

Veldig kjekt at det var ein av elevane som blei den heldige vinnar;)

6 kommentarer:

  1. Tøft. Du er så kreativ Edny. Altid spennende å se hva du har med deg.

    Astrid

    SvarSlett
  2. Denne var virkelig kreativ. Så utrolig unik og vakker. Artig å lese om hvordan den er satt sammen og hvordan du har tenkt rundt prosjektet. Godt at det var en elev som vant den.
    Ha en kreativ og finfin onsdag.

    SvarSlett
  3. Du imponerar igjen Edny, denne var utruleg kreativ og flott. Misunner vinnaren!
    Trine

    SvarSlett
  4. Hei :o)
    SÅ koselig blogg du har!
    Masse flotte håndarbeid her!
    Likte så godt husene til din datter....:o)

    Og jammen meg så ser det ut som du har en Shetland Sheepdog også?? Jeg har Sheltien Tina på snart 10 år :o)
    Vi har tydeligvis mange like innteresser.
    Så jeg vil gjerne følge bloggen din videre.

    Klem fra Anne på landet.

    SvarSlett
  5. Knalltøft. Så flott premie og heldig vinner.
    Ha ei fin helg.
    Elisabeth

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...