søndag 5. februar 2012

Raske knekkebrød


Her skal du få oppskrift på gode og sunne knekkebrød, som til og med er raske å lage;)


Du treng 1 liter frø og hakka nøtter/mandlar, 2 ts salt og 4-5 egg.
Bruk den blandinga du vil. Eg brukar som oftast sesamfrø, linfrø, solsikkekjernar, gresskarkjernar og hakka mandlar. I dag brukte eg også havregryn og kruskakli, men etter mi meining fungerte ikkje det så godt.


Bland frø, salt og egg i ein bolle. Er røra tjukk, kan du tilsette eit egg til.


Bre røra tynt utover to brett med bakepapir på. Bruk slikkepotten, eller klapp utover med handa i ein plastpose med litt olje på. Oljepose brukar eg foresten til pizza, scones o.l. også. Det er lett å få utover, og du slepp klisset. Dagens tips;)


Steik ved ca 190 grader i 10 minutt. Del opp i bitar med pizzakuttar. Steik vidare i ca 5-10 minutt, -til dei blir tørre og sprøe. Kantane må kanskje takast ut før resten. Avkjøl og oppbevar knekkebrøda i tett boks. Veldig gode med ost og mandarinbåtar på;)
Om nokre knekkebrød ikkje blir sprø, kan dei smuldrast i bitar, og ristast i omnen. Vips så har du kjempegod musli til yoghurten også;) Velbekomme!


3 kommentarer:

  1. Takk for oppskrifta
    Randi Høyer

    SvarSlett
  2. Dessa såg go ut! Takk for tips og oppskrift:)
    Trine

    SvarSlett
  3. Tusen takk for oppskrifta Edny, disse ser kjempegode ut, gleder meg til å prøve de : D

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...