torsdag 2. februar 2012

Praktisk hylle


Denne hylla kjøpte eg med Fru Rosa. Planen var å ha den på soverommet, men det blei ikkje plass der eg tenkte. Hylla er lita og fin, og samtidig rommar den utruleg mykje. Plutseleg fekk eg ein lys ide om å feste den opp i ei endå ikkje oppfylt krå på hobbyrommet. Utruleg kor mykje eg har stappa inn på det rommet!! Veit no aldri kva eg kan få bruk for ein gong, veit du;)


Og her blei hylla såå praktisk, for den er plassert rett over strykeplassen. No kan skjorter og andre ting hengast dit etter kvart som dei blir strøket ferdig. Det er mykje betre enn å legge det utover på bord, stol og symaskin;)  Og på toppen av hylla er det plass til ei stor korg. Så berre stikk innom fru Rosa på nettet, på bloggen, eller i den lille, koselege og stappfulle landhandelen i Midsund. Eg veit ikkje om ho har fleire slike hyller, men uansett er der veldig mykje fint;)

5 kommentarer:

  1. Så praktisk! Men Edny: det skal være fullt av kreativt rot på syrommet, tenk kor kjedelig om syrommet er heilt ryddig... det hadde betydd at der var null aktivitet og det er vel ikkje det vi ønsker vel?
    Klem fra meg (blei så glad når du skreiv at eg er flink til å gjere ferdig ting.... men ej trur ikkje at det er heilt sant hihi)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kan love deg at syrommet mitt ikkje er ryddig, men fullt av kreativt rot!! Det er berre ferdigstrøkne skjorter(som ikkje kan klippast sund), som er betre å få ut av vegen;)

      Slett
  2. Så flott :)Heldig som har et hobbyrom :)
    Har ei hylle igjen :)
    Du har så fin blogg :)

    SvarSlett
  3. Fru Rosas Landhandel e ein av mine favorittnettbutikkar - og i tillegg er Ann Elin ei utrulig trivelig dame :) Var utrulig praktisk og fint med denne hylla ovafor strykebrettet!

    Ha ei super veke!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig! Ho held til her ivår lille kommune. Og ho er både triveleg og driftig, ja;) Gleder meg til ho får opp stabburbutikken sin;)

      Slett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...