lørdag 21. november 2015

Motbakke og messe


I dag er messe på Rådhuset i Molde, og eg har laga dette bildet som er 30x90cm.
Det var stort og tungt å sy rundt kvar stein, men det var verd strevet.


Personen er av silke, og eg har brukt garn, effekttråd, tyll og organsa til dekor på bakgrunnen.


Av og til kan ting var tunge og vanskelege, 
og alt verkar som motbakkar.


Men kjem ein seg oppover, 
kan ting lysne sjølv om vegen var tung å gå.

Etter kvart blir ting litt lysare og lettare.

Utsikta blir betre og vidare, 
og kanskje nye moglegheiter kjem til syne. 

Her er innlegget frå det forrige motbakkebildet.

tirsdag 17. november 2015

Dyrene i Afrika


Dei fleste kjenner nok Thorbjørn Egner sin sang om "Dyrene i Afrika og alt de har å gjøre".
Giraff har blitt til sjiraff, og fleire ting har endra seg sidan midt på 1900-talet, 
men eg trur at Egner sine sangar er like aktuelle no som då.

 På Vestlandstreffet i Nordfjordeid fall eg pladask for dette sjiraffstoffet,
og tenkte at eg kunne lage noko barnerelatert. 
Og no dukka denne idéen opp. 


"Og nede i giraffenland der var det sorg i valsen.
For åtte små giraffer hadde fått så vondt i halsen.
Oja jaja hahaha, oja jaja hahaha.
Åtte små giraffer hadde fått så vondt i halsen."

Litt piggtrådstoff er med og forsterkar inntrykket av dei såre halsane.


 "Men da kom doktor Nesehorn med hatt og stokk og briller. 
Og så fikk alle hostesaft og sorte,små pastiller. 
Oja jaja hahaha, oja jaja hahaha 
Så fikk alle hostesaft og sorte,små pastiller."


Og forhåpentlegvis hjelper det med skjerf også;)

Eg trur at dette bildet kan passe godt inn på eit barnerom, 
sidan det innbyr til aktivitet samtidig som det pyntar opp. 
Både mønster, begrep, fargar og teljing kan stimulerast her.


Nå prøver jeg å linke opp dette innlegget hos Lunamon Design.
Her er en fin sjanse å oppdage nye blogger;)

torsdag 12. november 2015

Ugleoppheng


Då er det berre å fortsette med ugler, sidan eg er i det moduset.
Eg fekk plutseleg ein idé om å sy ugler til oppheng. Sjølvsagt må eg ha min eigen design, 
så eg laga eit mønsterutkast først og tilpassa det etter kvart. 
Her er ein liten uglefamilie på tre.


Trea får ikkje vere i fred for meg, 
men heldigvis er det meir enn nok å ta av. 
Eller dei fleste meiner vel at det er for mykje som veks opp over alt.


Her har eg laga kransar av kvistane. 


Nokre store og nokre små.


Uglene flyttar inn etter kvart som dei blir ferdige.


Både par og einslege treng ein plass å bu..


Denne karen var faktisk min første.


Og desse har no fått det rett så koseleg. 
Men alle har flytta frå meg, så no lagar eg nye til neste messe.

lørdag 7. november 2015

Ugler i posen og Hobbyklubben


I haust har Molde Quiltelag hatt ei ny utfordring. 
No fekk vi ein stoffbit som måtte brukast til minst ein blomst, og ellers stod vi fritt.
Med meg blei det ein pose med ugler på.


Og sidan eg er glad i å skrive fritt med symaskina,
måtte det bli "Ugler i posen". Både pose og motiv er eige design.


På baksida blei det større blomster av stoffet, 
og skyggequilting rundt for å få posen stødigare.


Resten av stoffbiten blei løpegang.
Og forstoffet er sjølvsagt med ugler, for det er jo ugler i posen.


I eit tidlegare innlegg fortalde eg at eg hadde blitt valgt ut til å vere Hobbyambassadør
for Hobbyklubben. Det er så kjekt;)
Ein ny bokpakke kom dalande i postkassa. Og her var bl.a. ein vekeplanleggar.
Det er ulike teikningar på kvar side, og dei er klare til å fargeleggast om ein vil det.


For meg er det inspirerande berre å bla i sidene. Når det i tillegg er felt å notere i for kvar dag, 
men utan datoar, så har den eit større bruksområde. Perfekt for meg.


I bokpakken var det også julekort, to filtpennar og ei flott bok med sjarmerande motiv.
Alt klart til fargelegging.


Ingen blir vel overraska over at alt er av Fam Irvoll. 
Herlege strek. 
Besøk Hobbyklubben og bli inspirert du også! 
No gleder eg meg stort til neste bok, som heiter Førjulstid, og ser ut til å vere 
midt i blinken for meg med kvistar, greiner og heimlaga pynt..


søndag 1. november 2015

Salgsmesse i Midsund


I helga arrangerte Midsund Husflidslag salgsmesse,
og det er kjekt å delta på heimebane. 
Eg likar som vanleg å dra naturen inn i mykje av det eg lagar. 
Her er det konglekransar, ugler i oppheng av kvistar og kvistenglar,
i tillegg til sydde bilder.


Nåleputer, engel med lys og sydde bilder på lerret.


Det var vanskeleg å få eit skikkeleg oversiktsbilde,
men her er pinnetre og ulike sydde mapper også.
Ein del av har eg vist på bloggen tidlegare, 
og dei nyaste tinga kjem eg tilbake til i andre innlegg.


Sidan det er Allehelgensdag i dag, 
fekk eg lyst å lage bjørkehjerte til å legge på grava.


Det meste av pynten plukka eg ute, 
men nokre få bær er kunstige slik at det held seg fint lengre.


Det eine skal på grava til mi søster,
og det andre til min far. 
Lysa blåste dessverre berre ut i vinden på gravplassen. 
Til jul skal eg bytte ut pynten med litt granbar og slikt.

tirsdag 27. oktober 2015

Nye konglekransar


Eg fekk idéen til konglekransar med hekla roser i fjor.
No nærmar det seg messetid igjen, så då har eg laga nokre nye.




Denne kransen i duse fargar, kan eigentleg  brukast året rundt.






Så måtte eg prøve ein krans der konglene har si naturlege farge.
På ein lys vegg kjem den til sin rett


No ligg nokre fleire kransar til tørk, og der har eg lyst å prøve å dekorere med nye fargar.
Resultatet kjem nok her på bloggen etter kvart.

lørdag 24. oktober 2015

I mørket er alle kattar grå.


Sist helg var eg i Nordfjordeid på Vestlandstreff, 
og det var flotte dagar som ga mykje ny inspirasjon.


Eg gjekk på kurs i fri design med Frøydis Myhre. 
Ho snakka om mange ulike måtar å skaffe seg inspirasjon til eit produkt, 
og la "vegen bli til medan du går". Eg starta med eit dystert hus i natta.


 Undervegs fekk vi tips av Frøydis, og vi vurderte kvarandre sine arbeid. 
Alle hadde veldig ulike utgangspunkt, og det var nyttig å tenkje høgt saman med fleire.
Ved kursslutt trudde eg at berre lukkekanten igjen.
Men etter heimkomst følte eg at noko mangla.


Vindauga og pipa blei tydelegare markerte.


Den lyse rammekanten fekk tekst.


Og ein katt fekk kome fram i mørket.


Dermed fekk heile biletet eit løft, og eg fekk lyst å fullføre det.


Alle sidene fekk ulike lukkekantar.


Damene i Nordfjordeid hadde laga eit fantastisk arrangement for oss, 
og vi fråtsa i stoff, utstillingar og god mat. 
Kakebordet i kaféen med heimlaga kaker av alle slag, var eit syn både for auge og gane. 
Og denne flotte "lappekaka" vakte sjølvsagt beundring blant oss stoffgalne.


Triveleg reisefølgje og flott haustvér danna ei perfekt ramme for ei topp quiltehelg.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...