mandag 2. desember 2013

Adventskalender for kreftforskning


Desember, og min planlagte adventskalender er i gang. Utgangspunktet er kalenderen eg laga til kollegaene i fjor. Og då eg såg utfordringa som Lappe-Grete hadde på bloggen sin i januar, om at bloggedamer på ulike vis kan samle inn penger til kreftforskning i 2013, var eg ikkje i tvil om at eg også i år ville lage ein kalender på jobb. 


På Tøndergård skole og ressurssenter i Molde, har eg mange gode kollegaer som støttar opp både med premiar og kjøp av lodd for å bli med på trekningane. Pengane går no til ei veldig god sak. 
Her er oversikt over gåver som var på plass til opninga av kalenderen i dag. Mange handlaga produkt av dyktige medarbeidarar, og fine kjøpte gåver. Det er veldig kjekt med varierte premiar. Men eg veit at det kjem fleire fine ting, så det kjem eit innlegg til;)

Her kjem ein tettare kikk på alle dei fine premiane;)


Ei staseleg strikka gladhøne.


Eit fargerikt og artig strikkasett med skjerf og lue.


Fine og spiselege gåver: Brente mandlar, småkaker i juleglas, tyske julekaker og flotte makronar.


Koselege og fint dekorerte kubbelys.


Deilige tova vottar.


Tidsriktig Mariusboks med julemarsipan, og fin og praktisk såpedispensar.


Koseleg og fint julemåleri med tau. Arket i hjørnet er påmeldingslista;)


Flotte innramma fotografi.


Eit flott og artig måleri med krokar for opphenging av nøklar o.l.


Ulike oppheng, som eg har vist på bloggen min tidlegare.


Og eit stort og nydeleg måleri, som passar inn hos dei fleste;)


På lista her noterer eg vinnaren for kvar dag, samt gåva og kven som har gitt den.
Eg er overvelda over alle dei fine gåvene, og endå er det meir på gang! Og det er mange som deltek med pengar. Folk som vil vere med på trekningane, betalar det dei vil, men minst kr 50.
Kor mykje tilsette ved skulen gir til aksjonen, kjem eg tilbake til seinare.
No gleder eg meg allereie til å trekke morgondagens vinnar;)

søndag 1. desember 2013

Velkommen


Velkommen desember, og velkommen til oss:)
Eg må vel innrømme at eg likar å markere adventstida både ute og inne.
Og at eg likar å prege med ting frå naturen, er vel inga bombe;)


Vi bur på Meieribakken, og den gamle mjølkespanna etter bestefar står fast på trappa. 
Kua har vore ute ved inngangen i mange år, men etter å ha fått med seg stormvarselet, 
var det godt å finne dekning.


Dørkransen er eg veldig glad i. Den har vore trufast i fleire år, og no har den fått nye lys også;)
Velkommen!


Adventslysa gjer desember koseleg. 
Men då Teskeikjerringa oppdaga at staken kom opp, fekk ho panikk!


"Åh nei!! Er det advent allereie? 
Kva vil mannen min seie no når eg ikkje har starta med julegåver og julebakst endå? 
Skal tru om heile desember går før eg blir stor igjen? Det hadde blitt folkesnakk igjen det!"

Men eg kan trøste Teskeikjerringa med at eg ligg heller ikkje betre an. Og ho har fleire gode hjelparar ved si side, så det blir nok jul i år også:)

Eg ønskjer alle mine lesarar ei fin adventstid!

torsdag 28. november 2013

På plass


No er vaktkassa nesten på sin plass. Det kom mange hyggelege kommentarar om kassa i forrige innlegg, men ingen fann ut kva den skulle brukast til. Men no ser du sikkert at den andre kassa trengte avlastning;)


Vestane har fått seg ny bolig.


Så er det å vakte på vaktmesteren. 
Og han stilte raskt opp.



Han skrudde kassa på veggen, og festa klossar mellom for at lokket kan opnast skikkeleg

.
Kassa vaktar altså vestane til dei som har vakt i gangane og på uteplassen på skulen;) 
Og dei vaktene skaper tryggheit for elevane. Det er viktig!!


Her er ein flott vaktmann som stiller opp, og saman med mange andre gjer sitt beste for at elevane skal ha det bra på skulen, både i klasseromma, i gangane og ute. I timane stiller vi utan vest;)


Eg har fått mange fine ord om kassa, og kan den bringe glede både for store og små som dagleg vandrar forbi, så er eg veldig fornøgd.

søndag 24. november 2013

På vakt


VAKT. Ja det kan vere så mangt. Du kan ha mange ulike vakter, -om det er ei vakt på jobb, stiller som frivillig vakt på eit arrangement, er barnevakt, -eller er på vakt for noko som kan skje. 
Dyr og fuglar er ofte på slik vakt, og det er ein del av instinktet deira.


Ein del har også ei vaktbu, og den kan vere stor eller liten. Til og med kongens garde har vaktbu;)
Det kan vere god oversikt oppe i eit tre, men det er ikkje det gardistane er mest kjent for då. 
Men fuglen har tatt plass i tréet, og er på vakt.


Den første vakta blei under årets første snøfall.


Nokon har hatt englevakt. Og takk og pris for det! 


Og når eg først snakkar om englar, så må eg vise denne skjønne engelen som eg fekk av ei flott dame i sommar. I går fekk den flytte frå blomsterbedet og over i utekrukka ved inngangen, som er delvis under tak. Her skal engelen få vakte vinteren gjennom, og glede alle som går forbi. Og kvar gong eg ser på engelen, sender eg gode tankar til givaren.


Og er du på vakt, så er du på vakt, uansett vér. 
Så kan du lure nokre dagar kvar denne vakta egentleg skal stå, om du ikkje greier å gjette det då;) 
No håper eg i alle fall at Nyland vaktar Molde fotballklubb sitt mål i cupfinalen mot Rosenborg!!




fredag 15. november 2013

Sirkusdrakt


På skulen er eit av valfaga "Design og redesign". I starten av skuleåret tok eg gruppa med til Fretex, og alle fann noko dei hadde lyst å redesigne. Ein av elevane ville lage sirkusdrakt, og den skulle vere blå og svart med gull. Denne jakka blei det perfekte utgangspunkt.


Her er varene sikra, så då var det berre å betale og dra til skulen igjen.


Drakta skulle pyntast med seks gullsnorer i fronten. Det blei målt opp lengder med gulltråd, som blei snurra og tvinna til dei finaste gullsnorene.


Når alle snorene var ferdige, klipte vi fronten av jakka, fjerna knappane og sydde saman kneppinga på symaskina. Sidan jakka hadde den riktige dekoren i svart, kunne gullsnorene syast oppå dei formene. Det blei gjort med nål og tråd.


Til slutt klipte vi opp t-skjorta nederst og sydde det svarte stykket på med symaskina. 
Her er første prøving av drakta, og han har alle grunn til å smile av produktet sitt.
Tenk kor flott han blir med riktig tilbehør og rammer rundt! Han kunne ha gått rett inn i ein sirkusjobb både hos Arnardo, Merano, Agora og Zorba. Etter eige ønskje har han no blitt presentert på bloggen min, sjølv om den ikkje kan måle seg med ein ekte sirkusarena då;) Men eg meiner det er viktig å prøve å tilrettelegge forminga utifrå elevane sin ønskjer og interesser.


tirsdag 12. november 2013

Inspirasjon


"Kvar får du alle idéane frå?", er spørsmål eg ofte får. Det er ikkje så lett å svare på, men eg har alle sansar opne når eg er ute på tur, om det er til fots, på sykkel, eller reiser på ulike måtar. Eg er ute etter inspirasjon heile tida, og plutseleg dukkar det opp noko som stimulerer kreativiteten min. Slik som denne fiskaren, fordi eg fekk tid til overs før neste ferge.


Naturen byr på seg sjølv til alle årstider og døgnet rundt. Om eg vandrar på same plass dag etter dag, så oppdagar eg alltid noko som eg ikkje har lagt merke til tidlegare.


 Slik som denne steinen som berre låg rett framfor føtene mine i dag, på den vegen eg går tur mange gonger kvar veke!


Ein hjerteforma stein som dukka opp på ein tur i fjor, inspirerte meg til å lage dette produktet; "fanget i mitt hjerte".


Naturen kan vere disig og gi ei trolsk stemning. Eventyrtemaet er eg ikkje ferdig med.


I barndomsåra var det nok fjøra som ga meg mest inspirasjon med sjø, steinar, sand, skjell, fuglar, strå, små krabbar og tang. Stadig noko nytt å finne, om det var sol eller vind, flo eller fjøre.


Og kor heldige vi er med skifte av både årstider og vér.
 

Naturens kunstverk må nytast her og no, for her er stadig endringar.
Eg blir veldig betatt og kan gløyme både tid og stad når fantasien tek meg med på vandring.


Tenk berre på korleis trea endrar seg med både årstider og lys. 
Berre formene på kvar ei grein er ein studie verd.


Men det er ikkje berre naturen som inspirerer meg. Eg elskar å vandre gjennom blad og magasin av mange slag. Spesielt dei som handlar om interiør, helse og handarbeid. Det er så mykje interessant, og så mange gode idéar å hente! Bladkongen.no har eit eldorado av blad og magasin for alle, uansett kjønn, alder og interesser. Mine personlege favorittar er Bolig pluss og Quilting Arts, men jammen er det mange andre magasin som eg også tek igjen og igjen når eg skal slappe av og kose meg.


Når det er sommar og sol, tek eg med meg ein bunke med blad og let meg inspirere frå det eine til det andre. Sesong og årgang spelar ingen rolle, for eg oppdagar stadig nye ting.


For ikkje å snakke om kor koseleg det er å sitte med eit blad når det knitrar i omnen og det er mørkt og kaldt ute. Då kan berre kreativiteten blomstre og planar om nye produkt strøyme på. Kanskje kjem det idéar til gåver som kan lagast, eller kanskje eg skal bestille abonnement frå Bladkongen til gåver i år! Då kan eg glede mottakaren fleire gonger gjennom året;)


Dette har eg kalla "Størst blant dei er kjærligheten".  Her blei eg inspirert av fine blomsterbilde i eit blad og dei kjente orda tro, håp og kjærlighet.


Eg er ein Askeladd som ser nytte i det meste. Og etter ein tur med inspirasjon i frisk luft, sett eg meg gjerne i badstua med ein bunke inspirerande magasin. Det er avkobling for meg;)

søndag 10. november 2013

Gåver og premie


Heldige meg! Sjå det fine skjerfet som Birgitte har strikka til meg i bursdagsgåve! Og eg fekk velge både mønster, garn og fargar, så det er ikkje rart at eg er fornøgd:) Gjett om dette blir mykje brukt utover hausten og vinteren. HER forklarar Birgitte meir om skjerfet på sin eigen blogg. 


Og så var eg så heldig å vinne denne fine quilteboka då Mayen feira 3 årsdag for bloggen sin med give away. Her er syidéer gjennom alle årstider. Besøk den fine bloggen hennar med det klingande namnet ...mye moro med masker, mønster og mattefiller. Tusen takk Mayen!


Og heldig var mannen min også;) Han fekk cuplua i farsdagsgåve frå Birgitte. Den blir nok brukt både på Molde fotballklubb sin heimekamp mot Start i dag, og ikkje minst på Cupfinalen mot Rosenborg om to veker. Kjenner du nokon som heiar på gull for Molde i cupfinalen, så kan du kjøpe mønster til lua HER. Gratulerer med dagen til alle fedre og flotte personar med farsroller.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...