Vestlandstreffet i Molde er over, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar. Saman med mange quilteglade damer frå heile landet hadde vi ei kjekk og innhaldsrik helg. Sidan eg både skulle ha utstilling og halde fordrag om naturprosjektet mitt, har eg venta med å legge ut dei siste produkta mine på bloggen, for eg ville det skulle vere ein del nytt også for dei som hadde sett og høyrt ein del frå før. Først ut no er dette fotsporet.
Det er mykje å finne når ein går på den endelause landeveg.
Det har blant andre Espen Askeladd oppdaga.
Eg blir ofte kalla Askeladden, fordi eg ser nytte i det meste
eg finn ute på tur og tek det med.
Og det tek eg som eit komplement;) I foredraget fortel eg også kvifor eg har sansen for Askeladden.
Og slik som Askeladden og "jeg fant, jeg fant", fann eg også ein utgått skosåle. Askeladden greidde å vinne "Prinsassa som ingen kunne målbinde", medan eg blei sendt rett ut i eventyrverden i naturprosjektet mitt.
Eg har brukt sjølve skosålen i dette sporet her, sjølv om Skjæråsen seier at "Du skal itte trø i graset". Skosålen er sydd fast som hæl, og på den fremste delen har eg sydd crazy quilt oppå tjukk filt, og så festa den til bakgrunnen med tungesting. Orda rundt er sydd på frihand.
Men skosålen har også inspirert meg i foredraget, og til å sy fleire eventyrting med naturmateriale i. Dei skal eg vise seinare.
Når vi går på tur, kan vi synge og tralle, gå i alle retningar, drøyme om den store kjærleiken, eller føle at vi går i ein labyrint eller heilt rundt oss sjølve.
Vi kan få både rusk, småstein og hol i skoa. Vi kan også tråkke på både gras og maur, men blomster og marihøne prøver vi å verne. Eg trur det er noko med instinktet.
Når eg er ute på tur svingar tankane mine mellom håp, draumar, omsorg, sorg,
glede, tru, ønskjer, lykke og fred.
Eg bearbeider vanskelege ting, gleder meg over kjekke ting og vår vakre natur, planlegg framtidig arbeid, og enkelte tankar blir klarare. Men ikkje minst så blomstrar kreativiteten når eg oppdagar skattar;)
I kløverenga kan det også vere lykke å finne, men det er vel best å vandre vidare:)
















