Etter at eg laga lue i vaffelhekling, fekk eg også lyst å prøve teknikken på eit panneband.
Vil du også lage, så skal eg forklare framgangsmåten.
Eg brukte Drops Lima og heklekrok nr 4 og 6
Legg opp 14 luftmasker men krok nr 6,
og start med å hekle ein stav i 4.maske frå nåla.
Fortsett med 1 stav i kvar maske =13 stavar.
Snu med 3 luftmasker og hekle enkel vaffelhekling til
arbeidet måler ca 37 cm.
Vaffelhekling er forklart i mønsteret til lua HER.
Skift til krok nr 4 og hekle stavar langs eine langsida.
Prøv å unngå at det blir store hol.
Med meg blei det ca 4 stavar pr "vaffel" for at det skulle legge seg fint.
For betre passform har eg laga bakerste del flatare og smalare.
Fortsett med stavar langs kortenden, men der er det felt inn slik:
1 stav x hekle ein stav, men ikkje dra tråden gjennom andre gongen. Hekle ein stav til i neste maske, og dra tråden gjennom begge stavane siste gong. To stavar er då samanhekla til ein. x Gjenta x-x 5 gonger. Ein stav i kvar av dei to siste maskene. = 8 stavar.
Fortsett med stavar langs den andre langsida og innfelling langs andre kortenden,
som forklart over.
Hekle så ca 5 omgangar med stavar på begge kortendane.
Sy eller hekle saman midt bak og fest endane.
Då er pannebandet klart til bruk.
Elastisk og godt i bruk.
Kjekt å høyre frå deg om du også lagar din versjon.
Spesielt og fint panneband.
SvarSlettEg har sett litt på oppskrifta korleis du gjer det.
Kanskje eg vil prøve på vaffelstrikk, uvisst om eg får det til så det er ikkje vert å nemne det.
Er så forkava med å strikke nye ting til toving, då dei forrige vart for smått til mottakarane...
Så fint det ble! Synes jeg kjenner igjen modellen. Takk for oppskrift! Linker hvis jeg hekler.
SvarSlettJeg er litt hekta på luer for tida, men nå har jeg funnet fram støvsugeren.
Kaldt og fint vær så etterhvert blir det skitur på fjellet. Det glade pensjonistliv!
God helg fra Ingunn
Artig hekleteknikk, må nok prøves! Ha en god, kreativ helg.
SvarSlettJ
Så flott! Heklet grytekluter i samme teknikk jeg og de ble tykke og gode. Ha en fin helg.
SvarSlettSå fint og dekorativt heklemønster! Ønsker deg en god helg! :-)
SvarSlett