onsdag 23. september 2015

Hobbyklubben


Her om dagen låg det ei pakke på trappa då eg kom heim frå jobb. 
Kjekt med serviceinnstilt landpostbud som leverer på døra;)
Inni pakken var det ei kjempestilig veske, 
og det første eg tenkte på var at den var perfekt til skjerfet mitt!
Blad og haustfargar er jo meg.


Pakken var frå bokklubben Hobbyklubben, og her er eit utdrag frå brevet. 
Og ja, det var skikkeleg overraskande og gledeleg! 

Eg har vore medlem i Hobbyklubben i mange år. Dei utviklar seg i takt med tida og har bøker og utstyr for dei fleste hobbyinteresser.

I eit medlemsblad såg eg at dei ville kome i kontakt med og samarbeide med nokon som bloggar om sine hobbyar. Då sendte eg inn ein søknad og presentasjon om meg sjølv og bloggen min. 
Og så var eg blant dei heldige som får vere Hobbyambassadør;) 


Til meir eg kikka i veska, til meir overraska blei eg. 
Der var ei moderne fargeleggingsbok og to etui i same stil som veska.


Og ikkje nok med det, for etuia var ikkje tomme.


Her var både heklekrokar, strikkepinnar og saks.


Gjett om alt skal prøvast!


Veska er praktisk, stødig, sydd i regntett stoff og har glidelåslukning. 
I tillegg er den romsleg, har ei glidelåslomme inni 
og to sidelommer med magnetlås på utsida.

Eg har allereie tatt den i bruk på arbeid. 
Den rommar både småsaker, matboks, bøker og heklearbeidet til fergereisa.



For to år sidan fekk eg dette nydelege haustskjerfet. 
HER kan du sjå innlegget om det på Birgitte sin blogg Handmade by BiR

No gleder eg meg til hausten med både veske og skjerf. 
Tusen takk til Hobbyklubben for kjempefin og overraskande gåve!
"You made my day."

søndag 20. september 2015

Nye trekantpungar


Eg prøvar meg fram med fleire trekantpungar,
og no har eg nesten alt slik eg vil ha det.


For ei tid tilbake gjekk eg på eit kurs med Bente Malm, 
der vi laga og dekorerte vårt eige stoff med bitar av ulike stoffkvalitetar, 
garn og effektar. Alt blei sydd saman og dekorert med frihandsquilting. 
No kom eg over ein slik bit eg laga, og det var nok til to små pungar. 
Artig å sjå kor ulike dei blei, sjølv om tilbehøret er likt;)


Slik er dei frå den eine sida.


Og slik frå den andre sida;)


Hempe i toppen, og snordekor i glidelåsen 
for å få betre tak.

søndag 13. september 2015

Trekantpung av dongeribukse


Eit buksebein, ein brukt glidelås og nokre pynterestar blei til ein trekantpung.
 Eg er glad i gjenbruk og redesign.


Applikasjon og pynteknapp på den eine sida. 
Hempa er ein bit av oppleggskanten på buksebeinet..


Den andre sida viser buksesaumen og litt pynt.


Lilja har overvintra ute, og no kjem endeleg blomstrane.


Denne hortensiaen har vore ein liten tufs i mange år, 
men plutseleg i år har den blitt både stor og sterk;) 


Den har nok levd etter desse orda. 
"Wish it, dream it, do it", er ei oppfordring 
til alle som ber på ein draum. 

Og akkurat no er det nok mange lokalpolitikarar som både ønskjer og drøymer 
om å bli stemt inn i kommunestyret ved morgondagens val.
Eg tek av meg hatten for dei som "do it" 
ved å stille som kandidat og engasjere seg for innbyggjarane i kommunen. 
Vi andre må i det minste gjere så mykje at vi gir vår stemme.
Hugs at dersom du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage!

GODT VAL!!

søndag 6. september 2015

Stødig toalettmappe


Det har vore labert her på bloggen no, 
pga langvarig betennelse i ei arm. 
Men no trur eg at den tåler litt kreative sysler igjen, 
og det første eg prøvde meg på, var ei lita toalettmappe


Ei stødig mappe som kan stå sjølv. 
Dette er førsteutkastet, og eg vil prøve å forbetre modellen
til eg finn min stil. Du veit kanskje at eg helst syr utan mønster.
Ei filtkule i glidelåsen for å matche stoffet og kvikke opp. 
Det kjøpte eg på Norsk Quiltetreff i mars.


Flippen i sidene blei kanskje litt for stor, 
men eg får prøve meg fram der også.


Toalettmappa er både vattert og fora, 
så den står stødig også utan innhald.
Det var kjekt å sy igjen, og forhåpentlegvis blir det 
meir aktivitet her inne også. 

søndag 2. august 2015

Panneband og gratis mønster


I dette innlegget skreiv eg om den deilige halsen eg fekk av Birgitte til bursdagen min. 
Og her er mønsteret ho har lagt ut gratis.
I pakken var også eit veldig godt og behageleg panneband.


Det er strikka i heilpatent, og den smalare delen bak, 
gir ei ekstra god passform. 
Eg ser no at eg burde ha strekt ut brettane før eg tok det med ut til fotografering...
Ho har også laga eit gratis mønster til dette, 
som du finn her. Der ser du kor fint det er på.


Både hals og panneband har vore i bruk mange gonger, 
og dei blir gode å ha utover hausten og vinteren også. 
Dersom du ikkje har besøkt den nye bloggen til Birgitte, 
Handemade by BiR, så vil eg absolutt anbefale ein tur innom. 

Tusen takk for fin, god og nyttig gåve, Birgitte!


onsdag 29. juli 2015

Stødig stoffkorg


Idéen var å sy ei brødkorg med utgangspunkt i ferdig oppkutta stoffbitar eg hadde liggjane. 
Men den blei altfor stor. Slik er det ofte når ein berre skal lage ut frå eige hovud.


Grunnen var nok at eg tok til å frihandsquilte på eit stormønstra stoff med kvitt trykk. 
Det var så kjekt å leike med stoppefoten og prøve ulike trådfargar og mønstringar.


Og eg kunne ikkje skjære bort fuglar etterpå. 


Så laga eg foret inni like stort, 
og frihandsquilta det også. 
Med eit kraftig ytterstoff og vattert både innvendig og utvendig, 
blei korga ganske stødig. 
Eg sydde 3" inn på kvart hjørne. 
Dermed gjer ein stor botn også sitt til at stoffkorga står støtt.


Til brød er den altfor stor, men ei korg er no ei korg, 
og kan brukast til det meste av oppbevaring, både med og utan nedbrett. 
Den endar opp i Oslo hos eit tantebarn som skal starte arbeidslivet sitt der. 
Kanskje blir den til strikketøyet ved godstolen, eller til flasker og ting på badet. 

mandag 13. juli 2015

Ny-gammel løper


Molde Quiltelag har loddsalg under jazzfestivalen i Molde denne veka
Eg kom på at eg hadde liggjande ein løpar som var nesten ferdig, 
så då kunne eg gje den til premie. Og så blei den ferdigstilt også;)


Den blei sydd på eit kurs med Anne Beier Finnestad for nokre år sidan,
og det er hennar design. På denne valgte eg å bruke kvikke fargar med kontrast av svart.


Eg leika meg litt med friandsquiltinga og prøvde ut ulike mønstringar undervegs.


Ved å bruke ei konstrastfarge på undertråden,
så kjem quiltinga godt fram på baksida.


Det blir kjekt å sjå kven som vinn denne løparen og dei andre tinga 
som er sydd av medlemmar frå Molde Quiltelag.
Og det er underhaldande å sitje i Storgata når det er så mykje liv og stemning i byen.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...