onsdag 29. juli 2015

Stødig stoffkorg


Idéen var å sy ei brødkorg med utgangspunkt i ferdig oppkutta stoffbitar eg hadde liggjane. 
Men den blei altfor stor. Slik er det ofte når ein berre skal lage ut frå eige hovud.


Grunnen var nok at eg tok til å frihandsquilte på eit stormønstra stoff med kvitt trykk. 
Det var så kjekt å leike med stoppefoten og prøve ulike trådfargar og mønstringar.


Og eg kunne ikkje skjære bort fuglar etterpå. 


Så laga eg foret inni like stort, 
og frihandsquilta det også. 
Med eit kraftig ytterstoff og vattert både innvendig og utvendig, 
blei korga ganske stødig. 
Eg sydde 3" inn på kvart hjørne. 
Dermed gjer ein stor botn også sitt til at stoffkorga står støtt.


Til brød er den altfor stor, men ei korg er no ei korg, 
og kan brukast til det meste av oppbevaring, både med og utan nedbrett. 
Den endar opp i Oslo hos eit tantebarn som skal starte arbeidslivet sitt der. 
Kanskje blir den til strikketøyet ved godstolen, eller til flasker og ting på badet. 

13 kommentarer:

  1. Flott kurv! Og den kan nok ha flere nyttige oppgaver ;)

    SvarSlett
  2. Så flotte stoff du har brukt her. Denne blir nok god til mange ting. Ein har alltid bruk for slike for å få orden på ting og tang.

    SvarSlett
  3. Flott korg! Slike kan ein sjeldan få for mange av, og storleiken kan ein jo variera.

    SvarSlett
  4. Greit med litt størrelse på kurven, da kan den brukes til mange ting:)

    SvarSlett
  5. Den var utrolig fin og gjør seg like godt bare til pynt som til bruk:) Jeg er like imponert hver gang du presenterer det flotte du lager. Heldige den som får denne :)
    Sommerhilsen fra Anette

    SvarSlett
  6. Så flott kurv, og så mye fint du lager :) Tusen takk for koselig ord inne hos meg, og veldig kjekt å være tilbake i bloggverden igjen :) Jeg tar en dag av gangen, men håper å få blogget litt mer aktivt enn før :) Ønsker deg en fortsatt fin kveld, klem fra Mette

    SvarSlett
  7. Så fin kurv, med veldig forseggjort quilting :)

    SvarSlett
  8. Så flott! Veldig praktisk med slike korger uansett størrelse! Heldig ho som får den. :-)

    SvarSlett
  9. Så flott! Veldig praktisk med slike korger uansett størrelse! Heldig ho som får den. :-)

    SvarSlett
  10. Så lekker..imponert over alle som er venn med symaskina!
    Nyt siste del av juli; jeg satser på en Indian summer;)

    SvarSlett
  11. Kjempeflott korg. Det blir ikkje problem å finne noko å putte i den.
    Du er så flink !!
    På sommargåta hos meg svarte du det same som eg gjorde, rose.
    Det er ikkje mange som greier svaret som er fjær.
    Takk for at du var med :) (mannen min synest ikkje eg skulle publisere svaret offentleg, så det blir berre halvoffentleg....)
    Takk for tips om å kjøpe meir lagerplass for bilder.
    Fekk til å sende eit innlegg etterpå, men så var det stopp..
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  12. Så flott korg! den blir siikert mottakeren glad for, kan jo brukes til det meste :)

    SvarSlett
  13. Perfekt til rundstykker tenkte jeg uten helt å vite størrelsen. Det er nå litt av et stykke fint arbeid! Alltid kjekt å se det du lager.
    Jeg er tilbake i Kristiansund til nok en runde med barnepass. Tilvenning i barnehagen fra 18. august.

    God søndag herfra!

    Klem

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...