mandag 4. februar 2013

Måleri med stoff og tråd


For fleire år sidan var eg på kurs med Susan Dahlberg frå Sverige. Snakk om tekstilkunstnar! Ho har laga så mange flotte kunstverk ved hjelp av trykk, chiffong, tråd og stoppefoten. Ho syr som andre målar eller fotograferer. Her er mine produkt frå kurset.


Detaljane er viktige, og vi brukte mange små bitar og lag på lag for å fram riktige nyansar og effektar.


Bakgrunnen her er litt trykt før fleire tynne delar blir lagt på og sydd med stoppefoten.


Motivet ser enkelt ut, men det er maaange lag med tynn chiffong og maange sting!


Uttrykket og fargane på himmelen har mykje å seie for inntrykket.
Her er brukt mange nyansar i tråd også.


Her har det kome i glas og ramme.


Eg prøvde meg også med friare former og større bitar.


Det var eit veldig inspirerande og lærerikt kurs, men du kor mykje arbeid det er!

fredag 1. februar 2013

Pute og saks til snorklipping


Tøndergård skole og ressurssenter i Molde, har fått nytt tilbygg, og i dag var det snorklipping og fest for elevar, tilsette og inviterte gjestar. Eg fekk i oppdrag å sy ei rød silkepute, og ordne med gullsaks og band til snorklippinga. Slike spesielle utfordringar likar eg;)


Eg enda opp med å sy saman mange ruter av ulike røde og blanke stoffkvalitetar, 
og laga duskar i rødt og gull.


Saksa blei spraya med gull. Den fekk litt pynt med dusk og hekla snor.


Her er eine dusken på puta. Eg ville prøve å få det heile litt majestetisk.


Etter snorklippinga var det fest i gymsalen med talar, husorkester og elevinnslag med song og dans. Og puta og saksa hadde sin eigen plass der inne.


Bianca likar å stikke snuten borti nye ting, og puta blei sikkerheitssjekka.


I nederste høgre hjørne sydde eg inn dato for opninga og pynta med ein sommarfugl. Eg har ei framtidsplan for både pute og saks, og då er det kjekt å ha litt faktaopplysningar.


Og kake høyrer sjølvsagt med når det er fest.



søndag 27. januar 2013

Knerten



Eg er veldig glad i å høyre på radio, og i bilen står den alltid på. Ein dag eg var på ferga, var det konkurranse i lokalradioen, og den starta ca slik: -Vi vil ha namnet på ein norsk forfattar som har skrive om ein pinne. Eg tenkte straks på Knerten, tasta så inn Anne Cath Vestly og sendte inn. Og før eg var heime, blei namnet mitt lest opp som vinnar. Kva eg hadde vunne visste eg ikkje, men kjekt var det no.


Etter nokre dagar kom premien frå NRK Møre og Romsdal i posten, ein buff. Då tenkte eg på Knerten igjen, og kom på at han kan no gli rett inn i naturprosjektet mitt! På med premien og ut på Knertenjakt med ein gong. Han kan nok syast;) 


Knerten kjem frå furufamilien. Her er ein som er påkledd, og ein eg har ribba til skinnet.


Og Knerten forelska seg no i ein vidunderleg jentebjørkekvist, som heitte Karoline.



Så var det fram med stoff, symaskin og ein naken pinne. Men Knerten er like blid, sjølv etter mange stikk både her og der. I bakgrunnen har han det berømte Opstadhornet, som prangar rett bak huset vårt.
Eg har brukt lin til bakgrunn. Trea er av tyll og påsydd med stoppefoten. Teksta er sydd på frihand og festa på til slutt.


Og som sagt så forelska Knerten seg i den vakre Karoline med dei fine flettene. Her er det lykkelege brudeparet i sin finaste stas. Karolinekvisten har fått litt farge på seg, og sytråden dannar mørke striper, som er på lys bjørkenever.


Og kvar er det vel meir minnerikt for to pinnar å bli foreviga, enn under hjartet på eit tre. 


No er dei som rette ektefolk å rekne, og eg håper dei lever lykkelege saman alle sine dagar!


Oppi fjellvegen helsar vi alltid på vår Knerten. "Give me five på Knerten", seier eg, og Bianca helsar på Knerten med eine labben. Så sparkar eg opp snø som ho kan hoppe etter som premie. Like artig kvar gong. Og når det ikkje er snø, er det litt skryt og leik;) Kjekt med barnebarn;)


Anne Cath Vestly forstod seg verkeleg på barn, og ho var så tidleg ute med likestilling i bøkene sine, at ho fekk sterk kritikk. Ho blei til og med blei drapstrua for å ha sagt i radioen at barna kom fra mammas mage og ikke fra storken! Tenk å la far til Aurora vere heimeverande, trille barnevogn og gå på spedbarnskontroll i 60-åra! Skandale! Ei tøff og uredd dame som har ei mengde bøker etter seg. Men stemma hennar høyrdest egentleg barnsleg og forsiktig ut;)
Og så er eg så heldig at eg fekk møte henne live, då ho kom på sjukehuset for å glede barn (og vaksne). Eg trur det var i 1990. Dei vaksne "kjente" henne nok betre enn barna gjorde. Vi vaks opp med hennar bøker.

Til slutt vil eg rette ein takk til NRK Møre og Romsdal, som ga meg inspirasjon til å mimre om denne flotte forfattaren, og som igjen gjorde at eg fekk idéen om å sy Knerten. Kanskje kjem han i fleire utgåver seinare.



lørdag 26. januar 2013

Rimfrost, heklestjerne og bloggbok


Rimfrosne blad er så fint. Sjå kor godt nervane kjem fram!


Bregneblad er nydelige. I mi beundring over naturen sine kunstverk, gjekk tankane til naturprosjektet mitt. Tenk om eg kunne sy rim!! Og så fekk eg ein idé!


 Då var det berre å finne fram pressa blad. Så sydde eg dei fast til eit stoff.med symaskina.


Først måtte eg prøve med eit laust blad. Her har eg akkurat pensla bladet med eggekvite og strødd på sukker. Så gjorde eg det same med dei påsydde blada.


Etter tørking blei det slik. Ikkje så fint som i naturen, men eg har no laga rimfrosne blad;)


Før jul fann eg forklaring på fine hekla stjerner hos Tovepia. Og det måtte prøvast i ulike garnkvalitetar.


Her har eg festa ei stjerne av hyssing på eit glas.


Og med Tovepia fann eg også anbefaling til adresse for bestilling av bloggbok. Eg starta å blogge 1. januar i 2012 og var fast bestemt på å få laga bok når første året var omme. Sidan ho hadde brukt dette firmaet mange gonger, stolte eg på at det var bra. Som sagt så gjort, og etter ei veke kom mi første bloggbok i postkassa. Enkelt og greitt;)


"Fanget i mitt hjerte" på framsida og "Tro, håp og kjærlighet" på baksida blei mine valg. Inni er det register og innleiing skrive av meg sjølv;)


Med alle blogginnlegg utan kommentarar, blei det snart 200 sider. Det er kjekt å få samla alt mellom to permar, og det er litt anna å bla i ei bok enn å rulle nedover skjermen. 
Innlegga frå 2013 kjem i bind 2. 
Tusen takk for inspirasjon og gode idéer i den fine bloggen din, Tovepia!

mandag 21. januar 2013

Ting og tang frå fjøra


Eg har ofte sagt at eg vaks opp i fjøra. I timesvis kunne eg berre gå rundt i sjøkanten, løfte på tang og steinar på jakt etter småkrabbar, og ikkje minst på speiding etter skjell og andre skattar. No er eg over femti og kan framleis gå rundt i fjøra og drøyme meg bort. Den siste draumen handla om å sy panelar og dekorere med tinga eg plukka med meg. Som tenkt, så gjort.


Korleis eg laga bakgrunnane, skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg. Her viser eg meir detaljar, og den eine delen er dekorert med fjør. Eg har plukka ei heil korg med små og store fuglefjør.


Her har eg sydd ei fjør som bakgrunn for den ekte fjøra.


Nederst er fjøra berre sydd og stoffet er rufsa opp i kantane.


 Eg plukka mange skjell med hol i, for dei er greie å sy gjennom;) Halve albueskjell er knytt inn i makramé.


Nederst i kvar panel er det påsydd band og kokkelurar.

 

Tang, tare, småkrabbar og kråkebolle. Eg fekk eit tips om å koke tang slik at den blei grønn. Artig å eksprimentere med slikt. Her er eit lite spekter av sortar og fargar. 


Og så likar eg godt å leike med ord, og finne dobbelttydingar;)


No har eg snakka ein del om å gå i fjøra, men jammen er det artig å skrive med fjøra også;)


Det heile er montert på rakved og har oppheng av eit tau, -som sjølvsagt er funne i fjøra:)

Véret her er så praktfullt for tida, og i går drøymde eg meg bort på min faste tur opp fjellvegen, og då var det idéen om eit produkt frå skogen som kom dalande. Det er no endå litt tid igjen til naturprosjektet mitt skal presenterast i mars, og eg har lyst å ha eit variert utval;)


søndag 20. januar 2013

Englar dalar ned i skjul, og vinnaren er...


Her kjem ein hærskare med englar for å utrope vinnaren i lotteriet mitt. Eg er heilt overvelda av responsen og alle dei fine og gode kommentarane. Til og med innlegg frå tidlegare elevar, så eg blir heilt varm om hjarterota. Velkomne til alle nye følgjarar!
Dette er ein julepost eg laga i 2004. Eg likte visst å eksprimentere med ulike materiale allereie då. 


Bakgrunnen er i lin og effektgarn. 
Det var 202 lodd å trekke mellom.


Før englane dalar i skjul, må dei få rope ut vinnaren av


denne engelen, som sit uti hagen og ventar. Eg trur den vil få det veldig godt med Anne, som har den nydelege bloggen Garden and Angels. Kan det passe betre??
Og til alle som gjerne ville ta imot engelen; Tusen takk for at du ville delta. Det kjem nye sjangsar seinare!
Ha ei riktig fin og kreativ veke!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...