søndag 28. desember 2014

Jul for alle


Når heile huset er i julemodus, så må hunden også få litt stemning. 
Derfor blei dette paret plassert på veggen over matskåla.


Når eg tenkjer meg om, så har dei blitt godt vaksne no.
Dei blei laga som modellar til 1.klassingane eg hadde på Midøy skule i 1995.
No held dei Bianca med selskap under matøktene.


Og tørrforet glir ned på høgkant.


Birgitte held på tradisjonar og steiker krumkaker etter bestemor si oppskrift. 
Jammen smakte dei fortreffeleg i år også;)

fredag 26. desember 2014

Koselege innpakningar


Eg er så glad i det lille ekstra på innpakningane, både når eg gir og får. 
Det treng ikkje å vere mykje arbeid eller koste så mykje. At naturen er med er vel ikkje så overraskande. 
Slike pakkar har eg laga mange av.
Det er berre ein stor gråpapirpose som er knytt med to ulike band. Det tynne lysebrune er ikkje så godt å sjå her. Til bandet er det festa ein furukvist, eit par kongler og ein koseleg lapp. 
Lappen er gjenbruk. Eit englemotiv er lima over tidlegare skrift og pynta med ein blonde i nedkant.


Denne er pakka med fleire lag tynt englepapir. 
Chifonband, furukvist og ein lapp med ei enkel stjerne pyntar opp.


Denne posen var innpakninga til gåva eg fekk frå Janne. Ho har alltid så koselege gåver.
Her er den fotografert på hobbyrommet, og hjerte-englevingane i bakkant frå høgre, er frå henne eit tidlegare år. Artig at dei blei med her.
Posen er pynta med ei sinkbjelle, hyssing, kongle og furukvist. 



torsdag 25. desember 2014

Tilslørt juleskinke og tilslørte bondepiker

Eg likar å lage ting utan mønster, og eg likar å lage mat utan oppskrift. Det blir litt "man tager hva man haver" og "en dæsj og en slump" av diverse. Derfor blir rettane forskjellig frå gong til gong.
På julaftan var vi og min eldste bror med familie samla til nydeleg pinnekjøtt hos min mor på 86 år. 
I dag på 1.juledag blei middagen overraskande god, så det må dokumenterast slik at eg finn tilbake til idéen. 


Sidan det stort sett går på ein slump, så er alt i oppskrifta ca-mål. 
Sett steikomnen på 225 grader. 
Små mandelpoteter blei sett på koking i lettsalta vatn. Etter ei stund fekk gulrotbitar koke med. 
Godt med olje i langpanna og dryss med sitronpeppar og fingersalt.  
Damp godt innhaldet i potetgryta før alt blir tømt oppi langpanna saman med ein grovhakka lauk.
Bland det godt rundt i oljeblandinga. 
I eine sida av langpanna la eg tjukke skiver av kokt juleskinke. Dei blei tjukt pensla med ei blanding av ein eggeplomme, ca 2 ss sennepsaus, 1-2 ss sirup og ca 3 ss finhakka mandlar. 


Inn i steikomnen i ca 15 minutt til det blir gyldent. 
Imellomtida er det tid å lage sirupsaus. Sirupsaus er ein tradisjon til pinnekjøttet, som min svigerinne har ført inn i familien, og det smakar godt til anna salt kjøtt også. 
Her er min forenkla versjon i dag: alt ca-mål!!
2 ss maizenna, 2 dl kremfløte, 3 dl vatn og 1 Fond Cup oksebuljong (eller ein buljongterning). 
Kok til fyldig saus. Smak til med peppar og 2ss sirup. 

Alle sin dom var: Kjempegodt!


Og kva kallar ein ein oppdikta og tilfeldig rett? 
Inspirert frå julekveldens dessert blei det "Tilslørt juleskinke". 
Eg var dessertansvarleg i går, og då laga eg bl.a. Tilslørte bondepiker. Hugsar ikkje sist eg gjorde det, men no laga eg eplemos av epler frå tante sin hage, og då passa det så godt. I staden for kavringblanding, steikte eg havregryn, smør og sukker. Mot slutten tilsette eg knust Bixit-kjeks og kanel. Godt blei det også;) 

Jul er tradisjon, men samtidig er det kjekt å prøve noko nytt.


fredag 19. desember 2014

Kjekt å glede andre, både med kalender og gåve.


I går kveld var denne engelen ferdig og klar til å reise vidare for å glede andre.


I dag hadde eg den glede å overrekkje både engelen og ein sjekk under julefesten på Tøndergård skole og ressursenter i Molde. Før dette hadde elevane framført eit flott program med musikk, dans og teater. Det er så kjekt å sjå gleden dei viser ved meistring av nye ting.


Krisesenteret for Molde og omegn fekk kr 10.000 frå ansatte ved Tøndergård. Vi ønskjer at pengane skal brukast til aktivisering av barn som er der. Det trur eg vil glede foreldra også, for det er vanskeleg å sjå at barna må lide i tillegg til at dei har det vondt sjølv.
Og eg ville også gi senteret ein engel med lys som eit minne. Forhåpentlegvis kan den glede både tilsette og alle bebuarar som er innom der.


Det heile har utgangspunkt i ein adventskalender eg starta for personalet på arbeid for to år sidan. 
Då laga eg ein del småting, og dei som ville prøve å vinne, kunne skrive seg på ei liste. 
I fjor blei eg med på Lappe-Grete si bloggutfordring om å skaffe pengar til forskning på brystkreft, og då knytta eg det til adventskalenderen. 
Mange kollegaer ønska at vi skulle ha adventskalender i år også, og vi blei einige om at inntekta skulle gå til Krisesenteret. Folk stilte opp med premiar og betalte 100 kr for å bli med i trekningane. Påmeldinglista ligg på bordet, og lista med premiar og vinnarar heng på veggen. Kr 4.800,- kom inn på kalenderen, og samtidig blei det bestemt at julegåva til ansatte også skulle gå til Krisesenteret. Dermed kunne vi gi kr 10.000,- til saman.


Krisesenteret er så viktig for mange rundt oss, og eg hadde lyst å lage ein ting som minne i tillegg til pengegåva. Her ligg engelen klar til sluttmontering.


Då er den klar for å lyse for mange som dessverre har vonde og vanskelege opplevingar. 


Eg veit at dit kjem folk med både utvendige og innvendige sår og riper, og derfor kan denne rekvedfjøla vere symbolsk. Dei treng å oppleve både tryggleik og kjærleik. Det kan både engelen og tilsette der bidra med.


Dei som jobbar med sårbare personar, må utstråle godheit og ha eit stort og romsleg hjarte.


Og alle ber nok både på ønskje, håp og draumar.


På undersida av fjøla har eg skrive ei helsing.


Det er kjekt å både gi og få. 
Og eg veit at leiaren for Molde Krisesenter, Ingrid Horsgård, vil forvalte pengane slik at barna som kjem dit skal få gode opplevingar. Ho gjer ein strålande jobb saman med sine medarbeidarar. 
Både dei, og vi som jobbar på ein spesialskule, har med sårbare personar å gjere. 
Dei treng all den hjelp og forståing dei kan få. 








søndag 14. desember 2014

Tips til rosegåver


Blomster er alltid kjekt å få, 
men det tek tid å finne vase, beskjære og rydde opp. 
Her kjem eit par tips til enkle og sjølvlaga "vasar" som kan følgje blomstrane. 
Eg er glad i å bruke tomgods til redesign.


Her har eg brukt ein tom hermetikkboks. 
Først har eg limt eit passande stoff rundt boksen.
Så vart det limt eit band i nederkant. 
Øverst er det eit par runder med hyssing før endane blei knytt til sløyfe. 
Og hyssingendane har fått ei lita stjerne.
Så blei boksen fylt med vatn, kutta roser og små furukvistar. 
Så kunne mottakar berre setje blomsterhelsinga rett på bordet.


Ei flott dame på skulen rundar 60 år, og ho skulle få ei rose frå kvar elev i gruppa.
For at rosene skulle halde seg resten av dagen,laga eg ein vase av eit tomt kaffeglas.
Det er spraya med frostlakk og fylt med oasis.


I fronten er det ein gnikkis med tekst og eit klistremerke.


Toppen har fått fleire runder med hyssing,


I endane av hyssingen er det pålimt filtkuler.
Så blei roser, furukvistar og nokre kvistar stukke inn i den våte oasisen.
Etter ei stund begynte det å dryppe vatn av hyssingen. 
Eg limte hyssing heilt på toppen av glaset for å få det fint, men det var altså ikkje så smart. 
Hyssingen saug vatn frå oasiskanten og det trekte seg vidare, 
Så om du vil bruke vaseidéen min, skal du få sleppe å gjere same feil;)
Men eg blei fornøgd med prosjektet ellers, så det fekk berre stå si prøve.


Her er jubilanten med kort frå elevane, og ein dryppande blomsteroppsats med plastpose. 
Men med eit glasfat under, så går det nok bra. 
Mary er ei effektiv og flink dame, og det er i alle fall ingen som svelt i hennar nærvær, for lage mat det kan ho! Dennedagen var det både pizza og kaker å få.



søndag 7. desember 2014

Adventskalender på deling


Birgitte og Bianca har laga pakkekalender til mamma og pappa sin i år! 
Så overraskande, kjekt og koseleg! 
Faren får ein dag, eg får neste dag, og dagen etter får vi noko i lag.


Dagens fellesgåve var denne nydelege og meiningsfulle kjøleskapmagneten.


Ein dag fekk eg desse kjempetøffe knappane.


Decilitermålet var første dag. Eggestikkaren var til far, for han er fast eggekokar;)
Og så har vi fått sjokolade og tanntrådhaldar.


Tusen, tusen takk Birgitte og Bianca. 
Vi gleder oss og er spent på kvar einaste pakke.


torsdag 4. desember 2014

Sydamens julegåve



I Molde Quiltelag har vi hatt ei utfordring i haust, der vi leverer stoff og tilbehør, og så får vi med nokon andre sine ting heim for å sy.


På instruksen står det at vi skulle levere 3 julerelaterte stoff, 3 knappar, 1 messingring, band og blondar, og evt andre ting etter ønskje. Oppgåva var å lage Sydamens julegåve.


Dette leverte eg i min konvolutt.


Og dette fekk eg tilbake for å sy noko til min hemmelege venn.


Eg tenkte fleire alternativ, men enda opp med ein pose som kan brukast
 til både brød og julas handarbeid. Vi skulle bruke noko av alt som var med, og kunne føye til ting sjølv. 

Eg brukte berre for og vatt i tillegg.




Ved behov for meir plass, så kan kanten brettast opp.
Håper mottakaren kan sjå seg nytte i posen.


Og på julemøtet i quiltelaget blei alle resultata avslørt, 
og eg blei den heldige eigar av dette fine juleteppet.


Artig å sjå kva andre får ut av mine stoff, 
Og eg som er så glad i englar;) 

Har du lyst å sjå dei andre resultata, kan du ta ein kikk HER.





LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...