Naturen er vakker og står mitt hjarte nær. Eg både beundrar og funderar over variasjonar og detaljar gjennom årstidene. Alt har ein samanheng. Sidan eg fekk stipend frå Norsk Quilteforbund for å prøve å sy med ting frå naturen, er eg endå meir på leiting etter ting som inspirerar. Og sjølv om eg går same turen nesten kvar dag, oppdagar eg stadig noko nytt. Eg er veldig glad i hjarteforma, så det aller første frå naturen, som eg prøvde symaskina på, er denne bjørkekvisten. Kvisten blei sydd fast samtidig som eg sydde fritt rundt.
Hjarte dukkar opp overalt, om det er fjøre eller fjell, vinter eller sommar.
Her kjem eit lite utval til inspirasjon for meg sjølv, og kanskje for deg:)
Tang og spor etter fjøremark.
Skjell og tang.
Fjør.
Snøsmelting.
Dyrespor.
Lav på stein.
Frukt.
Snø.
Lav frå tre.
Trestamme.
Nysnø.
Han eller ho har eit hjarte av stein, blir det sagt. Men eg trur at det finst noko mjukt innerst inne med alle, men det er ikkje alle som greier å vise det slik dei gjerne vil. Er dei usikre, redde, har dårleg sjølvkjensle, blitt kua, såra, eller føler seg urettferdig behandla? Kva er grunnen til at enkelte hjarte blir forsteina? Kva har dei opplevd? Grunnane kan vere mange og samansette, og denne funderinga blei til berre på grunn av ein fin stein:)
Men det er kanskje betre å ha eit hjarte av stein, enn å vere hjartelaus.
I mitt hjarte har eg mange gode minner, men også nokre vonde sår. Eg blir varm om hjartet når eg ser at folk hjelper, rosar og løftar kvarandre. Eg blir glad når nokon lykkast med noko dei har streva med. Og du kor rørt hjartet mitt blir når ein elev strålar over meistring etter å ha prøvd igjen og igjen!
Eg kunne ha snakka mykje med utgangspunkt i hjarte, men her har steinen over blitt fanga i eit nett av frihekling. Det at eg skulle sy eit produkt der ein stein spela hovudrolla, var i alle fall ikkje i mine tankar då eg søkte på stipendet. Det er noko med at vegen blir til medan ein går, og denne steinen oppdaga Birgitte då vi gjekk skogsvegen i Nord Heggdal. Etter at eg var ferdig med å presentere naturprosjektet mitt i Sarpsborg i vår, har det blitt lite produksjon. Det handlar om tid og overskot. Men lysta og planane er der, så no puffar eg meg sjølv til å lage fleire ting no når sommarferien står for døra. Eg elskar å pusle med slikt, men det er ikkje alltid så lett å kome i gang. Men når eg er i gang, aukar overskotet:)
Bakgrunnen her er frihandsquilta oppå ulike kvalitetar av stoffbitar, og litt strå er med frå turen. Teksta er sydd på frihand. Eg likar å gå mine eigne vegar og prøve ut både teknikkar og effektar ved hjelp av symaskina. Så får sommaren vise kvar vegen bringar meg. Bloggen vil nok få nye innlegg etter kvart.
Her er tidlegare innlegg frå naturprosjektet for dei som ikkje har fulgt med bloggen min så lenge. Det er mange ulike ting frå naturen som har blitt prøvd i syinga, og det var veldig inspirerande å halde på med.
Hjarteleg helsing frå Edny:)







