søndag 10. november 2013

Gåver og premie


Heldige meg! Sjå det fine skjerfet som Birgitte har strikka til meg i bursdagsgåve! Og eg fekk velge både mønster, garn og fargar, så det er ikkje rart at eg er fornøgd:) Gjett om dette blir mykje brukt utover hausten og vinteren. HER forklarar Birgitte meir om skjerfet på sin eigen blogg. 


Og så var eg så heldig å vinne denne fine quilteboka då Mayen feira 3 årsdag for bloggen sin med give away. Her er syidéer gjennom alle årstider. Besøk den fine bloggen hennar med det klingande namnet ...mye moro med masker, mønster og mattefiller. Tusen takk Mayen!


Og heldig var mannen min også;) Han fekk cuplua i farsdagsgåve frå Birgitte. Den blir nok brukt både på Molde fotballklubb sin heimekamp mot Start i dag, og ikkje minst på Cupfinalen mot Rosenborg om to veker. Kjenner du nokon som heiar på gull for Molde i cupfinalen, så kan du kjøpe mønster til lua HER. Gratulerer med dagen til alle fedre og flotte personar med farsroller.

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med flotte gåver.
    Skjerfet er nydeleg. Eg er sånn skjerfedame som MÅ ha noko rundt hals
    og skuldre. Dette hadde gjort susen trur eg :)
    Eg kjem til å heie på Molde i cupfinalen. Hugsar godt den dagen i fjor, eg var heime åleine og heia og hylte då Hødd vann. Ein blir hekta i slike
    situasjonar sjøl om eg aldri er på fotballkampane elles. Fyl berre med i kulissene.

    Ynskjer deg ein fin søndagskveld !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Ja, her var det velstand! Lekkert sjal du valgte! Det er så fint til deg. Skal ta meg en tur innom hos Birgitte nå etterpå. Fikk nemlig lyst til å strikke dette også. Så fint at du vant denne boka! Du må være den perfekte mottaker.

    Fin supporter-lue! Jeg heier også!

    Ha en fin søndagskveld!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Hei Edny.Shjerfet er nydeligt ,det kledde du godt:)))Og boken såg veldigt spennendes ut.
    Ja nå er det en stund siden vi var i molde,Eg hadde en kjempefin helg,som eg tenjer på med stor glede.Utroligt kjekt og se arbeidene dine i virkligheten.Flott utstilling.Eg holder på med julegavene for tiden.Og som vanligt har eg begynt aaalt for seint.Du må ha en flott førjulstid Stor klemm fra Åsane:))

    SvarSlett
  4. Jo skjønner godt at du ble fornøyd med det sjalet for det var nydelig:) Og mye annet flott har du også fått:)

    SvarSlett
  5. Heldige deg; kjempefint skjerf og sikkert mange idear å finna i boka!

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...