søndag 6. januar 2013

Hekla hals og premiar


I dag er Heilage tre kongars dag, og 13. dag jul. 13.dags-Knut jagar jula ut, heiter det. Andre svergar til 20.dag. Det er både vemodig og godt å rydde ut jula, for det er så mange koselege og minnerike ting.  I romjula vann eg to give-away, som du kan sjå lengre ned. Og som eg lova i siste innlegg, så kjem eg snart med give-away og sjølvprodusert premie;)  Men sjølv om jula er over, så fekk eg endå ei gåve i helga! Snille Birgitte passar på at mor ikkje frys, og ho har hekla denne deilige kragen til meg i Drops Alpakka. Eg fekk plukke ut fargane sjølv.


Den går to gongar rundt halsen, og kan brukast både med og utan vri. Dei lyse knappane pyntar opp.


Tusen takk Birgitte! Denne blir nok mykje brukt;) Meir av Birgitte sin store og fine produksjon kan du sjå på bloggen hennar.


Og her kjem gevinstane mine! Eg fekk to kjempefine stoff, eit flott stoffmerke og eit koseleg englekort frå Bentes Quiltehage. Besøk den fine og inspirerande bloggen ho har! Tusen takk, Bente!


Cathrines Kreative Hjørne hadde ein kjempeflott julekalender i desember med mange luker og premiar, og eg var så heldig å vinne 1/2 års abonnement på bladet Familien! Eg likar veldig godt handarbeidssidene i Familien, så det er midt i blinken for meg;) Og bloggen til Helen Cathrine er absolutt verd eit besøk;) Tusen takk!

17 kommentarer:

  1. Gratulerer med dei fine gåvene og premiane.
    Ein god start på året dette :)

    Ynskjer deg ei fin ny veke !

    SvarSlett
  2. Heldige du som har fått så mye fint! Gratulerer :)
    Den halsen var lekker, flink datter du hat.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med gevinstane! Alltid kjekt å få noko anna enn rekningar i posten. Så kjempeflott den halsen blei. Likte godt fargane du hadde plukka ut. No skal eg rydde bort jula.

    SvarSlett
  4. Flott med den halsen du fekk :-)
    Og flotte gevinstar du har fått!
    Skal snart ha eit innlegg om kva eg har vunne i det siste.

    Fin søndags kveld!!

    SvarSlett
  5. Gratulerer med flotte premier, så gøy!

    Ønsker deg en ny flott uke!

    Klem fra Marianne

    Jeg lodder ut billetter til Gave og Interiørmessa

    SvarSlett
  6. den halsen var den fineste jeg har sett....så delikat !

    For noen flotte giveawayer du har vunnet....gratulerer!

    klem tone

    SvarSlett
  7. Kjempefin hals, og nå har jeg vært hos din datter, og hun er sannelig flink..hun også!
    Godt nytt år;) klem;)

    SvarSlett
  8. Kjempefin hals og flotte premier.
    Klem

    SvarSlett
  9. Superfin hals :) Koselig med bilde av deg her også *fnis*

    Ønsker deg en fabelaktig start på uken! Her skal resten av kvelden brukes på en etterlengtet bloggerunde, tiden strekker dessverre ikke til lenger *uff* kjenner jeg savner fininger som deg.

    Klemklem

    SvarSlett
  10. Nydelig hals, og kjekt at flere venter til 13. Dag jul før alt ryddes bort!

    SvarSlett
  11. Jula ryddast ut 13. dags jul her. Hellig tre kongers lyset brennes helt ned. Nå ser jeg frem til vår og lysere dager :)

    SvarSlett
  12. Det var en fin hals i vakre farger :-) Heldige du som vant så fine premier!

    SvarSlett
  13. Super hals i nydelige farger, og flotte premier.

    I morgen skal jula pakkes ned her i huset.

    SvarSlett
  14. Litt premiedryss og gåver er ikkje å forakte.
    Likte veldig godt halsen du har fått. Den varmar nok deilig i kulden....og fine fargar på den.
    No skal eg kike innim bloggane til dei damene du linkar til.
    Fin veke til deg.

    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  15. Kjempefine gaver og halsen var
    bare såå lekker,herlige farger
    og så smart med knapper på.
    Ha en fin ny uke.
    Klem fra Mette.

    SvarSlett
  16. Slett ikkje verst å få so mykje fint i starten på det nye året! Halsen var knallings, tøff:) klem

    SvarSlett
  17. Så fin hals og premier! Gratulerer!! :-)
    Ha ei fin-fin uke! :-)

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...