tirsdag 27. oktober 2015

Nye konglekransar


Eg fekk idéen til konglekransar med hekla roser i fjor.
No nærmar det seg messetid igjen, så då har eg laga nokre nye.




Denne kransen i duse fargar, kan eigentleg  brukast året rundt.






Så måtte eg prøve ein krans der konglene har si naturlege farge.
På ein lys vegg kjem den til sin rett


No ligg nokre fleire kransar til tørk, og der har eg lyst å prøve å dekorere med nye fargar.
Resultatet kjem nok her på bloggen etter kvart.

lørdag 24. oktober 2015

I mørket er alle kattar grå.


Sist helg var eg i Nordfjordeid på Vestlandstreff, 
og det var flotte dagar som ga mykje ny inspirasjon.


Eg gjekk på kurs i fri design med Frøydis Myhre. 
Ho snakka om mange ulike måtar å skaffe seg inspirasjon til eit produkt, 
og la "vegen bli til medan du går". Eg starta med eit dystert hus i natta.


 Undervegs fekk vi tips av Frøydis, og vi vurderte kvarandre sine arbeid. 
Alle hadde veldig ulike utgangspunkt, og det var nyttig å tenkje høgt saman med fleire.
Ved kursslutt trudde eg at berre lukkekanten igjen.
Men etter heimkomst følte eg at noko mangla.


Vindauga og pipa blei tydelegare markerte.


Den lyse rammekanten fekk tekst.


Og ein katt fekk kome fram i mørket.


Dermed fekk heile biletet eit løft, og eg fekk lyst å fullføre det.


Alle sidene fekk ulike lukkekantar.


Damene i Nordfjordeid hadde laga eit fantastisk arrangement for oss, 
og vi fråtsa i stoff, utstillingar og god mat. 
Kakebordet i kaféen med heimlaga kaker av alle slag, var eit syn både for auge og gane. 
Og denne flotte "lappekaka" vakte sjølvsagt beundring blant oss stoffgalne.


Triveleg reisefølgje og flott haustvér danna ei perfekt ramme for ei topp quiltehelg.


lørdag 10. oktober 2015

Fleire småmapper


Mapper og pungar med glidelås er praktiske til ulike formål. 
No prøvar eg meg fram med ulike modellar.


Ein hund måtte berre få vere med til dette beineldoradoet.
Og blir han ikkje mett, så blir hannok verande.


Utgangspunktet er trekantar, og fronten er quilta før 
samansying med for og glidelås.


Her har eg brukt ferdigkutta kvadrat saman med stoffstrimlar til fronten.


Hempe i enden og snor i glidelåsen gjer det enklare å opne og lukke.


Omtrent same framgangsmåte, men likevel så forskjellige.


Merking er kjekt å få med.


Då er det berre å fylle dei med skrivesaker, strikkepinnar, eller kva ein vil.

tirsdag 6. oktober 2015

Klasseprosjekt


For ei tid tilbake hadde vi prosjekt i forming med å lage fellesbilete. 
Kravet var samarbeid både med bakgrunn og dekor. 
Kvistar frå naturen skulle vere med. 


Bakgrunnen er maling og effektar på lerret.
Kvisten er pynta med perler på ståltråd og utstansa sommarfuglar.
Hjartepynt av tyll, lim og perler.


Her er bakgrunnen i same stil, 
men pynten er eit stort kvisthjarte, som er dekorert med ståltråd og diverse perler.






Det er kanskje ikkje så vanskeleg å sjå at det er ei jentegruppe som står bak. 
I alle tilfelle så pyntar dei fint opp i klasserommet.

onsdag 23. september 2015

Hobbyklubben


Her om dagen låg det ei pakke på trappa då eg kom heim frå jobb. 
Kjekt med serviceinnstilt landpostbud som leverer på døra;)
Inni pakken var det ei kjempestilig veske, 
og det første eg tenkte på var at den var perfekt til skjerfet mitt!
Blad og haustfargar er jo meg.


Pakken var frå bokklubben Hobbyklubben, og her er eit utdrag frå brevet. 
Og ja, det var skikkeleg overraskande og gledeleg! 

Eg har vore medlem i Hobbyklubben i mange år. Dei utviklar seg i takt med tida og har bøker og utstyr for dei fleste hobbyinteresser.

I eit medlemsblad såg eg at dei ville kome i kontakt med og samarbeide med nokon som bloggar om sine hobbyar. Då sendte eg inn ein søknad og presentasjon om meg sjølv og bloggen min. 
Og så var eg blant dei heldige som får vere Hobbyambassadør;) 


Til meir eg kikka i veska, til meir overraska blei eg. 
Der var ei moderne fargeleggingsbok og to etui i same stil som veska.


Og ikkje nok med det, for etuia var ikkje tomme.


Her var både heklekrokar, strikkepinnar og saks.


Gjett om alt skal prøvast!


Veska er praktisk, stødig, sydd i regntett stoff og har glidelåslukning. 
I tillegg er den romsleg, har ei glidelåslomme inni 
og to sidelommer med magnetlås på utsida.

Eg har allereie tatt den i bruk på arbeid. 
Den rommar både småsaker, matboks, bøker og heklearbeidet til fergereisa.



For to år sidan fekk eg dette nydelege haustskjerfet. 
HER kan du sjå innlegget om det på Birgitte sin blogg Handmade by BiR. 

No gleder eg meg til hausten med både veske og skjerf. 
Tusen takk til Hobbyklubben for kjempefin og overraskande gåve!
"You made my day."

søndag 20. september 2015

Nye trekantpungar


Eg prøvar meg fram med fleire trekantpungar,
og no har eg nesten alt slik eg vil ha det.


For ei tid tilbake gjekk eg på eit kurs med Bente Malm, 
der vi laga og dekorerte vårt eige stoff med bitar av ulike stoffkvalitetar, 
garn og effektar. Alt blei sydd saman og dekorert med frihandsquilting. 
No kom eg over ein slik bit eg laga, og det var nok til to små pungar. 
Artig å sjå kor ulike dei blei, sjølv om tilbehøret er likt;)


Slik er dei frå den eine sida.


Og slik frå den andre sida;)


Hempe i toppen, og snordekor i glidelåsen 
for å få betre tak.

søndag 13. september 2015

Trekantpung av dongeribukse


Eit buksebein, ein brukt glidelås og nokre pynterestar blei til ein trekantpung.
 Eg er glad i gjenbruk og redesign.


Applikasjon og pynteknapp på den eine sida. 
Hempa er ein bit av oppleggskanten på buksebeinet..


Den andre sida viser buksesaumen og litt pynt.


Lilja har overvintra ute, og no kjem endeleg blomstrane.


Denne hortensiaen har vore ein liten tufs i mange år, 
men plutseleg i år har den blitt både stor og sterk;) 


Den har nok levd etter desse orda. 
"Wish it, dream it, do it", er ei oppfordring 
til alle som ber på ein draum. 

Og akkurat no er det nok mange lokalpolitikarar som både ønskjer og drøymer 
om å bli stemt inn i kommunestyret ved morgondagens val.
Eg tek av meg hatten for dei som "do it" 
ved å stille som kandidat og engasjere seg for innbyggjarane i kommunen. 
Vi andre må i det minste gjere så mykje at vi gir vår stemme.
Hugs at dersom du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage!

GODT VAL!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...