torsdag 30. august 2012
I det våte element
Dette er eit utdrag av ein liten quilt eg leika meg med for nokre år sidan.
Her har eg brukt stoppefoten og frihandsquilting for å skape liv i vatnet. Fiskane og havhesten er teikna av frå eit hefte, og motiva er dekorerte og markerte med frihandsquilting.
Bakgrunn og ramme er sett saman av fleire nyansar og er a-symetrisk.
tirsdag 28. august 2012
Her er oppskriftene
Her kjem oppskriftene eg lova i forrige innlegg. Begge er greie å lage når vi skal ha gjestar, for alt kan gjerast ferdig i god tid, mengdene er lette å regulere alt etter kor mange som skal spise, og det er enkelt å servere;)
KJØTTKAKER I FORM
Legg godt med smørklattar i ei langpanne om det er mange, og i ei mindre form om det er få personar.
Skjær hodekål i bitar og fordel i forma. Det kan sjå mykje ut, men synk veldig saman under steiking.
Fordel 1 eller 2 hakka løk over kålen.
Skjær poteter i skiver og fordel eit par lag over kål og løk.
Dryss på salt og litt pepar mellom og på toppen av potetene.
Sett forma i steikeomnen på ca 200 grader, og la det stå ca 1/2 time.
I mellomtida (eller tidlegare) sper du ut kjøttdeiga som til vanlege kjøttkaker.
Til denne store forma brukte eg ca 1,5 kg kjøttdeig, 3-4 ts salt, litt pepar, ingefær og muskatnøtt,
3 egg, 2 ss kveitemjøl, 3 ss potetmjøl og skumma mjølk til passe konsistens. Elta godt inn saltet først.
Ta ut forma når potetene er mindre steikt enn på bildet over:)
Legg store klattar av kjøttfarsen oppå potetene. (eg kom ikkje på å ta bilete før eg var halvvegs med det)
Bruk ostehøvelen på hardt smør, og fordel litt smør over kvar kjøttkake.
Steik vidare til potetene er skikkeleg møre, ca 30-40 minutt.
Denne forma kan også steikast sakte ved lavare temperatur, og alt kan leggast i forma før steiking.
Rett frå omnen og på bordet. Velbekomme;)
Oppskrifta på Ripsterte er egentleg lita, og skal kjevlast ut til to små leivar. Eg doblar nesten alltid oppskrifta, og gjer det her også. Vil du ha ei mindre kake, så er det berre å halvere.
RIPSTERTE
300 gr lettkokte havregryn, 200 gr sukker, 3 egg, 1,5 ts bakepulver, 12 mandeldråpar.
Ha alt i ein bolle og bland saman. Eg brukar ein slikkepott.
Fordel røra på to bakepapirkledde plater.
Klipp opp ein plastpose og legg over røra når du kjevlar den utover. Då slepp du masse kliss.
Steik ved 175 grader i 10-15 minutt, til leivane er gyldne. Avkjøl på brettet.
Legg den eine leiven på eit brett. Er den for stor, er det berre å knekke av litt til det passar.
Fordel vaniljekrem over. Her brukte eg nesten to ferdigpakkar. Legg det andre flaket oppå.
På toppen er det krem av 1 pk fløte og ca 1-2 ss sukker. Fordel rips på toppen. Vent gjerne med krem og rips til like før servering, for då kan kaka berre vente på benken. Og sjølvsagt kan andre bær eller frukt brukast på toppen. Då håper eg det vil smake;)
søndag 26. august 2012
Duk og hagestue
Min mor er flink med hendene og har hekla og strikka mykje gjennom åra. No hadde ho hekla ein duk, men syntest den vart for grov for henne. Så lurte ho på om eg kanskje kunne bruke den på uteplassen. Svaret var sjølvsagt ja, for duken er jo kjempefin!
Vi hadde nabotreff i går kveld, og då passa det å innvie duken;)
Kveldane har blitt kaldare og mørkare, men no har vi fått montert glasdører på uteplassen, og då kan vi bruke den meir som ei hagestue. Og så er det godt med lys og varme frå peisen.
Og då passa det godt å servere mat i mamma sin ånd også;) Kjøttkaker i form var min yndlingsmat i barndommen, og det var alltid mitt førsteønskje når eg fekk velge, f.eks. bursdag og første skuledag.
Det har blitt ein familierett som alle er glad i.
Oppskrift på Ripsterte kjem også frå henne. Havregrynsbotn, vaniljekrem, krem og rips.
Enkel å lage og smakar veldig godt;)
Ute blei det skikkeleg ruskevér, men til trivelegare blei det då inne;)
Vi har kjempekjekke naboar, og det er triveleg å treffast til prat, god mat og drikke.
Oppskriftene kan eg komme med i eit anna innlegg.
søndag 19. august 2012
Kaffiglas
Å finne på gåver til mannfolk er ikkje så lett. No fekk eg ein idé til ein som drikk berre pulverkaffi. Eg dekorerte eit stort kaffiglas som kan stå på benken, og eit krydderglas han kan ta med dit han dreg.
Dekoren er av enklaste slaget. Eg har berre klipt og limt stoff rett på glaset, og knytt på ei bastsnor.
Oppå lokket har eg også limt på ei kaffitekst.
Lokket på den minste boksen er berre å vippe opp i eine sida for så å drysse kaffipulver i koppen.
Gåva bestod av desse glasa med pulver i, og kjeks og sjokolade til kaffien;)
onsdag 15. august 2012
Sydd pose
I staden for blomster, har eg sydd ein pose til ei flott dame, som har vore gjennom ein stor operasjon.
Tenkte det passa med eit ungdomsportrett som sjukepleiar. Biletet er pynta med blonde og ein liten blomst. På sidene er det band med bladranker.
Den andre sida er pynta med ein kollasj, som eg laga på eit kurs med Hilde Lien. Her er legelitteratur frå 1800-talet;) Rundt applikasjonen, er det frihandsquilta bladranker.
Posen er sydd saman av fleire stoff i like fargar. Enden av bandet er pynta med ein rosett av eit band.
Og øverst er det stoff i ei kontrasfarge. Då reknar eg med at ho har noko som kan puttast oppi;)
søndag 12. august 2012
Skumring
Eg lova premie til ein følgar og til ein kommentar, og no er desse fuglane klare til å flyge kvar sin veg. Her avslørte eg kven som blei uttrekt.
Naturprosjektet mitt er med på det meste eg lagar for tida. Her er det greiner som er festa med stoppefoten. Mål 18x24 cm.
Er det sola som forsvinn, eller månen som kjem fram?
Så Anne og Bodil, når eg får adressa di, så kjem fuglen flaksande til deg;) Håper du vil ta godt imot den;)
Og tusen takk til deg som kikkar innom her, og kanskje også legg igjen nokre ord;) Det oppmuntrar meg både til å produsere nye ting, og blogge om det. Ei riktig fin veke til deg!
Etiketter:
Art,
Give Away,
Naturprosjekt,
Quilting
onsdag 8. august 2012
Ting og tang
Ein godt vaksen mann rundar år, og sidan hans næring har vore sjøen, tenkte eg at kanskje noko av mine funn frå fjøra kan passe å lage noko av. Og vaksne gutar har vel også litt ting og tang?
Så det vart ein dekorert boks, både utanpå og inni. Og eg blei så fornøgd over idéen med tekst og tangdekor;) ;)
Utgangspunktet var denne boksen, som eg starta med å kle innvendig med stoff.
Eg smurte på lim og festa stoffstrimla. Ein linjal var fin å bruke i kantane.
Ei runde til med lim utanpå, og samtidig festa eg på band i øverkant for å få ein mjukare lyd mot lokket;)
Knytte makrame i eit skjell, og det fungerte fint som handtak. Blir så glad når eg kjem på slikt;)
Inni lokket, på baksida og under er det dekorert med ting frå mottakarens liv.
Denne engelen er inni lokket og passar på medaljen;)
Og her er medaljens "bakside". Det er veldig kjekt å lage personlege gåver, for då har ingen maken;) Og så har eg fått brukt både tang, skjell og fjør i eit prosjekt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







