Vi har så kjekke naboar, og det er triveleg å lage til treff av og til.
No hadde vi ei samling i helga, og til dessert prøvde eg å komponere mi eiga
ostekake. Den blei bra, så då kan eg dele oppskrifta om har lyst å prøve.
Til forrett var det spekemat, melon, jordbær og druer.
Og etterpå var det fiskesuppe og focacciabrød.
Så skal du få oppskrifta på mi jordbærostekake.
Knus 12 Bixitkjeks i ein plastpose med ei kjevle.
Smelt 100g plantemargarin.
Bland kjeksen og 1ts kanel med smøret.
Sett ein ring på fatet og hell kjeksrøra oppi.
Eg brukar plastposen til å trykke utover røra med.
Del jorbær i to og sett skjæresida mot forma heile vegen rundt.
Oppå er det ein ostefromasj som du lagar slik:
2 egg og 125g melis til eggedosis.
Bland i 1 beger Philadelphiaost og 2ts vaniljesukker.
Tilsett saft og skal (det gule berre) av 1 sitron,
men løys opp 6pl gelantin (blautlagt) i litt av safta.
Når det tjuknar blandast 1pk piska fløtekrem i.
Pynt med jordbær og gele.
Skjær langs kanten av forma når geleen har stivna.
Lykke til!
Det er så kjekt å pynte litt av og til.
Kor fint du laga til.
SvarSlettKjekt å kome på besøk til deg :)
Takk for oppskrifta på den flotte kaka,
den skal eg lagre og bruke ved høve.
Nyt sommardagane.
Looks delicious! Real summer cake :)
SvarSlettThank you, Saija!
Slett