Eg blei inspirert av lua som Nina Løseth hadde etter å ha tatt sin første
verdcupseier. Sidan eg ikkje har funne ein einaste omtale av lua, begynte eg å
prøve meg med litt strukturhekling, og resultatet blei denne lua enkel vaffelhekling.
Slalåm-legenden Alberto Tomba delte ut førstepremier til Nina Løseth. FOTO: NTB SCANPIX
Dette bildet av den flotte jenta, har eg henta frå smp.no. Er det nokon
som veit meir om denne lua?
Slik blei i alle fall mi lue, og har du også lyst å lage,
så deler eg min framgangsmåte her.
Eg brukte 2,5 nøster av
Dale Freestyle og heklekrok nr 6.
Sjekk om størrelsen blir passe. Visst ikkje kan du auke eller minske antal luftmasker.
Legg opp 90 luftmasker. 1.omg: Ei fastmaske i kvar luftmaske. Snu med ei lm.
2.omg: Ei fastmaske i kvar maske frå forrige omgang. Snu med 3 lm.
3.omg: Ein stav i kvar fm. Snu med 3 lm.
Så startar sjølve vaffelheklinga.
4.omg: *1 stav i staven frå forrige omg., 1 stav rundt neste stav*
Fortsett frå * til *ut omgangen. Snu med 3 lm.
5.omg: Som 4.omg. Pass på at det er dei stavane som blir ståande fram som skal heklast rundt.
(Sjå bilder litt lengre ned)
For å få rutemønsteret, er det viktig å ikkje bytte om på dette.
Ein omgang frå rettsida og ein omgang frå baksida gir heile ruter.
Ein stav i staven frå forrige omgang.
Ein stav rundt neste stav, ved å stikke kroken bak og fram igjen rundt staven frå forrige omgang.
Heklinga blir lik på begge sider.
Fortsett til lua er så lang du vil ha den før felling.
Med meg er det ni heile ruter, eller 18 omgangar med vaffelhekling.
Fell frå vranga. *Hekle 11 stavar som vaffelhekling.
Ta eit kast og før kroken bak dei to neste
utståande stavane og hekle ein stav rundt dei. *
Det betyr av tre masker blir til ei,
men frå rettsida blir det nesten ikkje synleg, fordi det er staven mellom som står ut på andre sida.
Fortsett frå * til * ut omgangen. Det blir 6 fellingar.
.
Hekle så ein vanleg omgang vaffelhekling frå rettsida.
Neste omgang frå vranga heklar du
*to utståande stavar saman, tre stavar vaffelhekling* Gjenta ut omgangen.
Til slutt hekla eg berre saman to og to utståande stavar på begge sider.
Sy saman og fest trådendar.
Sjølv om det berre var ei prøvelue, blei eg fornøgd med resultatet.
Og den passar godt til "God morgen-vottane" eg fekk i 2008.
Like gode og fine endå.
Lua er no testa, og den både varma og satt godt på.
Dette var fort gjort. Men lua blei flott, og sikkert varm og god. Det treng vi no i kulda og snøen.
SvarSlettKjempefin hue, men ditta veit eg ikkje om eg får til.
SvarSlettKanskje eg skal prøve.
Nina Løset er ei herleg jente, ho var knas då ho sto der i lag med Tomba.
Vona ho lukkast fleire gongar !
Ha ein fin laurdagskveld. Her lavar det ned.
Härlig och go mössa, ska försöka att virka en sådan.
SvarSlettTrenger varm lue no når vinteren har bestemt seg for å komme:) Lua var fin og alt kler den smukke! God helg til deg:)
SvarSlettDen ble direkte superfin!! Takk for oppskrift, vært artig å prøve seg på denne.
SvarSlettHer går vi mot snø og varmegrader, men regner med det er et kortvarig blaff:)
Nyt helga videre;)
Nydelig. Superfin.
SvarSlettFor ei flott lue...har aldri prøvd på den hekleteknikken....mangle håndarbeid no....kanskje eg skulle prøve...
SvarSlettHa en fin søndag!
Så fantastisk bildet med Nina Løseth og Alberto Tomba...
SvarSlettkjempeflott var lua og deilig har du heklet... vakre teknikk. Lua ser ut veldig godt og passer perfekt... herlig også God-morgen-vottane.
Hilsen til deg. Kos deg. Klem fra Viola
Så fantastisk bildet med Nina Løseth og Alberto Tomba...
SvarSlettkjempeflott var lua og deilig har du heklet... vakre teknikk. Lua ser ut veldig godt og passer perfekt... herlig også God-morgen-vottane.
Hilsen til deg. Kos deg. Klem fra Viola
Flot hue og et smukt mønster :-)
SvarSlettDen passer smukt til vanterne.
Aften hilsner herfra :-)
Denne fikk jeg lyst til å prøve! Skikkelig fin! Har sett på den fine lua til Nina Løseth og lurt på oppskrift, og der kom den. Tusen takk! Det går i tova-votter her for tida, og så strikker jeg Sikksakk-skjørt fra Klompelompeboka. Har nettopp sett herre-håndball. Spennende og utrolig morsomt at de vant.
SvarSlettFortsatt god søndagskveld!
Klem
Meget stilig lue! Siden du benytter krok nr. 6, så går vel dette rimelig raskt vil jeg tro.
SvarSlettSå fin lue du har laget!
SvarSlettSå stilig lue til ei stilig dame :))
SvarSlettVeldig flott lue som trenger omtale. Denne skal jeg prøve meg på selv også :D Tusen takk for mønster du deler..
SvarSlettHa en flott kveld videre ;)
Den vart kjempefin, Edny. Den ser god ut på.
SvarSlettLua var kjempefin. Har aldri hørt om vaffelhekling, jeg.
SvarSlettLua blei kjempefin!
SvarSlettFår aldri nok av luer og annet tilbehør, her i Bergen har vi hatt en uke med kulde og snø og da er det godt å pakke seg inn i ull, Hilsen beth
SvarSlettEi kjempefin lue du har laget - og enig med de andre, sånt får vi aldri nok av :)
SvarSlettSÅ LÆKKERT!
SvarSlettDU ER DYKTIG :-)
Lua ble veldig fin, så flink du er! Takk for at du deler oppskrift! God helg!
SvarSlettDet var en fin lue :)
SvarSlettUtrolig fin lue. Det er nesten så jeg får lyst til å prøve meg med heklenålen.
SvarSlett