søndag 13. september 2015

Trekantpung av dongeribukse


Eit buksebein, ein brukt glidelås og nokre pynterestar blei til ein trekantpung.
 Eg er glad i gjenbruk og redesign.


Applikasjon og pynteknapp på den eine sida. 
Hempa er ein bit av oppleggskanten på buksebeinet..


Den andre sida viser buksesaumen og litt pynt.


Lilja har overvintra ute, og no kjem endeleg blomstrane.


Denne hortensiaen har vore ein liten tufs i mange år, 
men plutseleg i år har den blitt både stor og sterk;) 


Den har nok levd etter desse orda. 
"Wish it, dream it, do it", er ei oppfordring 
til alle som ber på ein draum. 

Og akkurat no er det nok mange lokalpolitikarar som både ønskjer og drøymer 
om å bli stemt inn i kommunestyret ved morgondagens val.
Eg tek av meg hatten for dei som "do it" 
ved å stille som kandidat og engasjere seg for innbyggjarane i kommunen. 
Vi andre må i det minste gjere så mykje at vi gir vår stemme.
Hugs at dersom du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage!

GODT VAL!!

9 kommentarer:

  1. Så flott. Ser ut som ein sommarfugl mellom blomstrane.

    SvarSlett
  2. Helt enig - stem ved valget!!! Vi er så bortskjemte her at vi glemmer at mange blir drept rundt om i verden for å bare si at de ønsker demokrati.
    Nok om det, for en utrolig stilig og kul pung!!! Kreativ er du!!!!!

    SvarSlett
  3. Vi har akkurat gjort vår borgerplikt. Gledelig var det å høre at valgoppmøtet var stort, og enda er mandagen igjen. På kirkevalget var det større deltakelse til nå enn på begge valgdagene for 4 år siden. Det er alternativ liste til bispedømmerådet her. Kanskje det er en grunn?
    Fin pung! Det er så artig å se det du skaper av "verdiløst" materiale.

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Åh! Den var fin :-)
    Og gjenbruk heiar eg på!

    Ja, all ære til dei som stiller opp. Det kan vere hektisk nok det.
    Eg var med i det politiske livet (i styrer, men berre var i K-styret) frå 1995-1998.
    Då slapp eg fri pga svangerskap og fødsel.
    Kjekt vere med så lenge ein hadde noko å fordele, men "når krybba er tom bitast hestane".
    Her er kun val i morgon! Må gjere mi plikt ja :-)
    Fin ny veke!

    SvarSlett
  5. Flott trekantpung.
    Kreativiteten din er eneståande.
    Eg går til valglokalet i dag når dei opnar, sjølvsagt gjer eg det.
    Det står respekt av dei som stille opp, men eg har aldri stått på liste,
    Mannen min har vore aktiv i politikken nesten heile vårt samliv.
    No har me ei svigerdotter som står på sikker plass, så det mangla ikkje på
    politiske diskusjonar når me er samla.

    Ha ein fin dag.

    SvarSlett
  6. Kjempe tøff trekant pung. Gøy med gjenbruk :-)

    SvarSlett
  7. Herlig trekantpung, har virkelig sansen for gjenbruk. Det gir en god følelse når noe får nytt liv og kan brukes videre :)

    SvarSlett
  8. Så flott😀. En gang skal jeg også prioritere symaskinen, fremfor strikkepinnene. Så mye fint en kan lage😊

    SvarSlett
  9. Så fin pung. Kjekt med blomstring utover høsten.
    Ha ei fin helg.
    Elisabeth

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...