lørdag 11. januar 2014

Slumreteppe


I fjor hadde eg hekling av lappar som fergearbeid. Det er snerte å jobbe med i bilen, og berre å slenge borti setet når eg må kjøre på land. Fergeturen er berre 10-15 minutt, men det er rart kva ein får gjort når ein pendlar kvar dag.
Utgangspunktet for desse rutene er mønsteret Romantic Memories fra Drops design. 


Men eg har brukt anna garn og andre fargar, og eg har stavar i staden for halvstavar på siste runde. I tillegg har eg ei runde med stavar i koksgrå farge. Her er brukt Karisma garn og heklekrok nr 4,5, og rutene består av grøn, blå, lyst og to gråfargar. Mot slutten sat eg att med mange smårestar av garnnøstane, og bestemte meg då for å hekle nokre ruter med fleire fargar. Det er eg glad for no, for det kvikkar opp teppet.


Eg hekla to omgangar med stavar som ramme. Det blei litt dystert, så det blei ein kant i tillegg med innslag av grå bouclé fra Sandnesgarn.


Eg er så glad i å fotografere ved denne avkappa greina;) 
Det er ikkje berre på tur eg finn hjerter. 
Rutene er hekla saman frå baksida med kjedemasker i ytre maskeledd. Det gjer teppet stødig.


Kanten rundt blei avslutta slik: ei fastmaske i kvar tredje stav og to luftmasker mellom. 
Bouclétråden blei hekla inn i fastmaskene.


Heklearbeidet starta eg på i mai, og fargane blei plukka berre fordi eg likte dei. 
Utpå sommaren fekk eg så lyst på litt gardinforandring, og skreiv etter nokre roll-up-gardiner frå Jotex til 35 kr pr stk!! Uvante fargar gjorde at stua blei litt ny for ein veldig billig penge;) 
Ein dag eg sat på ferga og hekla, slo det meg at fargane var no dei same! Så kjekt, og så bra. Dette er fargar eg aldri har brukt i huset før. Kanskje det skjer eit under til snart også; -at eg målar karmane i staden for berre å tenkje på det;)


Teppet måler ca 150 x 120 cm, og består av 10 x 8 ruter. 
Vekta er 1470 gram, så det er ikkje rart at eg kokte fleire gonger under monteringa.


Men ein og ein halv kilo ull varmar godt no når kuldegradene kjem snikande. 
Og ertersuppa kokt på kraft frå nyttårsteika, varma også godt i dag. Den var faktisk veldig god med gulerter, byggryn, gulrot, løk, mårbitar, timian og urtekrydder. 
Og at det no kjem litt snø og minusgrader, er vel meir normalt for årstida enn 10-12 grader 
som vi har hatt til no i vinter. 
Så må eg vel finne meg eit nytt fergearbeid i det nye året. 
Minner samtidig om gi-borten min, om du har lyst å vinne.



20 kommentarer:

  1. Nei dette var ikke Edny farger, men jeg ser hvem som har inspirert deg..(M.I ?) pendlerarbeid er ikke å kimse av, jeg strikka mange duker på vei over fjorden for noen år tilbake! Nydelig og varmt koseteppe dette Edny, her er det fyr i ovnen og bloggsurfing.. God helg, så snakkes vi på onsdag!

    SvarSlett
  2. Så herlige farger i det store, fine teppet! De rutene laget av restene er prikken over i'en! Tenker dette teppet varmer godt :) Smart å utnytte tida på ferga, det blir mange minutter i løpet av ei uka. Du må vise oss ditt nye fergeprosjekt :)

    SvarSlett
  3. Så flott ett teppe...flotte farger også....jeg har vært å kjøpt meg garn i dag jeg også, som skal bli til ett nytt hekleteppe...det blir bare jordfarger i mitt teppe denne gangen....fint om vi får se ditt nye fergeprosjekt også....ha en fin helg....

    SvarSlett
  4. Å for et herlig teppe i nydelige farger! Og så godt det passet til gardinene og rommet ellers! :) Sjarmerende hjertetre. Den ertesuppa di hørtes veldig god ut.
    Ha en fortsatt god helg! :)

    SvarSlett
  5. Nyyydelig! De flerfarga rutene gjorde virkelig susen! Gleder meg til å teste når jeg kommer hjem:)

    SvarSlett
  6. Så koselig teppe, og kjekt å utnytte tida når du kjører ferje hver dag! "Mange bekker små...."
    Synd at ikke vinduskarmer maler seg selv om vi bare tenker hardt nok på å male dem....
    God søndag!

    SvarSlett
  7. Et kjempeflott teppe !
    Lurt å nytte tiden på ferjeturene..det kan bli mye fint ut av det .
    Ha en fin helg !

    SvarSlett
  8. Nydelig teppe - og så morsomt med litt andre farger i interiøret. :-)
    Vi brukte mange år på å få malt vinduskarmene - da det endelig ble gjort var det mannen i huset som foreslo det. ;-) Etter "noen" hint fra meg, selvsagt. ;-)
    Ha en finfin søndag!
    Klem, Marianne.

    SvarSlett
  9. Så flott teppe du har heklet. Smart med litt fergearbeid, det er koselig. Nydelige farger på teppet også, og det passer jo perfekt til gardinene. Gøy å skifte farger innimellom, men du verden så lett det er å kjøpe noe i samme skala som det en allerede har...

    SvarSlett
  10. Kjempeflott teppe du har heklet - og de flerfargede rutene ble prikken over i-en!
    Flott artikkel i innlegget under her!
    Ønsker deg en fin-fin søndag! :-)

    SvarSlett
  11. Eg startar med det siste først, eg er sikker på ertesuppa di var kjempegod. Eg brukar også kraft frå middagane i jula som regel til brennsnut.
    Teppet ditt er nydeleg, sjeldne, men lekre fargar. Og så smart å ha gardiner til ! Me har måla glaskarmane kvite, og det er nydeleg, du vil ikkje angre om du gjer det. Me tok mykje av panelen også, og det vart som nye rom, lyse og glade.
    Eg har eit prosjekt med ruter til teppe, med fleire fargar i rutene. Det går seint, lenge imellom eg tek det fram... kanskje eg blir inspirert av deg ?
    Så til nyper: Du spør om eg seier djuper, nei eg seier juper, det er vanleg her, men i ordboka står djuper difor brukar eg det. Nyper er litt framant å seie ..

    Fin søndag frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. retting; Eg skriv djuper, men seier juper....

      Slett
  12. Virkelig flott teppe! Fine farger sammen :)
    God søndag videre!

    SvarSlett
  13. Godt nyttår til deg Edny.
    For eit spesielt og flott fargeval du har gjort til teppe ditt. Likte det veldig godt. Og så supert med gardinene som passa til. Det gjer seg sikkert som du seier med nokre strøk maling på glaskarmane. Lyse flater gir eit heilt anna inntrykk....veldig fint suns eg :))
    Ha det godt, frå MarJE.

    SvarSlett
  14. Her ligg det mykje arbeid bak!!! Vart skikkeleg flott!
    Takkar òg for koselege kommentarar hos meg!
    Ha ein fin veke!
    Antaklem ;)

    SvarSlett
  15. Kjempefint teppe! Gode fargar du har brukt.
    Om du malar karmane dine, kjem du garantert ikkje til å angre på det. Det åpnar opp og blir sååå mykje lysare og trivelegare:) Vi har snart berre den lakka furutrappa igjen frå 'furuhelvetet' på 90-talet, men det sit langt inne å gjere noko med den - sidan den går over to etasjar...

    SvarSlett
  16. Kjempefint teppe, lappehekling er gøy :)

    SvarSlett
  17. Vilken tur att jag fann din blogg. Din blogg är mycket intressant och idérik. Tack för titten.

    SvarSlett
  18. Du,så fint det teppet ble! Og i mine yndlingsfarger!
    Ha et kreativt nytt år!

    SvarSlett
  19. Du verden så flott teppe . Delikate farger:)

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...