Festantrekka var til sjølvaste prinsessa og Espen Askeladd. Alle var inne på at det var smått og i dokkeformat, og gratulerer til Lisa som sa kongeleg! Og forslaget til Maj Liz om feiring av at Møreaksen er vedtatt, har eg absolutt sansen for:) Det betyr at det blir ferjefritt mellom Ålesund og Kristiansund om nokre år, og vi bur midt mellom.
Og eg har også sansen for Askeladden. Han er seg sjølv og let seg ikkje knekkje av mobbing og latterleggjering. Ikkje er han hevngjerrig heller. Han er derimot kreativ, omsorgsfull, hjelpsam og viser at det gode seirar. Med stor sjølvtillit har han fått prinsessa og halve kongeriket.
Eg driv ikkje med slektsforskning, men har fått det for meg at Askeladden stammar frå Midsund. Og han må sjølvsagt ta på seg festtrøya når han skal vise seg med sjølvaste prinsessa.
Og det er ikkje kva som helst slags prinsesse han har fått på kroken, for kongen var så fortvilt over at ho var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne. Kongen hadde sett henne nesten mållaus ein einaste gong, og det var då han kom heim frå Thailand med desse små og nydelege konglene. Du veit at i eventyra så reiste dei langt og lengre enn langt:)
Prinsessa var så glad i konglene at ho fekk laga ein krans av roser og kongler då ho forlova seg.
Og eg må seie tusen takk til Anne Karin som kom med slike kongler til meg då ho var i Thailand:)
Askeladden er miljøbevisst og ser seg nytte i det andre kastar frå seg. Nettopp derfor greidde han å målbinde prinsessa. "Jeg fant, jeg fant", sa Espen Askeladd og tok med seg det brødrene meinte berre var søppel. Han fann krokete bukkehorn, som her er representert ved pinnen. Ein utgått skosåle er erstatta av fotspor. Her er berre fjøra att av ei død skjære, og stoffet med sprekkene er for skålbrottet (potteskåret). Ringane på stoffet over toppen av fjøra, er for vidjespenningen, som er vridde tre- eller rotskudd av bjørk. Det blei mykje brukt til å feste saman ting. Og bokstavane som er hulter til bulter, står for alle krokute ord:) Alle desse minna er ramma inn av påsydde kvistar.
Til og med så offentlege personar må få ha noko hemmeleg for seg sjølv.
Glade svingar dei seg i dansen.
Og forhåpentlegvis vandrar dei saman og lever lykkeleg alle sine dagar.
Herleg!
SvarSlettSå flink du er :-)
Dette var eit koseleg eventyr, eg sit her og smiler for meg sjølv:)
SvarSlettKlem frå byen
Du og du Edny.....du slutter aldri å overraske!! Blir så imponert av din kreativitet. Helt fantastisk flott laga og skreve.
SvarSlettKJEMPEBRA!!!:))
Sååå nydelige festantrekk!!
SvarSlettDu er utrolig kreativ og flink og tryller frem de lekreste ting!
Koselig historie:)
Ønsker deg en fin fin kveld og en ny god uke!
Klemmer fra Janne
Så artig! Du er jammen oppfinnsom og "flink med hendan" som de sier her! Vi er vel mange som lar oss fasinere av Askeladden. Koselig å se han festkledd!
SvarSlettHa en strålende mandag!
Klem fra Ingunn
Kjempefint. De skal vel bli med deg til Sarpsborg disse 2 også.
SvarSlettAstrid
Så fine de ble da, du finner på stadig noe fint du, flink er du iallefall :-)
SvarSlettFin dag..
Så nydelege, og så fint eventyr :)
SvarSlettWow for et kreativt hode du har. Blir stum av beundring, selv "hønene" blir stumme:))
SvarSlettFor en fin historie, og med like fine hovedpersoner. Du er sååå kreativ, og gjør ting helt på ditt eget vis.
SvarSlettHipp hurra for Møreaksen! :)
Et nydelig par, og koselig historie du har laget til dem!
SvarSlettDu er utrolig kreativ! Flotte figurer med fint festantrekk :-)
SvarSlettNå klarte du å målbinde meg..Så fine figurer i finstasen! Artig å lese det du skriver!
SvarSlettDet är ett fantastiskt fint par som Du har gjort, tycker jag. Du har en otrolig fantasi och skaparförmåga!
SvarSlettDollandesign
De ser så glade og fornøyde ut, de to:)
SvarSlettFlotte dukker og god tekst!
Herlig innlegg, både når det gjelder tekst og bilder! Du er fantastisk flink! :D Ja, en blir jo helt stum av beundring! Nydelig hjerte også! Jeg har alltid hatt sansen for Espen Askeladd! Takk for at du nevnte meg! Det var jo morsomt at jeg hadde litt rett da! :)
SvarSlettKlem Lisa
Hei Edny. Artig innlegg! Eg har hatt trekking på bloggen min og du er den heldige vinneren. Dersom du sender meg ei adresse kan eg sende boka til deg! Helsing Tones ting og tang:-)
SvarSlettFornøyelig lesning og flotte figurer fra eventyret, i fineste stases!
SvarSlettSo artig Edny!
SvarSlettNydelig
SvarSlett