fredag 30. mars 2012

Jula varer heilt til påske


Det som ikkje blir gjort med det same, har ein tendens til å bli liggande på vent,
i alle fall med meg... Og dette er altså ei forsinka julegåve; -ein tennbrikettboks som blei ferdig til palmehelga!! Men no snøar det faktisk ute, så det er kanskje bruk for vedfyring endå;)
Boksen er dekorert ulikt på sidene, så då kan dei nok variere kva som skal visast mest.
På den eine sida er to strykemerke sydd på med sølvtråd på sidene.
Midt mellom er det sølvstjerner og perler, og eit blondeband øverst og nederst.
I tillegg er det orandje pyntestikningar rundt.



På den andre sida er det eit hekla hjarte med sølvkant rundt. Ein engel er festa på med sølvtråd, blondeband og ein tags med "made for you" på.


Det er også festa på nokre perler og ein knapp for å friske det meir opp.
Øverst er eit band med tekst "wish hope dream" kombinert med blonde og "diamantar".



Det heile er avslutta med ein grov blonde, merkelapp og ein knapp.
Eg håper boksen og fargane fell i smak, og at jule-påske-gåva kan bli til nytte og glede;)

5 kommentarer:

  1. Åh, der minnet du meg på noe... Jeg har også en "allerede gitt bort" julegave liggende på vent... Har tom glemt det bort...

    SvarSlett
  2. Denne var flott! Og verdt å vente på for mottakeren ;)

    God påske :)

    SvarSlett
  3. Veldig fin og forseggjort! God påske! :o)

    SvarSlett
  4. Hei Edny! Så lekker boksen din ble. Artig med det blå hjertet. Jeg liker også å dekorere bokser og esker, så dette var et innlegg jeg likte svært godt.

    Riktig god påske til deg!

    SvarSlett
  5. Lillian Blø Rakvåg1. april 2012 kl. 02:28

    Tusen takk, Edny:) Boksen har kommet på utstilling i stua og som du veit så falt alt på boksen i smak med mottakane:)) Du er super og heimelaga gåver er berre stor stas:) Veldig flott. Sjølv om det går mot sommar så har vi av og til fyrt i ovnen heilt til juni... så den blir nok ståande framme!! Vi hadde ikkje samna noko julegåve, men blei veldig overraska og glad då eg og Nils Stian fekk den:) Tusen takk igjen og god påske!

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...