onsdag 14. mars 2012

Ei dame forut for si tid


Det er berre å ta av seg hatten for Maria Montessori. Alt den dama greidde å gjennomføre lenge før datamaskiner, internett, mobiltelefonar og anna teknologi ordnar opp for oss, greier eg ikkje å fatte. Og det kunne ikkje vere enkelt i eit mannsdominert samfunn. For å forklare biletet og tanken bak, må det bli ein del tekst i dette innlegget.


Maria Montessori er grunnleggjaren av montessoripedagogikken, og den brer seg endå over heile verda. Ho var frå Italia, og blei bl.a. lege, pedagog, antropolog, forfattar av mange bøker, foredragshaldar, starta barnehagar og skular i fleire land, utvikla mykje læremateriell som endå er i bruk, osv, osv. Her har eg overført bilete av litt kjent montessorimateriell frå språk og matematikk. Gullperlene er sentral, og derfor har eg laga ein tiarstav.
"Hånden er hjernens redskap" er hennar mest kjente sitat, og det var det sitatet som fanga meg.
Fredag 16. mars går det eit program om henne på NRK2 kl 20.10. Då er eg i Bergen på årsmøte i NQF, så eg håper inderleg at det går i reprise.


Montessoripedagogikken har fokuset på praktisk læring ved bruk av alle sansar.
 Barna skal gjere og erfare, eksprimentere, studere, sjå kor det utviklar seg frå frø til ulike vekstar, lære om alle levande skapningar, verdrommet, korleis alt har ein samanheng osv.
Ho var veldig opptatt av fredsarbeid, og sa at "Skal det bli fred på jord, må vi starte med barna". Maria Montessori var nominert til Nobels Fredspris tre gongar. Fred blant menneska er den raude tråden i hennar bodskap, og den raude tråden knyter også barna sine utviklingsfasar saman. Derfor har eg prøvd å la den raude tråden gå gjennom biletet, og frå den frihandsquilta rosestilken. For å skape balanse, er den også med i alfabetet, som endar i ei rose av silkeband. Inni rosa er det hekla metalltråd, slik som første del av alfabetet heng i. Før heklinga er det tredd på grøne perler. Dette er også brukt i hjartet, og sommarfuglen i midten er eit symbol. Montessori samanliknar den forvandlinga 6-åringane går gjennom, med metamorfosen, -den forvandlinga som skjer frå larve til sommarfugl.


100 år etter Maria sin fødsel, blei ho heidra på mange måtar, og aller mest i Italia. Her har eg kopiert eit frimerke over på stoff. Omriss og nervar i bladet og andre detaljar har eg frihandsquilta, og sitata er sydd på frihand med symaskin.


I jubileumsåret var ho å finne i trykt versjon på mange måtar. Her er små bilete både av frimerke, pengesetlar og frå hennar rikhaldige liv. Dette har eg ramma inn med diamantblonde. Ulike redskap er også med for å vise noko av det barna kan bruke.


Nederst legg den raude tråden seg i hjarteform, og her er mange ting som kan utforskast, som bark, barnåler, kongler, fjør og alle nervane som finst i blad.
Dette biletet er ei gåve frå meg til Midsund Montessoriskule, der eg starta som rektor då skulen starta opp i 2009. Håper det kan vere til glede og inspirasjon for alle som brukar huset;)



12 kommentarer:

  1. Woow for et kunstverk. Den ble kjempefin. Bra det fins slike kvinner.

    Elisabeth

    SvarSlett
  2. Hei
    For et kunstverk å ha på skulen fra en rektor.Og for ei Dame til minne om,mange kloke ord her.Dette bildet er det mye arbeid og sjel i,finst ikke maken:))
    Beste hilsen Quiltegleder Margrethe

    SvarSlett
  3. Du verden kor lekker collage!!! Ja den dama har eg fått meir og meir respekt for ettersom ein høyrer meir om henne (det er iallefall ingen skule som er så kjekk (sitat Oda) :)
    Trine

    SvarSlett
  4. Er stor tilhengar av Montessoripedagogikken - og saknar skulen vi hadde her titt og ofte...

    Kjempefint bilde du har laga :)

    Klem

    SvarSlett
  5. Flott bilde. Programmet kan du sikkert se på Nrks nett-Tv, der ligger programmer gratis i 30 dager etter det er sendt.

    SvarSlett
  6. Du er litt av en kunstner Edny. God tur til Bergen.blir ikke blogging på 1 mnd med meg no, så du får ha meg undskylt.

    SvarSlett
  7. Lillian Blø Rakvåg15. mars 2012 kl. 00:49

    Kjempeflott Edny! Og vi er veldig glade og stolte for å kunne henge dette opp. Må berre finne ein verdig plass for det;) Du er superflink til så mangt!!

    SvarSlett
  8. Veldig, veldig fint!

    Ønsker deg en fin dag!
    Klem, Marianne.

    SvarSlett
  9. Her er det mykje flott arbeid og mange, mange detaljar!!

    Vi snakkast gjerne i helga:o)

    Solklem

    SvarSlett
  10. Såå utrolig flott Edny!! Du he tenkt på alt ned til den minste detalj!! Ha ei riktig god helg:)) Klems

    SvarSlett
  11. Et utrolig innholdsrikt teppe, og veldig interessant med historien bak.

    SvarSlett
  12. Så utrolig flott bilde du har lagd her. Interessant med historien, og måten du har bygd det opp mot barna og kunskapen.
    Jeg er mektig imponert.
    Ha en fortsatt god sommer, og håper på bra vär i neste uke. :-)

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...