Eg fekk spørsmål om eg kunne tenkje meg å sy eit legoteppe til dåpsgåve. Den idéen likte eg så godt at eg sa ja. Ei slik gåve er jo både praktisk, og kan brukast i generasjonar framover. Og så er det no kjekt for både barn og foreldre:) Her heng det ferdige teppet utan innhald.
For å få gåva litt personleg, er det frihandssydd på ei helsing som eit minne om dåpsdagen. Eg brukte ein fleirfarga blå-grøn tråd, for at det ikkje skulle vere så dominerande. I tillegg er det sydd nokre stjerner ved namnet. Den same tråden er brukt til ein pyntesaum på hempene. Tauendane er sydd fast i ein stoffbit.
Hovudstoffet er eit gardinstoff, og på innsida er det fleece, slik at lyden av klossane blir dempa, og det er lunt og godt for barnet. Bestillaren kjøpte sjølv stoff og tau, og eg likte veldig godt både farge og stil. Tidlaust. stødig og passar inn i det meste.
Her teppet klart, men med berre nokre få småklossar. Forstod det slik at dåpsbarnet skulle få duploklossar til å starte med:) Dette teppet er ca 120 cm i diameter, og det er vrengsydd med 16 hemper i. Når det skal ryddast til kvelden, er det berre å ta i annakvar eller fjerdekvar tauopning, og vips klart til å hengast på ein krok. For å finne ut kor mykje tau du treng, er det berre å gange diameteren med 3,14, så får du omkrinsen. Og så er det lurt å kjøpe litt ekstra.
House of Hopen har ei fin forklaring på sying av eit slikt teppe.
Eg håper dåpsbarnet kan få glede av teppet i mange, mange gode år.
Og eg veit at eit slikt teppe varer (nesten) evig. Dette teppet sydde eg til min son for ca 30 år sidan. Det er laga berre av eit enkelt stoff eg kjøpte på vannskadesalg ein gong (til 5 kr meteren:) Klossane er gamle, men like gode, og dei har vore henta fram til barn som har vore på besøk.
Ein stor sirkel fekk skråband påsydd med sik-sak-saum. Så sydde eg ein del knapphol og tredde i ei kroklisse. Forstår ikkje heilt det med kroklisse, men det var vel det hadde som var langt nok sikkert:) Det er ikkje noko godt å halde i altså. I alle fall ikkje når det er så tungt som dette. Men eg har ikkje tenkt på at snora kan skiftast før....
Og at dette framleis held etter så mange år og så mykje bruk, er meir som eit under.
Det husar mange kilo med legoklossar. "Og slik har eg hengt no i 30 år, og blir nok hengande her i 30 år til om ingen forbarmar seg over meg". Det var litt artig å finne det fram no då eg fekk dette oppdraget. Mimre, mimre. Må innrømme at det nyaste er skikkelegare og finare, men prinsippet er det same:)













