mandag 9. juli 2012

ATC - Artist Trading Cards


Eg er glad i å bruke ulike materiale og sy fritt med stoppefoten. Ein dag fekk eg spørsmål frå Nina Lise med den inspirerande bloggen Mrs Moen, om eg kunne tenkje meg å bytte ATC.
Og slike utfordringar likar eg, sjølv om eg ikkje hadde vore borti det før;) No føler eg meg nesten som Pippi; "Det har eg aldri prøvd før, så det trur eg sikkert at eg kan klare”. Pippi kan vere eit førebilete på mange måtar;)
Og no har eg fått kort frå Nina Lise! Kortet over her, er veldig Mrs Moen;) Så fine og artige detaljar! Lovebird ATC heiter dette.


Ho byttar fire kort, og sjå kor fine dei er! Akkurat slikt eg likar;) 
"Little house", "Orange flower", "Lovebird", "Tiny forest".


Kravet er at korta skal måle 2,5"x3,5" og ha pappbakside med opplysningar på. 


Fuglen er det kanskje fleire som dreg kjensel på, og heilt uti kanten til høgre her, ser du ein slektning;) Det er nemleg Nina Lise Moen som står bak denne flotte boka, som kom ut i mars 2012. Tittelen "Gledesspredere" er midt i blinken, for inni boka møter du så mange enkle figurar som sprer glede og humor rundt seg. Har du ikkje fått boka gjennom Hobbyklubben, så løp og kjøp for alle som likar å sy, seier eg berre!

Tusen takk for gode råd og tips, Nina Lise, og for at du svarar på det eg lurer på. Bakgrunnen til ATC-ane er ferdig, og no er eg så inspirert at korta skal syast ferdig! Er det fleire som har lyst å bytte, så ta kontakt, for eg lagar fleire når eg først er i gang;)

søndag 8. juli 2012

Spekemat og potetsalat


Spekemat med tilbehør er godt ein fin sommardag, og heimlaga potetsalat smakar godt til. Eg har ein tendens  til å berre lage mat utan å bruke oppskrift. Potetsalaten eg laga i går blei god, så derfor skriv eg den ned her for å ha oppskrifta sjølv. Og då kan du også prøve, om det freistar;)

POTETSALAT: Skjær poteter i terningar og kok dei akkurat møre i lettsalta vatn. (eg brukte 6 litt store). Slå over i eit dørslag, så det får renne godt av seg.
1 boks Creme fraische, 1 boks lettrømme, litt sitronsaft, salt, peppar og litt sukker blandast saman. Ha så i eit eple i små bitar, ein liten boks maiskorn, finhakka purreløk og grasløk, og bland saman. Vend lunka eller kalde potetterningar i til slutt. Dette er ein stor porsjon, så restane kan f.eks. brukast til grillmat dagen etter.


Saman med skinke og diverse spekemat, serverte eg melon, sukkererter, salat, tomat, agurk og mandarinbåtar. VELBEKOMME!

fredag 6. juli 2012

Kunsttre



Eit lite tre i blomsterbedet hadde tørka heilt ut, og i staden for å fjerne det, klipte eg bort ein del kvistar og greiner, og vil no ha det som kunsttre. Men eg veit ikkje kva eg skal dekorere det med endå. Kanskje strikking eller hekling, -eller veve mellom greinene... Blir glad om du har tips å dele;)
Eg har starta med utprøvinga, og du kan få sjå kva eg festa oppi i dag.


Ein engel på ei disse.


Ei kanne med uro. Metallpinnane som heng ut av tuten, lagar fin musikk i vinden. Og kanskje dei skremmer bort trosten frå jordbæråkeren også;) Det hadde vore ei velgjerning;)


Dette paret kosar seg i treet. Bak dei heng eit metallhjarte.


Og så hengte eg opp små glasflasker til å ha blomstrar oppi. Trur kanskje eg må feste på fleire slike;)


Kanskje er det rosene og bladlus marihøna er ute etter også;) 

torsdag 5. juli 2012

Små sommargåver


Eg likar så godt å lage små ting som helsingar i ulike samanhengar. No skulle eg ut på middag saman med gode kollegaer. Då sydde eg kvar sine pose med litt godteri oppi, og overleverte med ønskje om god sommar;)


Alle posane var forskjellige, og eg fann igjen noko i personlegheita til kvar enkelt. Dei blågrøne posane var til karane. Når godteriet er spist opp, kan dei no bruke posane til oppvaring av f.eks. ladar eller andre småting.



Her er ein litt større pose, som eg laga for å ha med meg på besøk til ei koseleg sydame, -med sjokolade i;)


Og denne var ei helsing og oppmuntring til ei flott dame eg nettopp har blitt kjent med. Fylte litt sjokolade oppi, og laga eit kort til.


Så håper eg at posane kan vere både til nytte og glede:)

onsdag 4. juli 2012

Feiring av USA sin nasjonaldag


4. juli i fjor var vi på cruise, og fekk då oppleve feiringa av USA sin nasjonaldag ombord på Vision of the Seas. Det var fint, artig, flott, -og ikkje minst godt;)
Å vere på cruise, var så avslappande, kjekt og opplevelsesrikt, at det ga meirsmak for meg, ja;)










Ekstra kjekt var det at underhaldningsverten var frå Midsund! Solvor er utruleg allsidig og dyktig, og har både stemmeprakt og ordforråd;) Ho var bl.a. flott som Dolly Parton.

Gratulerer med dagen alle amerikanarar!!  Og gratulerer med 75-årsdagen til Dronning Sonja!!

mandag 2. juli 2012

Vinnaren er klar;)


Då har eg funne vinnaren som kan ta vare på fuglane mine;)  Ho har nok massevis av hjarterom, og husrom har dei sjølve;)


Tusen, tusen takk til alle deltakarar, for gode ord og kommentarar, og for at de stikk innom bloggen min;) Sidan eg fekk tilbake følgarfunksjonen på bloggen, har 16 nye lagt seg til, så no er det 78 følgarar:) Riktig velkomne til alle saman. Og det blei trekt 125 lodd på dette lotteriet mitt.

Eg skulle gjerne hatt ei hylle til alle, men det går nok ikkje. Men Margit med den fine bloggen Quiltetankar skal få denne! Send meg adressa di på mail, Margit!
Så til alle som dessverre ikkje vann no, så kan eg fortelje at eg kjem tilbake med eit anna lotteri om ikkje så lenge;)

søndag 1. juli 2012

Trekning i morgon og lykkefjør i dag


Før eg fortel historia om denne fjøra, vil eg berre minne om at trekninga av blogglotteriet mitt skjer måndag 2. juli kl 21, så det er endå tid om fleire vil bli med.

I dag, 1.juli, sat eg med datamaskina på fanget og tenkte at eg måtte lage eit lite innlegg sidan bloggen min er eit halvt år i dag. Samtidig som eg spekulerte på kva eg skulle ta med, løfta eg blikket og kikka ut, og der sveva noko kvitt. -Kva er det?, spurte eg mannen min. -Ei fjør, svarte han. Og med naturprosjektet i tankane, sprang eg ut på veranden for å sjå kvar fjøra drog. Då landa den på rekkverket rett framfor meg!! Hadde eg ikkje vore der, ville vinden ha ført den vidare i neste sekund.



Er den ikkje vakker? Det må vere ei gåve, levert på døra verandaen, både til meg, naturprosjektet og bloggen! Den skal i alle fall med i noko eg skal lage til prosjeket. Og på fredag fekk eg også ei artig gåve og utfordring til naturprosjektet; to små vepsebol;) Heldigvis tomme;) Så no har eg to flotte utfordringar som syprosjekt;)


Sidan eg har blogga i 6 mnd no, må eg ta med litt fakta som kan vere kjekt for meg å sjå tilbake på seinare:
14.451 sidevisningar, 726 kommentarar, 99 innlegg og 77 følgarar. Tusen takk til alle som har bidratt til dette! Dei aller fleste kommentarane er på norsk, men eg har også fått nokre på svensk og dansk. Og i dag fekk eg ein frå Brasil. Den måtte eg google for å forstå, og den var kjempekoseleg;)  Dette kortet får vere ei helsing til alle mine flotte bloggvenninner;) Eg laga slike kort til 7.klasse-elevane, som no flyttar over til ungdomskulen og skal starte på ei ny epoke i livet. På baksida skreiv eg ei personleg helsing. Og ikkje minst, tusen takk til Birgitte, som hjelpte meg i gang med bloggen, og har lært meg å bruke funksjonane her;)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...