fredag 6. april 2012

Bursdag


Hurra for Bianca som fyller to år i dag! Eg må innrømme at eg likte ikkje hundar før eg blei bestemor til denne skjønne sheltietispa, og no har ho tatt meg med storm.
Eg trudde alt alle hundar bjeffa, gneldra og øydela ting, men der tok eg altså feil. Bianca er ein skikkeleg roleg og stille kosehund, som sjarmerer dei fleste.



Og på bursdagen sin fekk ho det ho likar aller best, nemleg snø!! Det kjekkaste er å hoppe og fange snø når Birgitte kostar av bilen;) Her er det full konsentrasjon og klar til ein salto i lufta.



Til eittårsdagen i fjor sydde eg eit boktrekk til Birgitte med foto frå det aller første møtet, og eitt av Bianca med kosedyret Bernard.



Trekket er frihandsquilta.



Inni boka var det ei helsing og eit kort.



Sidan toårsdagen fell på langfredag, måtte ho posere på ei påskepynta skohylle;)

onsdag 4. april 2012

Inspirasjon


I dette innlegget fortalte eg om stipendet frå NQF der eg skal utvikle teknikkar og måtar der eg kan dra naturen inn i quiltinga. Eg er heile tida på leiting etter idear og kva eg kan bruke. Sist veke plukka eg med meg ein del frå ein tur i nydeleg vårver.



I dag derimot ser det slik ut ute.


Snøen har lava ned i fleire dagar, og det blir måking i staden for tur, men god trim er det;)


Her skal eg vise to natur-prøvelappar til;) Ein sydd grankvist,



og litt blåbærlyng i påvente av sommaren;)


Og sidan det meste av naturen er innpakka i bomull ute, har eg laga litt inspirasjon på ei hylle på hobbyrommet. Så får tida vise kva produkt som kjem ut av dette;) Før denne uventa snømengda kom, var det i alle fall fuglekvitter å høyre når eg var ute på tur tidlegare;)


søndag 1. april 2012

(T)Rådlaus?


Rådlaus kan eg kanskje bli, men i alle fall ikkje Trådlaus!!
I eit tidlegare innlegg skreiv eg om skattar frå ein nedlagt butikk. No skal eg vise dei aller største skattane, nemleg to trådskåp;) ;) Dette skåpet til silkespolar er nok det finaste!!


Her er skuffer med små rom til silkespolar og utstillingsplass i fronten.
Slik var det oppi der då eg fekk det i sommar. Og silkespolar har vel ikkje vore i handelen på lange tider, så langt eg veit;)


Og så fekk eg dette flotte skåpet med uttrekkbare hyller til trådsneller!!
Eg budde i loftsleiligheta på butikken nokre år, og tante og onkel høyrte nok symaskina gjekk både seint og tidleg av og til. Til ei jul sat eg faktisk heile natta, for eg kosa meg slik med å lage julegåver;)
Og i sommar sa tante Beret at desse skåpa hadde ho tenkt til meg!! Gjett om det var ei som blei glad;) ;)  Hurra!! Og så passa det akkurat inn mellom reolar og sybord på hobbyrommet!



På hyllene var det merka med prisar og nr på trådsnellene. Artig;)
I tillegg til trådsneller, var det også litt andre ting inni skåpa;) Det skal eg vise seinare;)



Det er inga hemmelegheit at eg hadde mykje tråd frå før heller, for eg har no samla nesten heile livet;) Og for mange år sidan, var eg i ein anna nedlagt butikk og hamstra tresneller.
Det har vore dårleg med energi den siste tida, og først no er eg ferdig å vaske og skrubbe skåp, 
og sortere og plassere trådsnellene.
Har tenkt på det lenge, og du så godt det var å få alt på plass;)



Og som du ser, så blir eg ikkje trådlaus med det første.. I øverste hylle har eg samla ekstra tjukk tråd, blank broderitråd og store Robison-sneller. Og resten er sortert etter regnbogen, med ein miks av gamle og nye sneller.


Eg hadde erverva meg ein del silkespolar frå før også, og sjå kor fint det blei med ein regnboge av silke;) Er det nokon som har gode råd for bruk av silkespolar?




Denne settekassa har eg vist før, og no har den blitt fylt med fleirfarga tråd og metalltråd,
Dei fleirfarga snellene som ikkje kan stå sjølve, har fått plass på stativet under. Og dei ledige plassane er til sneller som blir brukt til dei ulike syprosjekta, for symaskina står rett under;)

No har eg endeleg fått trådsystem;) Er det nokon misunnelege sydamer der ute? Det forstår eg godt;)
Er det interesse for gamle trådsneller, knappar ol. om eg tek det med i ein Give-away?
Legg gjerne igjen ein kommentar her;)


fredag 30. mars 2012

Jula varer heilt til påske


Det som ikkje blir gjort med det same, har ein tendens til å bli liggande på vent,
i alle fall med meg... Og dette er altså ei forsinka julegåve; -ein tennbrikettboks som blei ferdig til palmehelga!! Men no snøar det faktisk ute, så det er kanskje bruk for vedfyring endå;)
Boksen er dekorert ulikt på sidene, så då kan dei nok variere kva som skal visast mest.
På den eine sida er to strykemerke sydd på med sølvtråd på sidene.
Midt mellom er det sølvstjerner og perler, og eit blondeband øverst og nederst.
I tillegg er det orandje pyntestikningar rundt.



På den andre sida er det eit hekla hjarte med sølvkant rundt. Ein engel er festa på med sølvtråd, blondeband og ein tags med "made for you" på.


Det er også festa på nokre perler og ein knapp for å friske det meir opp.
Øverst er eit band med tekst "wish hope dream" kombinert med blonde og "diamantar".



Det heile er avslutta med ein grov blonde, merkelapp og ein knapp.
Eg håper boksen og fargane fell i smak, og at jule-påske-gåva kan bli til nytte og glede;)

onsdag 28. mars 2012

Busteugle




Ei ugle "ramla" ned i hovudet mitt når eg var ute på tur, og då måtte eg teste den.
Den var kjapp å lage, så eg prøvar kanskje fleire versjonar etter kvart.
Eg berre dikta etter kvart, og dette førsteutkastet blei no ganske bra;)
Har du lyst å prøve deg på ei slik ugle? I tilfelle kjem ei heimsnekra oppskrift og forklaringar her;)



Det meste av garn kan nok brukast, men her har eg brukt eit brunspetta effektgarn, Pillpi Alpakka.
Eg strikka stort sett glattstrikking (ein omg. rett og ein omg. vrang), men  gløymte meg av og til, så det blei nokre riller innimellom. Egentleg var det berre fint;)
Legg opp 14 m på pinne nr 5, og strikk to omgangar. Auk ei maske i starten og slutten av neste pinne, så ein pinne utan auking, og den neste med auking i kvar side igjen. Då har du 18 masker på pinnen.
Fortsett med glattstrikking til arbeidet måler ca 14 cm.
(Brukar du tynnare/tjukkare garn og pinnar, må sjølvsagt lengda bli kortare/lengre.)
Fell så ei maske i starten og slutten av neste pinne, så ein omg. utan felling, og fell i kvar side på neste omgang igjen. Då skal du ha 14 m igjen. Strikk så tre omg. til før du feller av.


Rundt kanten har eg brukt eit pelsgarn, Funny frå Sandnesgarn og heklekrok nr 4.
Start ca der halsen blir og hekle ei runde med fastmasker. I hjørna må du nok hekle to-tre gonger i same maske for at det ikkje skal stramme. Hekle ein omgang til med fastmasker, men øverst i kvar side skal det heklast øyrer; 1fm, 1hst, 1st, 1dbst, 1st, 1hst, 1fm. Fastmasker vidare til det er 7m igjen, og lag så neste øyre på same måte. Deretter heklar du fastmasker til runda er ferdig.



Ta av tråden og tråkle den over til andre sida. Stram litt til for å danne hals. Fest tråden.
Til auger har eg laga to jo-jo-ar av grønt batikkstoff og festa ei krystallperle i midten.
Augene er ca 3 cm i diameter ferdig (den grøne malen).
Nebbet er ein trekanta knapp frå då eg og Vigdis dreiv sybutikk for 25 år sidan;) Ed-Vi Tekstil;)



Ugla blei litt slapp av dette garnet, så eg tredde litt ståltråd rundt baksida av hovudet, samtidig som eg laga eit lite oppheng.


Til slutt tok eg ståltråd som bein nederst. Dei går gjennom heklinga og rundt pinnen.
Kjempeartig om du også lagar ei slik ugle;) Og då reknar eg med at du linkar til meg.

Til slutt vil eg takke så mykje for fine kommentarar. Det varmar og gir meg lyst til både å lage ting og blogge om det. Og ja, eg blir veldig glad når du skriv nokre ord;) ;)

lørdag 24. mars 2012

Minner etter årsmøtet i NQF i Bergen

No har det allereie gått ei veke sidan årsmøtet i Bergen. Ei veldig kjekk og inspirerande helg, og minna er mange. Og for meg var det ekstra kjekt å bli tildelt Norsk Quilteforbund sitt stipend for 2012 på kr 15.000,-. Å bruke naturen i quiltinga, er ein tanke eg har hatt lenge, og i romjula kom tanken om eg skulle driste meg til å søkje på NQF sitt stipend. Vurderte fram og tilbake, men fann ut at om eg ikkje gjorde det, ville eg kanskje ha angra meg etterpå. Og no er eg så glad, for dette stipendet er veldig inspirerande for meg;) ;) Tenk at andre har tru på meg og min store hobby!! "Quilting i samarbeid med naturen og andre teknikkar" kalla eg søknaden. Eg har ikkje sett at andre har sydd med ting frå naturen før, og ikkje har eg greidd å spore opp noko heller. Og det er bra, for eg vil vere nyskapande og utvikle quiltinga i nye retningar. Ideane har kome dalande den siste veka, og eg har allereie prøvd nye ting. Noko av det kjem eg til å vise på bloggen min framover, men eg legg igjen ein liten smakbit her, og det er mine to aller første prøvelappar etter at eg bestemte meg for å prøve ut ideen.


Mitt første forsøk var å sy barnåler på ein furukvist.


Og det neste var å sy på ein bjørkekvist og dekorere litt rundt. 
Har du lyst å følge med i bloggen og prosjektet mitt framover, så er du velkommen til det. Og eg blir glad om du kjem med idear til kva eg kan bruke og kva eg kan lage.
Resultatet skal eg til slutt presentere å NQF sitt årsmøte i Sarpsborg i mars 2013.


Men det var sjølvsagt veldig mykje anna som skjedde på årsmøtet, og eg er veldig glad i utstillingane. Der brukar eg å ha mange runder. Her er vinnaren av Barnekonkurransen "Diamantar". Det er laga av 1B frå Bjørnelien skole. Elevane hadde tatt med stoffbitar som betydde noko spesielt for dei, og laga jo-jo-ar som er festa på i diamantform. Ein artig måte å løyse oppgåva på.
Veldig bra at NQF arrangerer konkurranse for barn også, for dei er våre framtidige quiltarar. Og når dette blir meir kjent etter kvart, vil nok fleire delta.

Dei to andre åra har eg vore involvert i denne konkurransen med mine elevar, og det blei 1.plass begge gongane;) ;) Veldig kjekt, og barna var så ivrige med arbeidet.  
Linkar til teppa ligg under her. 
Det første året, i 2008, vann 1.klasse ved Midøy skule.
Og i 2011 vann 4. og 5.klasse ved Midsund Montessoriskule.  Dei tok også 3. plassen i Birmingham!


Dette flotte teppet var vinnar i konkurransen "Hav". Kjersti Thoen var ein verdig vinnar. Utruleg flott arbeid. Eg stod lenge og beundra detaljane;)


2.premie gjekk til Sølvi Krokeide. Dette teppet fekk også publikumsprisen. Du verden for eit praktverk! Alle skulle hatt anledning til å studere alle detaljar på nært hald. Heilt utruleg kva den dama får til. Eg kjem aldri til å gløyme Årsmøteteppet ho laga eit år!! Det var fantastisk.


Eg tok utfordringa med å lage eit blogginnlegg før årsmøtet, og fekk derfor tildelt denne bloggknappen;) Det er veldig bra at NQF vil fokusere på quiltebloggarar;)
Bloggforumet var veldig kjekt, og eg reknar med at det blir tildelt meir tid dei neste åra. Interessen er stor, blogging har blitt veldig populært, og vi har mykje å lære av kvarandre. Det var kjekt at Merete Veian hadde det, for det var ho som fekk meg interessert i blogging, etter eit intervju med henne i Norsk Husflid. Eg veit ho sit inne med mykje kunnskap.

Av foredraga likte eg spesielt godt foredraget til Unn Stähr Irgens, som fekk stipendet i fjor for å studere juryering av tepper i Sør Afrika.
Eg kunne egentleg ha skrive side opp og side ned om årsmøtet, men innlegget er vel allereie langt nok som det er... Flotte butikkar, utstillingar og foredrag skulle hatt omtale osv..

Gå inn på bloggen til Norsk Quilteforbund. Der er det mange innlegg om årsmøtet;)
Og til slutt: Tusen takk til leiar marit Sande Iversen, styret, redaktør, Bergen Quiltelag og alle andre som står på for at vi stoffgalne kan ha slike treff!! Håper de føler at det er verd strevet;)


onsdag 21. mars 2012

Mykje lys og mykje varme


Her har eg dekorert ein tennbrikettboks til ein kjekk kar som runda år. Eg har quilta fleire samansydde stoff, og pynta på ulike måtar rundt, så kva som blir front kan varierast. "Mykje lys og mykje varme", er sydd med både snor og tråd. Prikken over j-ane er ei lita gullperle.
Under er det applikert eit gamalt motiv og ei paljettsdtjerne.


Neverhjarte er festa med hyssing.


Pyntesaumar og band er sydd på, samt lappar med "Homemade" og "Edny sine puslerier".


Blondar, band, saumar og fletta hyssingband både øverst og nederst.


Då håper eg at mottakaren har både nytte og glede av gåva. Brikettane kan brukast til å få fyr i omnen eller fyr på bålet på ein koseleg tur.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...