søndag 24. april 2016

Nye toalettvesker



Eg har prøvd å sy mange ulike toalettvesker, 
og har vore ute etter enkle måtar å sy i glidelås. 
Så fann eg ein link med gode forklaringar.


På bloggen All Momas Quilt er ein fin 
tutorial som eg likte godt.
Først laga eg denne toalettmappa.


Alle saumar er skjulte, 
og sidan glidelåsen er lengre, kan den opnast heilt opp.


Glidelåsen er sydd i først.
Så blir sidesaumane sydd, 
og etter vrenging er det laga ein støttesaum rundt glidelåsen.


Dagen etter laga eg ei ny toalettmappe for å 
sjå om eg hugsa framgangsmåten. 
Og det gjekk bra :-)
Her tok eg glidelåsen kortare.


Eg la også inn ein trekant å halde i når glidelåsen skal opnast. 
Det er også kjekt å feste litt pynt i glidaren.


Det blir nok fleire mapper med denne framgangsmåten. 
Tusen takk til Maria Harrets for flotte forklaringar.


lørdag 9. april 2016

Utfordring i quiltelaget


I Molde Quiltelag har vi hatt ei utfordring der vi fekk utdelt ein stoffbit
og velge sjølv kva vi ville sy. Eg valgte å bruke heile biten til bakgrunn, 
og resultatet etter bruk av frie teknikkar blei slik.


Ein blå flekk utnytta eg til dam. 
Eg har brukt organsa og garn og stoppefoten. 
Det kvite har eg dandert av eit effektgarn
og nederst er det fjør.


Her er dekoren ulike effektgarn og gamle skjorteknappar.


Det er artig å leike seg med ulike materiale og stoppefoten.


No er det lenge sidan eg har sydd til naturprosjektet mitt, 
så no fekk ein bjørkekvist bli til eit tre. 
Dei tynne blada er festa berre med eit sting eller to for hand. 
Den brune tråden som går på tvers i bakgrunnen, 
er silkegarn frå bestemor.


Det heile starta med å frihandsquilte ut ifrå mønstringane 
i stoffet, og eg var bestemt på at ein fugl skulle vere med. 
Denne er laga av mange lag tyll.
Du kan så vidt skimte bakgrunnen gjennom.


Til skyane har eg brukt både tyll, angelina og chiffong.


 Stoffet inviterte til landskap for meg.


Og så blir den meir innhaldsrik med stæsj og quilting. 

Om du har lyst å sjå alle resultata, 
kan du klikke HER

tirsdag 5. april 2016

Vårfugl i postkassa


Sjå på det nydelege sydde kortet som låg i postkassa i dag!
Den har tatt flygeturen heilt frå California.

.

Baksida er no nesten like fin den også.
Og for ei nydeleg skrift. Den ser nesten stempla ut.


Eg blei så glad! 
Det er Annie med bloggen Annie´s musings som 
frivillig har sendt dette fine kortet til meg.
HER er link til innlegget ho hadde med kortet.


Thank you so much, Annie, for the beautiful card. 
I like birds, and I am a teacher in art and math, 
so the fabric was perfect too.
I love the spring, and my birthday is in April. 
Thanks again! You made my day.

lørdag 2. april 2016

Spisebrikker


Eg ville lage ei personleg gåve til eit godt vaksent par,
og enda opp med kvar si spisebrikke i eigen design. 

Små kvadrat, applikert hus med tungesting og sik-sak, 
tittekantar og frihandsquilting går igjen på begge brikkene.


"Borte bra, men hjemme best". 


Her er meir detaljar av quiltinga.


"Der det er hjerterom er det husrom", 
passar i alle fall til mottakarane.


Då var det morsomt å markere hjerterommet.


Her ligg dei som to hus tett i tett.


Håper brikkene fell i smak.
Det er i alle fall ingen som har maken.

fredag 1. april 2016

Delikat bakebok


Til påske kom denne flotte og delikate boka frå Hobbyklubben
"Bakeland" av Marit Hovland har nydelege bilder frå naturen,
og kakene er designa etter det. 
Altså heilt i mi gate.


Til meir eg bladde i boka, til meir begeistra blei eg. 
Så var det rett ut for å ta nokre bilder.
Ein vedkubbe passa for å halde sidene på plass. 
Lakrismakroner med bringebærfyll. Berre namnet gir vatn i munnen.


Og no gleder eg meg allereie til jul, 
Då blir det pepperkakekongler! SÅ fine!


Sjå på desse flotte kjeks-vedkubbane! 
Boka er veldig innhaldsrik, så dette var berre ein liten smakebit ;-)
Men kanskje stor nok for å friste :-)


Saman med boka kom denne artige kortstokken. 
Jammen er det kjekt å vere hobbyambassadør.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...