søndag 29. mars 2015

Ny seier i quiltekonkurransen


I år som i fjor, var det Charlotte Inderhaug frå Tøndergård skole i Molde som vann quiltekonkurransen for barn under Norsk Quiltetreff på Sundvollen 20.-22.mars.


Tittelen på oppgåva frå Norsk Quilteforbund var Lappemagi, 
og hennar teppe heiter "Min magiske sjel".


Det var JA med ein gong eg spurte om ho ville delta i år også. 
No visste ho kva det innebar, 
og kor tidkrevjande det er, men gløden var der med ein gong.
Det tok ikkje lang tid før ho hadde si skisse på eit A4-ark, 
og det har heller ikkje vore mange avvik frå den opprinnelege idéen.


Charlotte var også bestemt på at bakgrunnen skulle vere 
gråsvart. Det er begrensa kor stort utval ein skule kan ha av quiltestoff,
så eg tok med ein del frå mitt lager som ho kunne velgje i. 
Etter eit lite kurs med sying av trekantar, var ho i gang.


Og etter at bitane var pusla til ønska mønster,
fekk ho ha bordet ståande i ein krok, slik at alt kunne ligge til
alle bitane var sydd saman. 


Om det er trangt om plassen, så veit ho råd.


Vatt og bakstykke er på plass, 
og no skal dama applikerast på.


Og så skal signaturlappen festast på baksida.


Som i fjor er bakstykket frå rektor sine gardiner, 
og då var hund hovudtema på teppet.


Lukkekanten skal syast på, og så er det tid for detaljar og siste finish.


Ansiktet har ho brodert for hand.
Montering av hår skapte litt grublerier.


Men der hadde ho også ei løysing.
Tyll blei sydd over garnet.


Og så brukte ho ein heklekrok til å dra trådar ut gjennom tyllen.

 

Ho skal bli frisør må du vite. 


Dei siste detaljane blir sydd på. 
Her ligg også skissa og den forstørra arbeidsteikninga.


Magiske strålar av farga snorer frå handflata.


Tatoveringane har ho frihandsquilta.


Mange symbolske charms er sydd opp gjennom strålane.


Vesten er av ei dongeribukse og eit gamalt frynseband.
Redesign høyrer med.


Endeleg ferdig og mange ville sjå før det skulle sendast inn til konkurransen.
Det er utruleg mange arbeidstimar som ligg bak.


Mange lovord blei med på vegen, 
og det har ho jammen fortent.


Charlotte er utruleg kreativ og skapande, 
og som lærar har eg sett kor ho har utvikla seg med bruk av symaskina. 
Eg håpar at ho får bruke talentet sitt vidare.
"Min magiske sjel" passar til henne også;)

I august skal teppet delta i utstilling og konkurranse under ein stor
quiltefestival i Birmingham saman med barneteppe fra andre land.


Her er frå utstillinga og lappen til Charlotte sitt bidrag. 
Det er flott at NQF arrangerer konkurranser for barn, for det er med å auke kunnskapen om lappesaum og quilting, og det rekrutterer nye quiltarar. 
Eg har sjølv hatt med elevar til denne konkurransen fire gonger, og det har vore veldig givande både for dei og for meg som vaksenperson. 

Om du vil sjå Charlotte sitt bidrag frå i fjor, ligg det HER
Og HER kan du sjå artikkel om henne i Romsdals Budstikke.




søndag 1. mars 2015

Motbakke og premie


Motbakkane kan vere vanskelege og tunge både fysisk og psykisk.
Det kan sjå uoverkommeleg ut i starten.


Det første steget kan vere veldig langt,
og ein ser ikkje at det kan vere andre måtar å kome i gang på.


Motbakken kan ha både små og store snublesteinar.


Men når det går oppover, blir hindringane mindre.


Det er i motbakke det går oppover. 
Nokon møter og må gå fleire motbakkar enn andre her i livet.
Det kan gjere folk både robuste og sterke, 
og livserfaringa har dei med på kjøpet, -på både godt og vondt.


Dette biletet måler 20x60 cm. Det er eigen design, og det første eg laga er av mindre format. 
Du kan sjå det innlegget HER
Eg kjem til å lage nokre fleire til salg. 


Heilt i starten av det nye året var eg så heldig å vinne denne flotte boka av Bekki Bjarnoll.
Det er "hækleværk" av Sidsel Sangild. Det var lite blogging med meg den tida, og så gløymde eg heilt å takke for den fine premien. Men tusen takk Bekki!
Eg vil absolutt anbefale eit bloggbesøk hos henne. Ho har mykje fin hekling, gratis mønstre og gode tips.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...