torsdag 28. februar 2013

Telje sauar



Mange har problem med å sovne om kveldane, og eit velkjent råd er å telje sauar.


Ein strålande haustdag blei eg inspirert av denne flokken med utegangarsauer. Og på nettinggjerdet i framkant, hang det ull. Då måtte eg sjølvsagt plukke med meg nokre dottar til prosjektet mitt:)


Og ein dag plukka eg med meg strå og myrull på ein av mine turar. Det har stått i ein vase på badet, og ein dag slo det meg at kanskje eg kan sy sauar av myrull også.


Det måtte prøvast, så eg nappa ut dun til ein passeleg dott og sydde oppå. Eg var ikkje klar over at det var så mange mørke frø i denne lyse duna.


Og fibrane var så korte og sprø, at det blei berre ein sau av den rasen;) Endå ligg det igjen frø.
Det gjekk betre då eg gjekk over til ekte ull, ja.


Her er myrsauen, og han klagar over småull i ansiktet. Både kropp, hovud og bein er påsydd med stoppefoten.


Dei andre sauane er lettare til sinns. Den tredje sauen kom seg også godt over pinnegjerdet.


Det gamle rådet fungerte! Det skulle ikkje så mange sauar til før Ole Lukkøye kom. 
Har ikkje sauane funne vegen heim att, så er dei nok med i draumeland endå.


Og i draumeland kan ein også vere sanndraumt. Eg blei nemleg den heldige vinnaren av garn hos Strikkesofie. Tusen takk!

søndag 24. februar 2013

Øyenstikker og tusenbein




Norsk Quiltetreff nærmar seg, og eg må bli ferdig med naturprosjektet mitt. Eller ferdig.., det blir eg ikkje, for eg får stadig nye idéar for korleis eg kan bruke ting frå naturen i syinga. Det spørs berre kor mykje eg skal lage til foredraget eg skal halde i Sarpsborg. I dag har det blitt ein øyenstikkar av lønnefrø.
(Eg er glad i nynorsk, men augestikkar eller augnestikkar skriv eg berre ikkje!)


Det er kanskje kjekkare med ein flygetur rundt dammen om sommaren, men isen er fin å lande på no.


Desse frøa frå lønnetréet leika vi mykje med som barn. Men eg tenkte nok ikkje på at desse helikoptra kunne bli vingar til ein øyenstikkar;) Det har blitt mykje mimring gjennom dette prosjektet, for eg har alltid gått og plukka skattar i naturen. Kroppen er applikert av svart stoff og dekorert med gulltråd.


Dette tusenbeinet laga eg tidlegare, etter tips frå søskenbarnet mitt om at bregneblad kunne bli beina til tusenbein. Det har berre ikkje blitt montert endå.


Eg sydde striper på kroppen samtidig som beina blei sydd fast. 



Hovudet er litt fylt. No får tusenbeinet berre vandre vidare, så får tida vise kvar det tek vegen. Kanskje møter det andre småkryp eller insekt på sin veg? Eg tek i alle fall vegen ned til symaskina igjen:) 
Der er det litt større dyr på gang, om eg berre får det til slik eg hadde tenkt. Og får eg det til, -ja då får du nok sjå det her etter kvart.

Ei riktig god veke til deg som er så snill å besøke meg her:)


fredag 22. februar 2013

Vestlandstreffet i Molde i år


Vestlandstreffet blir arrangert i Molde 11.-13- oktober. Det er oppretta ein eigen blogg, og der er faner med praktiske opplysningar i forhold til plass, program, kurs m.m. Ein eigen komité i Molde Quiltelag har jobba lenge med dette, og dei har gjort ein kjempejobb med å legge til rette for at det skal bli ei minnerik helg for alle quilteinteresserte. Velkommen til Molde i oktober!

Eg skal forresten ha englekurs der, og modellane er under planlegging;) Tusen takk for alle dei herlege kommentarane eg har fått på englebarna mine i dei siste innlegga;) Det gleder meg, og gjer at englefamilien kjem til å vekse.

Molde Quiltelag står som arrangør for Vestlandstreffet. Til 10-årsjubiléet i 2002, blei dette flotte Moldeteppet sydd gjennom eit samarbeidsprosjekt. Her er Molde i eit nøtteskal med fjell, sjø, jazz og roser. Eg syns dette teppet er både flott og gjennomført, og det blir heilt sikkert å finne utstilt på treffet;) Øverst er byvåpenet og logoen til laget.

tirsdag 19. februar 2013

Quilteengel


Quilteengelen syr på teppet sitt.


Men det gjer vel godt med ein luftetur i finevéret.


Prøve seg som havfrue kanskje?


Ein klatretur gjer også godt;) Sjå, kjolen har fått quilta på eit kvisthjerte;)


Vingane er av kvistar og fjør.


Nei, det er vel på tide å finne fram arbeidet igjen. 
Sjølv englar kan ikkje berre sitje med hendene i fanget.


Det nærmar seg no;)


Kanskje det er nokon som treng ei quiltegåve? Englar kan sy fleire quiltar dei;)


Og medan eg laga engelen i går kveld, så passerte det 40.000 sidevisningar på bloggen min!
Når eg kikka på sida stod det 40004, -nesten litt magisk;) Tusen takk til alle som besøkjer meg!
Det set eg umåteleg stor pris på;)

søndag 17. februar 2013

Hekleengel



Denne engelen er gåve til ei kjempekjekk dame som fylte 40 år. Før gåva blei pakka inn, fekk engelen bli med på fotosesjon i vedskjulet, for det regna slik ute. Og her passa den no godt;)


Og så ein tur oppi strangane. Mottakaren er glad i både natur og hjerter, så det fekk prege engelen.


Vingane er av kvistar og fjør. Kjolen er pynta med hekla hjerter med perler, og det er hekla kant rundt hals og ermar.


Nederst er det også ein heklebord.


Og så veit eg at mottakaren har lyst å lære å hekle, så eg sydde ein pung med teksta heklekroker på.


Nedi ligg det heklekrokar nr 3, 4 og 6, og eit gåvekort på heklekurs og heklekafé med meg. Det gleder eg meg til;)


Før vi drog avgårde, fekk engelen eit kvisthjerte i handa.




Eg var lenge bestemt på å lage ein engel til jubilanten, og seinare kom eg på det med heklekurset, så derfor blei det ein hekleengel som forhåpentlegvis kan spre glede til ei superdame.

torsdag 14. februar 2013

Uglepost med valentinehelsing


Ei lita valentine-helsing er no kjekt å få i postkassa, og når mottakar er glad i både ugler og sjokolade, så var det ein grei kombinasjon. Hos Chica Circle fann eg søte ugler til å skrive ut. Eg fann også ei eske med gjennomsiktig lokk som passa. Eg er kronisk å samle på emballasje + litt (mykje) meir, for ein veit aldri kva ein kan få bruk for.


Ugledelane blei limt til lokket, og sidan dette skulle sendast, festa eg sjokoladane med litt lim nedi eska. Og hundar kan ikkje ete sjokolade, så då blei det ein godbit i staden.


Alt fekk plass i eska, og posten sørga for at helsinga kom fram på den rette dagen.


Håper jentene mine har hatt ein fin Valentine-dag;)

søndag 10. februar 2013

Gåve til mor og premiar


I dag er det morsdag, og eg er så heldig å ha ei fantastisk mor. Ho var alltid tilgjengeleg og hjelpsom om eg ville bake, lage mat, strikke, hekle eller sy. Eg trur det var fordi eg fekk prøve meg i oppveksten, som gjer at eg alltid har vore så glad i slikt. Og i dag, som alle andre morsdagar, så inviterer ho alle barn med familie til middag, dessert og kaker, i staden for å bli oppvarta sjølv. Og lage mat, ja det kan ho! I dag vanka det lapskaus til middag og svisker- og aprikoskompott til dessert. Etterpå var det kakebord. I august fyller ho 85 år.


Derfor ville eg lage noko spesielt til henne. Det blei ein hekla vase 


med roser, trollhassel og skilt oppi.


 I tillegg blei det ein lysboks med hekla trekk, og ein koppeklut med hekla kant. Mamma er kjempeflink å hekle sjølv, men ho heklar fine dukar og slikt, så då skal ho få grovare hekling av meg;)


"Du har det lille ekstra", passar til min mor;)


Det er litt kjekkare å tørke av benken med ein koseleg klut.

Og så vil eg vise to fine gåver som har blitt mine;)


Sjå den fine premien eg vann hos Landlige Hjerterom! Så fin koppekost har eg aldri hatt. No blir det kjekkare å vaske opp;) Både kosten og den søte brikka er frå Green Gate. Premien kom i ein koseleg pakke med hjerter på og eit nydeleg kort til. Tusen, tusen takk!! Besøk den fine og koselege bloggen til Ingvild-Cristin!


Og så har eg vunne endå ein premie! Nemleg desse fine Tilda-stoffa frå den svenske bloggen "Tankar om tyg". Eg gleder meg til dei dumpar ned i postkassa;) Tusen, tusen takk. Eg skal nok finne på noko kjekt å sy, ja;) Besøk den fine bloggen til Jenny! Det er sååå artig å sjå namnet sitt når det er trekningar på give-away;) 


Denne rosa er til Ingvild-Cristin og Jenny som takk for kjempefine premiar. Den er også til alle mødre, som fortjener å bli hylla på morsdagen, og til alle personar som gjer ein positiv forskjell i livet mitt. Det gjeld også deg som tek deg tid til å besøke bloggen min, og kanskje også legg igjen ein koseleg kommentar av og til. Bloggvenner berikar dagen min:)


lørdag 9. februar 2013

Vis meg ditt uterom


Franciskas Vakre Verden har ei oppfordring og konkurranse gåande om å vise sitt uterom. Uterom, som andre rom, har ein tendens til å bli forandra av og til, og då er det kjekt å kunne sjå tilbake på korleis det var. Eg vil derfor ta med før og etter oppgradering av vårt uterom frå i fjor sommar. Eg nyt å vere ute når sola skin, og det er godt å sitte i ly når det bles.


Det er min handymann som har laga uteplassen, og så er det eg som står for stæsj og dill og dall;) Her har han bygd ei putekasse, som også kan brukast som sittebenk. Her er innlegget frå då eg trekte den opp.


Hagedammen ligg ved uterommet. Det lille, inntørka tréet bakerst, blei gjort om til


eit kunsttre. Det kan du kikke nærare på her.


Vi bur på Meieribakken, så då må vi sjølvsagt ha meierispann med blomster i. Denne står det namnet til min bestefar på.


Er véret surt, blir ikkje uterommet brukt, så i sommar bestemte vi oss for å sette inn glasdører der i staden for å dra på ferie. Her knipsa eg i full fart før arbeidet tok til.


Her er dørene klare til å bli satt på plass.


Og slik blei det etterpå. Og kvifor i all verda har vi ikkje gjort det før??? No kan det verkeleg brukast!


Når vi fyrer i peisen blir det varmt og triveleg i rommet.


Det er koseleg å sitte inne "ute" med levande lys og knitring frå peisen i naturstein.


Og ekstra kjekt er det med god mat og gode naboar på besøk;)


No kan det berre regne og blåse ute.


Og jammen er det stemningsfullt i hagen om vinteren også.


Her er ei oppfordring til alle årstider; "Slapp av og nyt hagen". Eg sat ute og las avisa i går, og jammen varma sola allereie. Ta ein kikk inn på den fine bloggen til Franciska! Der er det mykje fint å sjå;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...