tirsdag 30. oktober 2012

Klippekunst


Dette er Psaligrafi, eller klippekunst, av aller ypperste klasse! Eg er så imponert over at det verkeleg går an å klippe slik i papir med ei vanleg saks.


Her er kunstnaren sjølv, Karen Bit Vejle. Og det er faktisk eit papirklipp ho held opp.
Romsdalsmuséet i Molde har for tida utstilling med henne i Kunstforeninga sine lokale, og dei har invitert skuleelevar til omvisning og klippeverkstad, så eg var der i skulesamanheng i dag. Det var eit kjempebra opplegg! Under kan du sjå eit utval av Veljes papirklipp, som imponerte både store og små.


Klippa er montert i glasplater, og med sol inn i rommet i tillegg, blei det ein del lysflekkar på.








Ho lagar alt frå kjempestore utklipp, til slike søte, små. Eg tek av meg hatten!


I klippeverkstaden etterpå blei det stor aktivitet, og alle laga fine produkt.


Siste innspurt og samanliming av stjerna.


Tusen takk til Romsdalsmuséet for ei kjempefin og lærerik stund!


mandag 29. oktober 2012

Koppetvoge


Eg har hekla kant rundt ei kjøpt koppetvoge, som kjøkkenklut heiter her;) Har du lyst å ha eit kjekt lite arbeid, som kan bli nyttige smågåver, så tek eg med ei enkel forklaring.
Eg har brukt bommullsgarnet Pandora og heklekrok nr 3. Stikk kroken inn godt nedom kanten og hekle ei fasttmaske og to luftmasker rundt heile kluten.


I neste runde har eg hekla 4 stavar i annakvar opning (den første staven er erstatta av 3 luftmasker). For at det ikkje skal stramme rundt hjørna, tok eg ei luftmaske mellom stavgruppene rundt sjølve svingen. Bind saman med ei kjedemaske når du er ferdig med runda, og klipp av og fest trådane.
Det er faktisk same lila kluten som over, men farga ser heilt annaleis ut her!


Det er kjekkare å ta oppvasken når klutane er litt fine;)


Slik går det når eg reiser vekk ei veke utan å tenkje på at véret kan snu. No har eg eit utebord pynta med både skjell og hekladuk i is. Og slik må det berre stå til gradestokken stig. Det er no litt fint også;)

søndag 28. oktober 2012

Matkunst


No vil eg vise litt matkunst frå skipet "Liberty of the seas". Etter ei herleg veke på cruise i Middelhavet, har både kropp, sjel og gane fått inspirasjon og påfyll. Maten var inspirert utifrå tema og plassar vi var på. Osten over her er det kjente tårnet frå Pisa, og osten under er Colosseum i Roma.




Isskulpturane blei laga ombord.


Dei neste bileta talar nok for seg sjølv.




















Vi fråtsa i mat av alle slag, og alt var ikkje så sunt som det kan sjå ut lengre oppe. Det eg har vist no, er stort sett berre ein del av pynten.


Omtrent slik følte eg meg etter kvart måltid, så no er det nok best å begynne på kvardagen igjen! Det er imponerande at dei greier å lage så mykje mat av alle tenkjelege rettar til mange tusen gjestar frå 45 ulike nasjonar.

tirsdag 16. oktober 2012

Kosepakke


I sommar fekk eg massevis med småpakkar frå mitt kjære søskenbarn, då ho var her på koseleg besøk. Her var mange godsaker frå ei quiltedame til ei anna;)
No skal du få ein liten kikk. Små bøker med visdom og koselege ord, huskelappar, merkelappar og symerker.


Eit flott skilt.


Tekanneknappar, brødkrydder, uglemerke og lommetørkle.


Eit nydeleg kort med quiltenål.


Magnetbilete til quiltedamer.


Oppfordring.


Og inni kortet ei koseleg helsing;) Tusen takk Sissel for alle kjekke ting, og for at du er den du er! Takk for quiltebutikktur, potetball og besøk. Kjempekjekt!! Stor klem;)

søndag 14. oktober 2012

Svigermors handarbeid


I morgon ville mi snille svigermor ha fylt 91 år, og eg vil hedre henne med å vise litt av alt det fine handarbeidet ho laga og gav bort. Ho døydde få dagar før ho fylte 90 år.

Her er ein flott salongbordduk ho har hekla til oss. Det er ikkje få store dukar ho har produsert.


Slike dukar laga ho til alle barna, og det er eit utruleg arbeid med desse tette fastmaskefoldane i kvar sirkel. Og ho brukte det tynnaste heklegarnet. Tolmodigheit hadde ho i alle fall!


Eg veit ikkje kor mange slike løparar ho har hekla til barn, barnebarn og andre ho ville glede.


Denne praktfulle salongbordduken fekk Birgitte i 20 års-gåve. Den er hekla i tynt garn!


Svigermor broderte mange titals bunadar, både på bestilling og som konfirmasjonsgåve til alle jentebarnebarn. Her er Birgitte i sin flotte Vågstrandsbunad. Det er ein av Romsdalsbunadane. Ho er det yngste barnebarnet, og svigermor var veldig glad for at ho hadde helse til å brodere til henne også.


Detalj frå vesten. Det viser kor fint og nøyaktig ho broderte sjølv om ho då var rundt 80 år.


Nederste kanten av skjørtet.


Skjortemansjetten.


Skulderstykke på skjorta. Det vart dårleg bildekvalitet her, men broderiet er så fint at det får bli med likevel.


Vi tenner ofte lys til minne om ei snill og god mor, svigermor og bestemor. 


Denne engelen strikka Birgitte til gåve til henne ei jul, og den stod på nattbordet hennar på sjukeheimen.


Fred over minnet til ei dame som også var veldig flink med blomster, hage og jordbærdyrking.

torsdag 11. oktober 2012

Lykkekløver


Det er ei stund sidan eg har vist kva eg puslar med i naturprosjektet mitt, så no kjem det siste eg har prøvd. Det er kløver frå vegkanten. Takk til Birgitte, som gav meg idéen;)


Kløverblada er pressa og lagt på ein bakgrunn av ulike stoff, og quilta lett med stoppefoten.


Og finn vi ikkje lykka same kor vi leitar, så får vi prøve å skape vår eiga lykke. For meg er lykke eit stort og samansett begrep, og det å få leike meg med symaskina og prøve ut nye idéar, er ein del av det;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...