tirsdag 25. desember 2012

Til bunaden



I mai skal mine tre yngste tantebarn konfirmerast. To av dei er jenter og skal ha bunad. Til julegåve laga eg litt utstyr til oppbevaring av bunadane. Her er posar til bunadsølvet. Inni ligg det ein tett plastpose, for sølv skal oppbevarast lufttett. Engelen på Amalie sin pose liknar litt på henne. Og på Sara sin pose er to englar, for ho er tvilling;)


Eg har sydd tekst og konfirmasjonsdato på frihand med maskin.



Posen er pynta med blonder og sølvpynt.



I bandet i kvar side er det festa eit sølvhjarte.


Til sjølve bunaden har eg dekorert ein kleshengar med eit decoupagemotiv. Den andre hengaren er til skjorta, og er hekla rundt.


Den hekla kleshengaren er pynta med eit glashjarte og ein charm med "made for an angel".


I tillegg til kleshengarane og bunadsølvposen, fekk dei ein lang klespose for å henge heile bunaden i. Eg tenkte egentleg først å lage dette til konfirmasjonen, men fann ut at det var greitt dei hadde den til å samle utstyret i etter kvart som det blei ferdig. Håper dette er med å gjere det litt ekstra kjekt å finne fram bunaden til festlege anledningar i mange år framover;)

17 kommentarer:

  1. for en fantastisk gave....og så genialt!
    Heldige tantebarn :-)

    klem tone

    SvarSlett
  2. For nokre flotte gåver du har laga til taneabarna. Dissa er utrulig kjekke å få. Då er det lett å holde orden på både bunaden og tilbehøret.
    Har slikt sjølv (ikkje så flott laga som dittt,er sikkert fabrikklaga ) og det kan anbefalast til dei som ikkje har :))

    Fortsatt gode Juledagar til deg.

    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. Så kjekk og praktisk gave! Og så fint å ha alt klart FØR bunaden og alt tilbehøret kommer i hus! Fortsatt god jul!

    SvarSlett
  4. Så lekre poser og smart gave!

    SvarSlett
  5. Så fint og så praktisk! Jeg er imponert over alle detaljene. Nydelig arbeid! Så heldige konfirmanter! Dette får de glede av hele livet.

    Fortsatt god jul!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  6. En flott ide - disse var lekre :-)

    SvarSlett
  7. Heisann :) Så koselig at du la igjen en hilsen. For her hos deg kan jeg ikke huske å ha vært. Nå har jeg lagt meg til som følger for her var det mye flott å se og lese. God romjul. klemmer Merethe

    SvarSlett
  8. Og for en flott gave dine tante barn fikk til å oppbevare bunad og sølvet. kjempeflott! :)

    SvarSlett
  9. Så kjekt at du Edny også vann!
    Reine proffen du :-)

    Kjempe flotte bunadsett du har laga.
    Og veldig lurt gi det no.

    Juleklem


    SvarSlett
  10. Kjempefine sett - tenker de unge damene liker dette godt!
    Fortsatt god jul!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
  11. For nokre fantastiske gåver du har gitt til tantejentene dine.
    Dette kjem dei til å få mykje glede av i åra framover.
    Heldige jenter som har så flink tante :)

    Gode romjulsdagar vidare.

    SvarSlett
  12. For en fin gave du har laget!
    God romjul til deg,
    klem :O)

    SvarSlett
  13. Dette var en genial presang. Lekre saker.

    SvarSlett
  14. Det var mycket fina och romantiska påsar som Du har sytt, tycker jag. De är ljuvligt vackra att titta på.

    Dollandesign

    SvarSlett
  15. Nydelige poser! Flotte gaver tantebarna dine får! :)
    Så koselig at du er min nye følger! Velkommen!
    Juleklem Lisa

    SvarSlett
  16. Jag tycker om vad jag ser hos dig! Följare!

    SvarSlett
  17. Dette var utrolig fint! Så flink du er, og så gjennomtenkt dekor for dem. Kjempesøtt!
    Takk for koselig kommentar på bloggen min også :)

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...